Då deigen var klar, stod den første pulja klar. No skulle det bakast. Best var det når ein vaksen kjevla ut deigen, så kunne dei små bakarane konsentrere seg om "bakinga", dvs å trykke ut kakene.
Nokre synest det er mest moro å trykke og trykk, andre er meir systematisk. Først trykke ei kake som skal ut, så ei kake til. Gjerne i fine rekker.
Slikt arbeid krever konsentrasjon og samarbeid. "Kem he pepperkakegutten? Ej trenge han". I tillegg openheit for ulike idear; er dette ein hest eller ein julebukk?
Etterkvart blir bakebretta fulle, og deileg pepperkakelukt fyller heile barnehagen. Mange hjerte er med hol og skal bli kalender. Barna får vere med:
Glasur er laga av melis og eggekvite, og vi brukar plastpose med lite hol: "Nesten som majones."
Dette krev sin mann, ikkje minst å vente på tur. Men i dag er dei overraskande tolmodige. Alle veit at den som ventar, får prøve.
Smilefjes passer fint til gode kaker.
Til lunsj får alle ete ei pepperkake. Medan vi koser oss med den er vi kanskje heldige og får høyre ei god historie. Her blir forteljinga om den raude steinetaren. Akkurat passe skummelt når ein et gode julepepperkaker.
Og pepperkakekalenderen? Den heng fint i lysnettet i taket i barnehagen og er kjempefin!