Tur gjennom Nordangsfj. og Nordangsd. des 010.

Om sommaren er Stenes det finaste eksempel på norsk kulturlandskap eg veit om.

Om vinteren er det endå meir dramatisk der det ligg under Stollberghornet. Det var tydeleg då eg kom på heimveg at det var lys berre i det eine tunet. La oss håpe at det ikkje sloknar i det andre også.

Tur gjennom Nordangsfj. og Nordangsd. des 014

Fonnvernet har i alle høve virka slik det skal.

Tur gjennom Nordangsfj. og Nordangsd. des 017

Konedalen har spandert mykje mold og stein utover bøane . Eit skikkeleg vassglop er ingen spøk.  Og Konehornet passar på at Nordang får skugge på seg sjølv  midtsommars.( Bra for middagsluren i slåtten.)

Tur gjennom Nordangsfj. og Nordangsd. des 020

Ved Nova ser eg meg attende og konstaterer at brøytekantane er større enn naturleg.Fonn her også. Slogen i bakgrunnen.

Tur gjennom Nordangsfj. og Nordangsd. des 022

Stavbergsetra er plassert for å overleve mellom alle fonnene.

Tur gjennom Nordangsfj. og Nordangsd. des 023

Endå står skivestativa frå jaktprøva i haust. Men det spørst kor lenge. Norangdal skyttarlag har dispensasjon frå kravet om overbygd standplass for å arrangere jaktprøva. Det skulle berre mangle.

Tur gjennom Nordangsfj. og Nordangsd. des 025

Etter å ha passert Urasetra kjem eg til ein fint brøyta turistparkeringsplass. Men i dag fekk eg stå her åleine.

 

002

Eg kan ikkje anna enn vise kontrasten mellom årstidene. Dette biletet er frå juli i sommar. Gjev vi går mot ein like fin sommar i 2009. Takk for fylgjet.