65 nye oppdrettsløyve er i denne konsesjons-runda gjeve av regjeringa. 5 til Møre og Romsdal. Eg frykta fleire.......
Fiskeriministar Helga Pedersen sine "robotaktige" argument for fleire oppdrettskonsesjonar er som å skru på ein brytar. Snakk om å vere i utakt med realitetar!
Skjønar ikkje fiskeriministaren no at nok er nok! Oppdrettsnæringa som i utgongspunktet skulle skape arbeidsplassar, tilhøyrigheit og lokal eigarskap har spela "falitt!"
På Kypros sit milliardær Fredriksen med ein aksjepost på nær 60% av eigarinteressene i norsk oppdrett og smilar i skjegget. Ikkje ei krone til den norske stat betalar han i skatt!
Dette er det økonomiske. Kva så med miljø, øydelegging av villaksstammer m.m.
Eg ser at innvilga konsesjonar i større og større grad vert sentrert frå Stadt og nordover. Sjølvsagt avdi temperaturstigning i sjøen langsamt krev kaldare omgjevnadar om oppdrett av laks og torsk skal trivast.
Neste generasjon vil oppleve, grunna klimatiske tilhøve, at oppdrettsnæringa av laks og torsk er berre i dei 3 nordlegaste fylka.
Men i "kjølevatnet" ligg på våre kantar ei utradert villaksstamme og ein maritim natur på mange område nær "Lite de Parade...."
Villaksstamma veks med eksplosiv fart i område der det ikkje er lakseoppdrett. Sammanfallande med det minkar og destruerast ho i område med etablert og auka laksoppdrett.
Så kan ein undrast.........
Where have all the wild-salmons gone,
killed by "aqua culture" everyone.....
When will we ever learn ,
when will we ever learn........?