Ofte har mange opplevd at når ein skal forklare kvar ein kjem frå og seier ein er frå Sæbø, så kjem kommentaren: "Å det er der han hyggjelege mannen på kaia med skjegg er det!"
Thomas Hustad som er fast å finne på kaia vert ofte rekna som ein identitet for Sæbø, -noko som folk hugsar og ein forbinder med Sæbø. Vi har fått inn bilete og tekst frå ein utflytta for å minne oss på for ein miljøskapar vi har her. Hjørundfjordportalen tek i mot slike små artiklar og deler gjerne ut blomar til personar rundt oss som er med å skape eit betre miljø for oss andre..
Sigmund skriv:
I eit tidlegar referat frå miljøet på Sæbø-kaia vert det nemdt namn og " tittelar " på kjende personar i dette fine miljøet, men den viktigaste miljøskaparen har ofte berre kome med som ein figur i utkanten og litt anonym.
Her ser de mannen i fulle pontifikalier og med den vyrde som tittelen " hamnesjefen ", tilseier. I det daglege stiller han mest i arbeidsuniform
Og her ser de mannen i sivilt ..
Dette flotte og særprega miljøet rundt Sæbøkaia har større verdi for maknadsføringa av staden enn kanskje dei fleste er klar over.
Eg vil tru at for folk som kunne ha tankar om å flytte hit til landet, nederlendarar og andre, som flyttar i hopetal til mange bygder, ville oppfatte Hjørundfjorden som ein venleg og atraktiv stad å flytte til, etter å ha oppleved dette inkluderande og generøse miljøet.
For turistar som kanskje ventar på ei ferge, er dette miljøet ei oppleving å take med seg, og det har nok vore take mange rullar med film av denne hovudpersonen, som alltid har drive med interessante ting i og rundt kaihuset. Alltid på privat basis, utan kulturmiddel og reiselivs støtte.
Eg trur at etter kvart er vel dei fleste klar over det, at denne miljøskaparen på Sæbø er meir enn gull verdt, hermed " salutt" for sjefen.
Sigmund
Kommentarar
Ein stad der ein kjenner seg velkomen. Både fastbuande og turistar.
Tomas gjev ofte ei hjelpande hand til mange. Praktisk anlagd som han er.
No er han mest oppteken med vedhogst og kløyving. Sekkar med fin bjørkaved går unna som varmt kveitebrød!
"Preparering" av fisk er ein av spesialitetane hans. Uansett slag.
Vere seg filetering, salting, røyking m.m.
Tomas kan det!
Andre, meir teoretiske......, freistar fylle ut eit heilheitsbilete som tilsaman skaper grunnlag for eit miljø der skjemt og alvor løyser av kvarandre.
Kor mykje fatigare hadde ikkje Sæbø sentrum vore om ikkje Dampskipskaia i tillegg til også Bellingen hadde vore tilgjengeleg. Vi treng frå tid til anna å verte mint om dette.
Underleg er det å tenkje på at ein sit og mimrar på same staden der ein som "gutfante" sat andaktig og høyrde på nett skjemt og alvor frå Alfred,Mattias R.,Rønning, Nils, Jon S.,Olav L, m. fleire.
På eit kontor på om lag 5-6 kvadratmeter der sigarett og piperøyken var så tett at ein knapt såg einannan!
Dette som eit apropos.
Takk til Tomas for at han held i hevd Dampskipslokala og med det tradisjon. Der vi alle som stikk innom kjenner oss velkomne!
Det blei en god røyk og prat på kontoret til Tomas.
Nokre sloger blei det så klart.
Tomas fekk og frette litt nytt frå anlegget på Leira/Åkre
Nokre anleggshistorer hadde og Tomas på lager.
I dag skal det dukke opp ein ny artikkel, der nettopp Thomas Hustad vert omtala som personen som har vore krumtappen for å få utført arbeidet med kvernhusa på Urke.
Så vil eg håpe han også har kapasitet til å få bygt ei flott informasjonsbu på Urke og ei informasjonstavle på Leknes - utført som grindbygg.
Han er en av våre store kulturberera og en som har tatt vare på gamle handverkstradisjoner
Mange kulturbygg hadde ikkje stått slik dei gjer i dag uten denne tømmermannen.
Gi ha kulturprisen neste år!