Tradisjonen med å gå julebukk har eksistert lenge, og det gjerast av ulike årsaker i ulike land.

jul 08 030
I Mexico kler folk seg ut og går rundt på besøk frå hus til hus til minne om Maria og Josef som måtte gå fra stad til stad og ikkje fekk herberge i Betlehem.

 

Her ser vi julebukkane Krstian og Vegard utkledde som Josef og Maria utanfor Hjørundfjord kyrkje. Det var mange og harde diskusjonar om kven som skulle vere Josef og kven som skulle vere Maria, så løysinga vart å dele på å bære Jesusbarnet.

 

 

 

 

Før i tida var ein julebukk rett og slett ein bukk som vart slakta til jul for godt år. Seinare vart julebukk nytta om ein person som gjekk omkring i jula med ei bukkemaske og lodden fell på seg.

Når borna i våre dagar går rundt på besøk til folk, kler dei seg ut til det dei har lyst til, ringer på dørene og syng julesongar for dei som åpnar.
jul 08 027
Kristian og Vegard er klar til å ringe på døra til Marit og Oddvar Olsen.

jul 08 028
Etter ei fin framføring av "Eit barn er født i Betlehem" vart gutane premiert med godteri av Marit.

jul 08 034
Dei siste som fekk besøk av desse julebukkane i år var "Mosta og Farfar", Elsa og Kjell Lillebø.

 

Vil med dette takke for den fine mottakinga som gutane fekk og ynskje alle saman vidare ei riktig god  jula og eit godt nytt år.
Julebukk helsing frå Kristian og Vegard Lillebø

PS. Vi gler oss til du kjem heim pappa!!