Adventstida har starta, dvs. at snart er det råd å få kjøpt fersk bakst på Strands bakeri på Sæbø.  Førstkomande torsdag, torsdag den 4.12.08 klokka 10.00, opnar Nutte (Kanutte Strand) dørene til bakeriet/butikken/kafeen  like ved ferjekaia. 

I tillegg til dei gode, velkjende brøda  steikte i steinomn, vert julebrød, julekaker av alle slag og ikkje minst kransekaker å få kjøpt.  Sjølvsagt kan ein også handle skulebollar, wienerbrød og mykje anna godt som bakar Dagfinn (Daffa) Strand lagar.

IMGP6898 kopi

Frå og med torsdag den 4.desember og fram til jul kan alle gjere som Oddvar Olsen(t.h.), nemleg handle bakarvarer med Nutte på Strands bakeri.

På kvardagane vert opningstida frå klokka 1000 til 1630, på laurdagar frå klokka 10.00 til 14.00. Siste opningsdag i julesesongen, vert den 23.12.08, vesle julaftan.  Som vanleg - ved større handel kan det vere klokt å ta kontakt med bakeriet på førehand. Nutte og Daffa ynskjer alle velkomne til ein god og triveleg handel.