
Mange var der for å sjå på jettegryta.
Leiinga av anlegget måtte finne ut kva dette var og kva dei vidare skulle gjere i denne saka.
En Geolog kjem sikkert for å kike på jettegryta for å registrere henne.

Anleggsleiar Harald Almeland (kvit hjelm)i diskusjon med folk frå Aurstad angående den vidare gangen i arbeidet.

Jettegryta er akkurat der forskjeringa til tunnelen skal vere så her sparer dei seg en del spreningsarbeid då is og vatn har tatt ut mykje av fjellet før i tida.

Kor djup ho er veit ingen ennå men når eg gjekk i kveld var dei komne ned til 2,50 over der veibana skal vere.
Mykje rullestein var der i jettegryta og det er vel dei som har jobba med å lage ho en gang i istida.

Det var tøft for maskinene og grave ut massa då den var som betong.

Her ser dere størrelsen på rullesteinen dei har teke opp.
I bakgrunnen ser vi dei 3 husa som desverre må vike plass for ny veg.

Eg legg inn eit bilde som vser kvar vegen skal gå.
Den skal gå rett fram her på bildet mot tunnelen der dei nå fant jettegryta.
Bildet er tatt tidligere i desember.

Jettegryta er tømt for rullestein.
Sjå kva Nrk nyheiter skriv og kva Anleggsleiaren sa om jettegryta.
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.6354418
Dei brukte bilda mine.

