Utdeling av åretsbondaling08

Eve Holen deler ut prisen
"Årets Bondaling"  til
Mari-Anne Bjørdal

På tredjedags julefesten  27.12.08 var eit av programmets høgdepunkt, utdelinga av  "Årets bondaling" som har vorte ein fast tradisjon frå BFUL. P.g.av sjukdom var det leiar for festnemnda som stod for den høgtidelege delen av festprogrammet.

Eve Holen las opp innstillinga frå styret i BFUL:

Kjære bygdefolk.

Årets Bondaling skal igjen kårast og i år var det eit enkelt val.

Vedkomande som i år får prisen har ein enorm innsatsvilje og viser stor innsats for Sæbø IL. Nokre av dei som har stemt på ho har sagt fylgjande:

Kva hadde Sæbø IL vore utan henne?

Ho er sikkert den viktigaste personen i laget. Ho har hatt fleire ulike verv i styre og stell i idrettslaget, men det er det praktiske ho gjer som er viktigast.

Kva hadde handballen og fotballen vore utan henne?

Ho køyrer milevis med privabil og idrettsbussen med våre håpefulle, ho er med å arrangere kampar, ho ordnar med alt mogleg når det gjeld Norway-cup, ja, ho gjer det meste.

Ho har i årevis lagt ned mykje arbeid for både fotball og handball. Både her lokalt og sentralt er ho ein viktig organisator, ho er viktig både på krets, kommunalt og på lokalt(Sæbø)nivå.

Ho er leiar for handballgruppa, oppmann for fotball, stiller alltid som sjåfør, medhjelpar og fiksar gode avtalar med sponsorar.

Det er på tide at ho får ei utmerking, ho er ei som jobbar i det stille så det er ikkje mange som veit alt ho bidreg med.

Mari-Anne årets bondaling08

Årets Bondaling 2008. Mari-Anne Bjørdal. Ein prisvinnar som jobbar i det stille, skriv BFUL.