Jarle Walseth 05
Skriftstyrar Jarle Walseth

Skriftstyret i Hjørundfjord Sogelag har no fått ferdig årsskrift nr.30. Jubileumsboka er på 320 sider og er den mest omfangsrike som har vore produsert frå skriftstyre. Boka er no til sals og kan bestillast for den som ikkje kan kjøpe den direkte ved sogelaget sin eigen dør til dør aksjonar eller ved bokhandlarane i Ørsta og Volda. På Sæbø er det Bellingen og  Sparebanken som er utsalsstadane.

Skriftstyrar gjennom mange år Jarle Walseth, kan sjå tilbake på mange kjekke år, der han har hatt kontakt med mykje skriveglade folk frå Hjørundfjorden. Mange historiske blinkskot av bilder har kome mellom to permer i årbøkene desse 30 åra.

Dei siste tre bøkene har hatt som hovudtema småindustri og andre næringar utanom jorbruket, og årets bok kan også vise til fleire fyldige artiklar om industrien. Her kan nemnast Skomakar Erling Kvistad som dreiv i 30 åra på Sæbø. Slogen Industri AS som vart stifta og starta i 1979 der Bjørn Lande var tilsett som driftsleiar. Flatnes Maskin AS har også fått industrihistoria si nedskreven av Sveinung Walseth. Firmaet starta i 1963 med velsignelse og garantiar frå Hjørundfjord kommune. Det var den tida stort behov for ein entreprenør i bygda. Ei anna industrisatsing i Hjørundfjorden var Trandal industri som starta teppefabrikk på Trandal i 1970 og seinare nedlagt i 1973. Det var Frank Storeide som var leiaren for denne verksemda.

Innhaldsregistert skan 08
Innhaldsregisteret

I år kan vi også lese ein interessant artikkel om Tysklandsbrigaden der over femti frå Hjørundfjorden var med i tidsromet 1947-1953. Her vil nok mange yngre kunne finne oppsiktsvekkande opplysningar om sin bestefedre, som deltok i denne historiske dugnaden.

Sæbø IL som rundar 75 år i år får ein god del stoff om dei siste 25 åra av si historie. Boka vert nok rekna som ei jubileumsbok for idrettslaget med snart femti sider med fyldig stoff . Her er det Rune Sæbønes, Kjell-Johan Årseth og Mari-Anne Bjørdal som har skreve dette attesynet om det sentrale laget for ungdom og ellers folket i Hjørundfjorden.

Eit industrieventyr på Bjørke som starta for femti år sidan gav liv og røre i Bjørkebygda og kjærkomne arbeidsplassar. Men det er ikkje berre eit glansbilde som vert framstilt om denne utbygginga, her vert det fortalt om dei mange arbeidsulukkene som kravde menneskeliv også. Eit krav til utbygginga var at administrasjonen skulle være i Hjørundfjorden og Sveinung Berge vart tilsett som driftsleiar i 1958. Sveinung Berge fortel om etableringa av administrasjonen på Sæbø og prøver å gje forklaring på kvifor all administrasjon er flytta frå Hjørundfjorden.

Frå tussautbygginga

Ein rikhaldig artikkel om Tussautbygginga, her med bilde frå trallebana.

I Hjørundfjorden har det vore ras oppgjennom historia og i år var det 100 års jubileum for raset på Lygnstøylen og 40 år for snøraset på Rise. Begge desse to rasa har fått sin eigen plass i boka.

Ein annan oppsiktvekkjande artikkel som provar at Hjørungavågslaget stod i Norangsfjorden. Her er det John Strandabø som har forska i gamle kjelder.

Urkekarane Per og Torbjørn er også med denne gongen som i tidlegar bøker, og Per fortel om Rasmus Skylstad som arbeidde seg opp frå små kår til ei sentral stilling i utanrikstjenesta. Torbjørn har ein botanisk godbit. Ein annan fast kjenning frå tidlegare bøker er Arnfinn Standal som tek oss med på sætra på Store Standal og Gunnar Ellingsen skriv om året 1908 i Hjørundfjorden. Rune Sæbønes skriv i år som tidlegare årsrevy med kilde i Møre Nytt.

Denne boka på 320 sider kan verte ein bestseljar til jula 2008 og den er å kjøpe for 200 kroner ved Bellingen og  Sparebank1 på Sæbø.

Redaktøren av årsskiftet, Jarle Walseth, seier til hjorundfjord.no at han gjerne tek på seg oppgåva med å sende årsskriftet land og strand rundt.Ta kontakt og ting boka på e-post:  jarle.walseth@tussa.com  Eller telefon 70040131.


Prisen er Kr. 200,- og kr. 265,- inkl. frakt om du vil ha årsskriftet tilsendt.