Folk spør meg kvar jettegryta ligg i forhold til tunellen.
Har tatt eit utklipp av reguleringsplanen og merka av jettegryta med sirkel og under skreiv eg med håndskrift (jettegryte)
Meir om tunellen og reguleringplan finn du på linken under.
http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/fv41bjorkeleira
Ny Reguleringsplan blir laga. (09.01.2009 kl. 21:28)
Gryta blir sikkert berga.
Ny reguleringsplan blir nå laga.
Men eg tårer ikkje å rope hurra før den er godkjent.
link til Nrk Distrikt TV ( i dag)
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/451103
Perry Bjørke
Ny reguleringsplan (09.01.2009 kl. 14:09)
Nrk stadfesta at det kjem ny reguleringplan der
gryta blir verna.
Då får vi håpe at den går igjennom uten for mange inspel.
Perry Bjørke
Ny plan (08.01.2009 kl. 15:50)
Vegvesenet har etter det eg har fretta nå laget ny plan som er flytta 12 meter.
Då er det vel berre godkjenning av planen og uderskriving av alle parter som står igjen.
Men her er no det fleire parter som skal inn i bildet.
Håper ikkje kolgroper kjem i vegen!
Perry Bjørke
Lin adresse til nrk sendinga (07.01.2009 kl. 22:54)
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/450167
Perry Bjørke
Synfaring (05.01.2009 kl. 15:26)
Det var vist synfaring i dag
Eg veit ikkje meir om kva utfallet blei.
Perry Bjørke
Synfaring (05.01.2009 kl. 09:05)
Eg gled meg til eg skal køyre tunnellen og sjå jettegryta for første gong.
Det har vist seg at når menneska får litt tid på seg så er dei fleste vetige.
Knut Riise
Synfaring (04.01.2009 kl. 18:39)
Det skal vist vere synfaring ved jettegryta en av dei første dagene (kaskje alt i morgon)?
Kva blir utfallet av det møtet?
Spennende!
Perry Bjørke
Tunnelen må kun flyttes10 meter (30.12.2008 kl. 09:33)
Eg var nede ved jettegryta og skritta opp kor mykje tunnellen eventuelt må flyttes for å redde gryta.
10 meter var nok.
Då er det 2-3 meter frå jettegryta til tunellen.
Det er då lett og bore eit hol for drenering av gryta.
Perry Bjørke
Folk vil sjå Jettegryta (25.12.2008 kl. 20:31)
Folk vil sjå Jettegryta
Blir sikkert valfarting til Bjørke juldagene.
Dei spør om det eine og det andre når eg treff dei ved gryta.
Kvar står saka nå spør dei.
Eg viser til kva som er skreve i aviser og på portalen men ellers veit eg lite.
At det går an å flytte tunnelen 10-15 meter skulle ikkje by på problem.
Men!!! Det som stopper dette er heilt sikkert regelverk hos dei som tegner/vegvesenet.
Dei må halde seg til kurver - sikt og mykje anna.
Legg vegvesenet tunellen etter høgre ytterlingje av veg på dagens(tegning) trasevalg så gå man forbi gryta med 2-3 meter .
Nok det og då man bore eit hol frå gryta og bort i tunnelen og man får drenering på gryta.
Tunnelen kan no svinge litt inne i fjellet og vist man ikkje klarer heile kurven ute i dagen.
Perry Bjørke
Fekk telefon tidlig i dag. (22.12.2008 kl. 09:14)
Fekk telefon frå en som var redd for at der blei bora/arbeid i dag.
Eg kunne fortelle at han ikkje skulle ha attelet for at gryta blei sprengt i dag.
Alle på anlegget har juleferie så gryta er trygg.
Perry Bjørke
Sand i Gryta (22.12.2008 kl. 07:43)
Gryta er sikkert fylt sand på grunn av at dei skal lenger oppover og bore/støype .
Der skal opp en forstøytningsmur for å sikre stolpene/lingja til Tussa.
Der stolpene står er det laust fjell.
Dei kan ikkje sprenge noko som helst på forskjeringa før dei har sikra fjellet.
Det blir sikkert mykje folk her i jula etter som mange engasjerer seg i denne saka.
Eg har fått 20 epost og telefonen ringer ofte.
Mange vil sjå Gryta!
Folk frå heile sunnmøre vil til Bjørke.
Eg får sette opp en pølsekiosk og få inn nokre kroner til kulturen.
Perry Bjørke
Gryta farlig? (21.12.2008 kl. 23:55)
Gryta har ikkje naturleg drenering slik eg har forstått det og den ville nok bli fylt med vatn over tid, spesielt med dette været, derfor er den nok blitt fylt med sand for å unngå ulukker.
Dersom gryta blir teke vare på vil en nok kunne laga til drenering enten mot tussa sitt anlegg eller til tunellen.
Arnfinn Mork
Tussa-heltane (21.12.2008 kl. 12:38)
Eg har som Knut Riise lese om Tussautbygginga i Frå Hjørundfjord og er ganske overvelda over kva kamp og innsats så å seie på turre nevane som førte til realisering av anlegget. Det er ei heltesoge.
Enok Kippersund
Utfordringar er til for å løysast. (21.12.2008 kl. 11:16)
Eg vil anbefale alle involverte å lese Odd Saure si beretning om tussautbygginga i Hjørundfjord sogelag sitt årsskrift i år.
Fantastisk, er ordet ein kan bruke om korleis dei med den tids ressursar løyste venta og uventa problem.
Dersom vegvesenet, kommuna, Tussa,og fylket ikkje greier å samordne tankane sine såpass at både tunnellinnslag og jettegryta vert ståande side om side. Då skuldast det i alle høve ikkje det enorme tekniske framskrittet som har skjedd sia 60 åra. Då er det vilje, prestisje og vit det strandar på.
Knut Riise
Feks. istidssenter ... (20.12.2008 kl. 20:38)
