Ofte har mange opplevd at når ein skal forklare kvar ein kjem frå og seier ein er frå Sæbø, så kjem kommentaren: "Å det er der han hyggjelege mannen på kaia med skjegg er det!"
Thomas Hustad som er fast å finne på kaia vert ofte rekna som ein identitet for Sæbø, -noko som folk hugsar og ein forbinder med Sæbø. Vi har fått inn bilete og tekst frå ein utflytta for å minne oss på for ein miljøskapar vi har her. Hjørundfjordportalen tek i mot slike små artiklar og deler gjerne ut blomar til personar rundt oss som er med å skape eit betre miljø for oss andre..

Sigmund skriv:

I eit tidlegar referat frå miljøet på Sæbø-kaia vert det nemdt namn og " tittelar " på kjende personar i  dette fine miljøet, men den viktigaste miljøskaparen har  ofte berre kome med som ein figur i utkanten og litt anonym.

 

Thomas Hustad

Her ser de mannen i fulle pontifikalier og med den vyrde som tittelen " hamnesjefen ", tilseier.  I det daglege stiller han mest i arbeidsuniform

 

bthomas2
Og her ser de mannen  i sivilt ..
 
Dette flotte og særprega miljøet rundt Sæbøkaia har større verdi for maknadsføringa av staden enn kanskje dei fleste er klar over.
 
Eg vil tru at for folk som kunne ha tankar om å flytte hit til landet, nederlendarar og andre, som flyttar i hopetal til mange bygder, ville oppfatte Hjørundfjorden som ein venleg og atraktiv stad å flytte til, etter å ha oppleved dette inkluderande og generøse miljøet.
 
For turistar som kanskje ventar på ei ferge, er dette miljøet ei oppleving å take med seg, og det har nok vore take mange rullar med film av  denne hovudpersonen, som alltid har drive med interessante ting i og rundt kaihuset. Alltid på privat basis, utan kulturmiddel og reiselivs støtte.
Eg trur at etter kvart er vel dei fleste klar over det, at denne miljøskaparen på Sæbø er meir enn gull verdt, hermed " salutt" for sjefen.
 
Sigmund