Det er om lag 65 år sidan dei var brukte sist. Det var ikkje lov å dyrke og male korn til eige bruk i krigen 1940-45. Under krigen vart kvernene gjort ubrukelege ved at siglet - stålet som knytte kal-akslingen til oversteinen - vart teke av og forsegla til kvernhusveggen.  Siglet kunne ikkje takast i bruk før det vart gjeve løyve til å male korn som då sjølvsagt skulle leverast til dei tyske styrkane. Oddbjørg Tvergrov nemner at kontrollørar samla inn siglet på kvernene for i sette kvernene ut av drift (Hj.Sogelag. Årbok 2006, s.113)

 

Men var ein villig til å ta sjansen, var det nok ein og annan bygdesmed som fiksa ein kopi slik at kverna kunne brukast i løynd. Gamlekarane sine kunnskapar var gode å ha når det heimavla kornet skulle gjerast om til mjøl.  

I dei første åra etter krigen var det rasjonering av mjøl, og det var eit godt tilskot å ha noko heimeavla korn.

 

 

Kvernhuset Iver 003

Her er dei siste mosegrodde restane av eit kvernhus like ved det restaurerte Iver-kvernhuset. I høgre del av biletet kan vi sjå dei to kvernsteinane som ligg att på toppen av murane. Alt treverk er borte.

 

 

Kvernvatn var viktig

I Urkebygda var det om lag 10 kvernhus før. Dei som var brukande framover til og med siste krigen, var bygde i tiåra før og etter år 1900, men i gardssogene ser vi at alle gardane var medeigarar i  kvern langt tidlegare. Kvernhusa fekk vatnet sitt frå Urke-elva eller mindre sideelver og grøver. Leknes hadde kvernhus ved Kåselva, som kjem frå Leknesdalen og renn ut i fjorden utanfor garden.

 

Urke Helga 08 010

Det eine av dei to kvernhusa står ved brua.  Kvernkal manglar her, men kvernsteinane og teina er i god stand.

Maude og Stenes mangla elv, men dei bytte til seg kvernvassrett på Indre Urke. Deira kvernhus sto ved Urke-elvosen, lette å nå med robåten. Til motyting fekk gardane på Indre Urke utmarksteigar av Maude der dei tok ved og hausta neter, medan Stenes ytte rett til å hente hasselteinar til tynneband i stranda frå Stålbergneset og innover mot Viddal.

Urke Helga 08 017

Den nye tid har teke over. Det nye kraftverket ligg eit par ti-meter frå Iver-kvernhuset som ligg i skogholtet t.v.

Dei to siste kvernhusa

På 1800-talet var det om lag 35.000 kvernhus her i landet. I dag reknar vi med at det er mindre enn 500 att.

I dag er det to kvernhus igjen på Urke. Det eine er lett synleg ved brua og tilhøyrer Hans- og Ramogarden. Det er lagt nytt torvtak og skifta ut ein del veggplankar av lafta tømmer. Innvendig er kvernsteinane og teina på plass, sameleis mjølkista. Kvernkalen manglar.

Det andre kvernhuset kallar fram tankar om at det er mest som eit paradoks: Det moderne, nye kraftverket på Urke er næraste nabo, nesten vegg i vegg, med det restaurerte kvernhuset til Iver- og Jensgarden. Vatnet til kraftverket går i rør ganske nøyaktig der kvernvatnet rann til fleire av kvernhusa på Indre Urke. Vasskrafta var nyttig før og er nyttig i dag, sjøl om utnyttingsforma har skifta. 

Kvernhuset Iver 022

Iver-kvernhuset står i skogen mellom elva og det nye Urke kraftverk. Helge L. Urke og sonen, Lars Nikolay, viser fram klenodiet.

 

 

Kvernhuset Iver 004

Kvernkalen kviler på grunnpiken i grunnmusa som er festa til grunntreet, stokken på tvers. Ved å justere høgda på grunntreet, løfter ein opp øvste steinen og med det regulerer finleiken på mjølet. Vatnet kom inn i ei renne i bakkant av biletet.