Her har Hjørundfjorden fått ein ny og eineståande turistatraksjon uventa opp i fanget, og så lett tilgjengeleg.
I samarbeid med, til dømes Tussa, kan dette verta grunnlaget for eit lite istidssenter, der kan det synleggjerast korleis Hjørundfjorden har vorten til.
Me veit at fjordane våre er på verdsarv lista og denne jettegryta som ligg så eineståande til kan vera gull verd.
Dette må det ikkje skuslast burt ved kortsiktig tenkjing.Og er det utan vidare lov til å øydeleggja slikt?
Naturen har her gjeve Hjørundfjorden ei storfelt julegåve,syn god folkeskikk og sei ja takk.
Mvh.Sigmund Årseth
Hjørundfjordportalen Administrator
Hvorfor? (19.12.2008 kl. 21:26)
Hvorfor i all verden er den fylt med sand?
Er der farlig ?Skal det arbeides der i jula?
Ser ikke Tussa Kraft en gang potensialet i å bevare dette naturfenomenet ?
Sølvi Britt Skylstad
Jettegryta fylt med sand (19.12.2008 kl. 20:26)
Telefonen ringer ennå.
Mange vil ta seg en juletur til Bjørke for å sjå jettegryta.
Dumt at dei har fylt ho med sand.
Til trøst åt dei som vil verne ho
så trur ikkje gryta blir røvd før jul.
Perry Bjørke
Telfonstorm (19.12.2008 kl. 09:11)
Mange-Mange! ringer og vil vete kva grendalag og kommune seier om saka.
Dei som ringer vil ta vare på jettegryta.
Eg veit så lite om ståda i saka.
Eg veit at det var eit møte og ei synfaring men svaret dei gav på møtet veit eg lite om.
Eg veit at folk har kontaktet ordfører.
Blir det en underskriftaksjon?
Perry Bjørke
Meininger. (18.12.2008 kl. 16:30)
Folk tør vel ikkje å seine meininga rett ut i saka.
Mange er forsiktige med å seie si meining
men andre er knallharde i sine meiningene.
Eg har fått skulda av mange og for å tvinge igjennom flerbrukhallen og påføre folk eigendomsskatt.
Kultur og Idrett er no ikkje det same.'
Ikkje alle veit at flerbrukshallen er en idrettshall.
Perry Bjørke
Tussa må på bana! (18.12.2008 kl. 15:55)
Portalen til Tussa kan vel brukast som påhogg? Tunnellane skal krysse kvarandre likevel. Eg kan forstå at Bjørkingane er forsiktige i uttalen av redsle for å seinke prosjektet, men kvar er kommunen. Er det slik at vi knapt har ordførar? Det må no vel vere krefter på rådhuset som kan bruke konstruktivt vit slik at ein får både tunnell og bevare dette unike naturfenomenet.
Dette er minst like viktig som Sæssfossen.
Hadde det vore noke småtteri som ein kvan hadde gjort feil ute på bygdene hadde kommunen i alle høve handla.
Knut Riise
Om gryta på Bjørke. (18.12.2008 kl. 09:36)
Baksida på dagens Sunnmørspost bringer litt av diskusjonen på nettsida igår.En leser mener at kreativitet bør ordne både vei og bevaring.-Vi lever i !980, og her bør vel Tussa på banen å sponse.Turistattraksjon blir nevnt av en som mener det bør gå an å flytte utlaupet på tunnellen.10-30000 år eller 100-300000 år?En vil ha kjempe julegrautfest,en synes det var dumt at den ikke er sprengt til småstein allerede.Engasjementet er i alle fall til stede.
Sølvi Britt Skylstad
Kryssing (18.12.2008 kl. 09:19)
Tunellene skal krysse kvarandre 100 meter inne i fjellet.
Perry Bjørke
Tunnellkryss? (18.12.2008 kl. 08:02)
Takk for flotte artiklar Perry, kjekt å få følge litt med på aktiviteten innerst i fjorden.
Eg har lurt på ein ting. Går det ikkje tunnel innover frå tussa sitt bygg rett ved tunnelinnslaget og innover til kraftstasjonen? Korleis unngår tunnelane å møtast?
Arnfinn Mork
Flytt tunnelen litt. (17.12.2008 kl. 23:18)
Flytter man tunellen 2 meter forbi hola så kan den stå.
Man kan då og bore hol frå botnen i gryta til tunellen slik at vatnet i gryta renn ut.
Perry Bjørke
Vasskraft! (17.12.2008 kl. 21:43)
Dette er no vasskraft som berre juling slik som vatnet har greve ut ei svær jettegryte rett ved Tussa si vasskraft. Synd om dette utset eller fordyrar sikringstunellen såklart, men det gjer igrunn berre attraksjonen bedre dersom tunellen no lyt ha ein sving utanom Tussagryta.
Arnfinn Mork
Ta jul, bruk vitet! (17.12.2008 kl. 18:13)
Etter å ha sett Sunnmørsposten i dag er eg ikkje i tvil.Jettegryta må ikkje øydeleggast. Det som naturen har brukt så mykje tid på å lage må nyttast til anna enn tunnelinnslag.
Eg nektar å tru at ikkje ingeniørane finn ei løysing på flytting av innslaget.
Bjørke har ikkje råd til å la dette ende opp slik som galskapen det var då den gamle kvistabrua vart sprengd! Prillarguri er berre ein fjert i forhold til denne attraksjonen!
Knut Riise
Honnør til Perry Bjørke. (17.12.2008 kl. 08:55)
Perry fortjener ros både for fotografering og
nyhetsformidling.Imponerende jettegryte, forresten.
Sølvi Britt Skylstad
Bør fredes? (15.12.2008 kl. 21:45)
Så store jettegryter er langt fra vanlig, og fylkesgeolog bør kontaktes for å få vurdert om den bør fredes eller ikke. Dette er en turistattraksjon i seg selv. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Rune Selbekk, Naturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo, email.: r.s.selbekk@nhm.uio.no
Rune Snæring Selbekk