I dag, torsdag den 18. desember, vart budsjettet til Ørsta kommune for 2009 vedteke.  Dette vart sett på som eit avgjerande møte både for dei planlagde gymnastikksalane på Vartdal og Sæbø og ikkje minst den planlagde fleirbrukshallen i Ørsta.  Etter ein lang debatt, gruppemøter i dei ulike partia og endeleg vedtak, vart det bestemt å løyve tilsaman 16 millionar til nye gymsalar på Sæbø og Vartdal. Det vart også bestemt at resten av kostnadane med nye gymsalar skal verte dekt gjennom dei rente- og avdragsfrie låna.

IMGP8736 kopi

Steinar Nordang(Sp), leiaren for Utviklingsutvalet, kjempa hardt for nye gymsalar på Vartdal og Sæbø.

Dei fleste partia var samde om mange gode tiltak, men hovudspørsmålet var i dag korleis skulle desse tiltaka finansierast - og ikkje minst; korleis hindre at m.a. sjukeheimsplassar måtte nedleggjast.  Den økonomiske situasjonen i Ørsta kommune er som kjendt ikkje god.

Eigedomsskatt vart eit sentralt spørsmål.  Sosialistisk venstreparti og Arbeiderpartiet med Petter Bjørdal i spissen ville inføre eigedomsskatt.  Frp og Høgre var dei to partia som kjempa kraftigast imot.  Kristeleg folkeparti ville også ha eigedomsskatt, men Senterpartiet sa nei.  Det heile enda med at Ørsta kommunestyre sa nei til eigedomsskatt.

Når det gjeld spørsmålet om nye gymsalar på Sæbø og Vartdal, hadde Formannskapet i eit tidlegare møte kome med framlegg om å løyve åtte millionar kroner til kvar av dei to nemnde salane.  Dette sa også Ørsta kommunestyre no  ja til.

IMGP8743 kopi

Varaordførar Paul Kristian Hovden(Krf) brukte mykje tid og krefter på å få redusert beløpet til nye gymnastikksalar på Sæbø og Vartdal.

Likevel var det svært mange som spesielt la merke til Krf v/varaordførar Paul Kristian Hovden sin kamp for å redusere beløpet til nye gymsalar på Vartdal og Sæbø med fire millionar kroner.  Desse pengane ville han/Krf i staden bruke på den planlagde fleirbrukshallen i Ørsta.  På slutten av kommunestyremøtet ville han også bruke av desse gymsalpengane til kjøp av tomt til fleirbrukshallen.  Likevel kan Hjørundfjordingane og Vartdalingane no puste letta ut - det vert nye gymsalar på dei to stadane.  Spørsmålet framover vert nok no kor store skal desse gymsalane byggast.

IMGP8738 kopi

Hans Olav Myklebust og Frp ville ha nye gymsalar på Sæbø og Vartdal og ny fleirbrukshall i Ørsta, men dei ville ikkje ha eigedomsskatt.  Ei omfattande kuttliste vart likevel lagt fram på budsjettforslaget til partiet.

Når det gjeld den planlagde fleirbrukshallen i Ørsta, vedtok Ørsta kommunestyre å bruke mange millionar også her.   Kommunen vil garantere for 18 millionar kroner i lån til hallen i den komande  økonomiperioda i tillegg til m.a. å bruke fondspengar i 2010.

IMGP8737 kopi

Mange spente tilhøyrarar var tilstades i kommunestyresalen på torsdag. Nærast ser vi kommunestyrerepresentant Sven Castberg(H).  Han ville m.a. legge ned sjukeheimsavdelinga på Hjørundfjordheimen for å få budsjettet i balanse.