Medan det bles «rennefokk» i Volda, sterke vindkast og snø også i Ørsta med innstilte fly på Ørsta/Volda flyplass Hovden, dala snøen rett ned i Skjåstaddalen og på Bjørke. Det var allereie kome mykje snø, men natt til laurdag var det ekstreme mengder som kom ned. Fleire stader var det målt mellom 110 og 120 cm snø laurdag morgon, og resultatet av dei enorme snømengdene er som oftast stengde vegar.

På Skjåstadeidet mellom Bueide og Skjåstad hadde eit ras, i halv to tida natt til laurdag, gått over vegen noko som gjorde han uframkomeleg for både innbyggjarar og brøytemannskap. Det blei nemnt at brøytemannskapet hadde kjempa mot snømassene då dei hadde vorte innesperra mellom to ras på strekninga, og at dei måtte slepast ut med ein hjelpande traktor.

Utover formiddagen var det nok fleire som lurte på kva som gjorde at vegen, som vanlegvis er svært godt brøytt, var att snødd, der det låg omlag ein halv meter nysnø. Vidare utover dagen var det framleis mange som stussa på kvifor vegen, som såg ut som den var vinterstengd med snø langt opp på brøytestikkene, ikkje var brøytt og kvifor ikkje posten var komen. Det var lite informasjon å få, og på Internet og tekst-tv var det ikkje så mykje som eit ord å finne om vegstrekninga og situasjonen.

Ikkje mykje so minte

Fylkesveg 41 var ikkje til å kjenne igjen laurdag. Dei enorme snømengdene gjorde slik at også hjorten måtte snu i forsøket på å krysse vegen(t.v).

Så seint som klokka 15.00 laurdag ettermiddag blei det ringt til vaktsentralen i Trondheim for å høyre kva som var skjedd. Der var dei var svært dårleg orienterte om saka og visste ikkje at vegen var stengd i det heile. Etter kvart blei saka oppklart og dei skylda på sentralen for Søre Sunnmøre som hadde sagt at det var snøbyge i området og hadde difor ikkje sendt nokon til å opne vegen, som hadde vorte teke av ras. Mogleg fordi dei trudde at det framleis var rasfare?

New panorama 2

Det var Skitnefonna på Skjåstadeidet som hadde teke med seg mjellsnø nedover fjellsida.

Situasjonen var slett ikkje slik. Klokka 03.00 same natt, slutta det endeleg å snø og det var ein kald og flott morgon som møtte bygda sine innbyggjarar, med sol og blå himmel utan så mykje som ei einaste snøbyge. Difor bør ein få kunne rette kritikk til vegvesenet for dårleg handtering og informering om situasjonen. Ikkje før klokka 16.00 på ettermiddagen laurdag, blei det meldt om at ein hjullastar var på veg for å få rydda raset, som gjekk i 400-450 meters breidde.

Dab

Nokre lokale var på inspeksjon ved mjellsnøfonna, som gjorde Skjåstaddalen og Bjørke isolert laurdag.

Status no et at opprydningsarbeid er pågang og at så fort raset er rydda, kjem ansvarleg for brøyting på denne strekninga, Norleif Høydal og brøytar vegen vidare til Viddal.Vegen vil difor truleg vere køyrbar utover kvelden.

Vi får håpe mjølka ikkje blei for varm. då mjølkebilen som måtte stå å vente på at vegen skulle opne, i 15 timar etter at raset gjekk. I denne situasjonen kan ein ikkje klandre brøytemannskapet, men heller handteringa lenger oppe i systemet som burde ha informert og kanskje sendt inn hjulastar og opprydningsutstyr tidlegare enn det som blei gjort.

Til ettertanke kan ein no spør seg om prioriteringane til kommuna og vegvesenet, om brøytinga deira. Det var ikkje berre på bygdene det blei kaotisk fredag og laurdag, men også i Ørsta og Volda sentrum er det svært dårleg brøyta og det bør vel kunne gå an å sette inn ekstra brøytemannskap og ressursar denne eine dagen det snøa som verst?