 

Iver-kvernhuset

Helge L. Urke, som no er gardbrukar i Iver-garden, bestemte seg på 1990-talet for at dette kvernhuset skulle stellast i stand og han tok størstedelen av kostnaden ved å kjøpe kvernkal frå Nordfjord og leige Thomas Hustad til å skifte ut dårleg tømmer, få på plass nytt tak og montere nytt og tidlegare brukt utstyr. Dette kvernhuset har det som høyrer med og kunne brukast i dag dersom ein hadde tilførsel av vatn.

Thomas Hustad 3

 

Thomas Hustad frå Hustad har utført mykje av arbeidet med å sette i stand gamle og falleferdige kvernhus og sel, m.a. Haukåssætra. 

 

Det var ”kunst” å male

Det er sett inn nytt grunntre som er bolta til grunnsteinen. Kalpiken, i underkant av kalakslingen, kviler og roterar i grunnmusa som festa i oversida av grunntreet. Lettetreet kan justerast opp eller ned og med det løftar eller senkar ein oversteinen som er festa til akslingen frå kvernkalen med siglet. Det er meisla ut spor på underkant av steinen. Det kallast siglehaldet.

 

Kvernhuset Iver 010

 

Med denne skruar ein opp lettetreet og øvste steinen hevar seg.

 

 

Eit heller ”frodig” språkbruk på desse kverndelane måtte sjølvsagt ende opp i ei ”på-kanten”-historie, sann eller usann: ”Nei kar, ho va betre gamlemusa!”, sa godfaren, då det måtte skiftast til ny grunnmus på grunntreet.

 

Kvernhuset Iver 018

Kornet vart fylt i teina (øvst) og dryssa i passeleg mengde ned i holet i øvste steinen og vart male til mjøl mellom steinane.  Det la seg innanfor kringen og så vart det kosta ned i mjølkista som skulle stå nærast i framkant.   

 

Kvernasegl

Her er eit bilete av siglet. Opninga i midten er for akslingen i kalen. "Vengene" vart felt opp i undersida av oversteinen (siglehaldet). Denne delen sytte for at oversteinen gjekk rundt. Det var denne delen krigsmakta forsegla til kvernhusveggen eller samla inn for å stanse eigenproduksjon av mjøl. (Foto: Ivar Svein Mo)

 

Gamlekarane måtte kunne kunsten når dei skulle male kornet: Først justerte ein opp oversteinen ved å heve grunntreet. Då kunne oversteinen gå fritt rundt – utan å kvile på understeinen. Då først kunne ein opne for vatnet som rann ned gjennom vassrenna som var skråstilt mot kvernkalen. Fallhøgda på vatnet var drivkrafta som fekk kverna til å gå rundt.

Kvernhuset Iver 013

 

Iver-kvernhuset er ca. 100 år: ”1909 bygget” står det på veggen. Teina er merka med bokstavane I.L.U (Ivar Larsson Urke f.1899) og årstalet  1908. Han var Helge sin bestefar og bygde teina som 19-åring.

 

Så skulle ein senke oversteinen så pass mykje at han tok ned i understeinen og då var det klart til å opne for kornet som var fylt på i teina. Kornet dryssa fint ned i opninga i oversteinen og det vart male mellom den roterande oversteinen og den stilleliggande understeinen.

 

Dersom oversteinen var for høg, vart mjølet grovt og måtte malast ein gong til. Det galt å sjå når mjølet var passeleg, så gjekk det av seg sjølv. Ein måtte koste ned i mjølkista det mjølet som la seg mellom kringen og understeinen.

Steinmale

Dersom oversteinen var for låg, risikerte ein at mjølet klaka seg mellom steinane og dermed måtte ein gjere reint. Enklast var det då å steinmale, dvs. at ein dryssa sand og småstein ned i holet og fekk renska opp. I verste fall måtte oversteinen takast av og ein måtte hakke laust det klaka mjølet med meisel.

Kvernhus skisse Ivar Eidheim

Skissa er teikna av Ivar Eidheim og han har fått med dei fleste namna på dei ulike delane på ei kvern. Legg merke til utstyret til å løfte opp øvste steinen og med det avgjere kor fint mjølet skal bli. (Kjelde: Stordal historielag)

 

Dette er ein del av historia om kvernhusa på Urke. Sju-åtte er borte for alltid, medan dei to som står att, skal vere til glede for dei som har interesse av å finne ut noko om det som var kvardagen ”i gamle dagar”.