Medan det bles «rennefokk» i Volda, sterke vindkast og snø også i Ørsta med innstilte fly på Ørsta/Volda flyplass Hovden, dala snøen rett ned i Skjåstaddalen og på Bjørke. Det var allereie kome mykje snø, men natt til laurdag var det ekstreme mengder som kom ned. Fleire stader var det målt mellom 110 og 120 cm snø laurdag morgon, og resultatet av dei enorme snømengdene er som oftast stengde vegar.
På Skjåstadeidet mellom Bueide og Skjåstad hadde eit ras, i halv to tida natt til laurdag, gått over vegen noko som gjorde han uframkomeleg for både innbyggjarar og brøytemannskap. Det blei nemnt at brøytemannskapet hadde kjempa mot snømassene då dei hadde vorte innesperra mellom to ras på strekninga, og at dei måtte slepast ut med ein hjelpande traktor.
Utover formiddagen var det nok fleire som lurte på kva som gjorde at vegen, som vanlegvis er svært godt brøytt, var att snødd, der det låg omlag ein halv meter nysnø. Vidare utover dagen var det framleis mange som stussa på kvifor vegen, som såg ut som den var vinterstengd med snø langt opp på brøytestikkene, ikkje var brøytt og kvifor ikkje posten var komen. Det var lite informasjon å få, og på Internet og tekst-tv var det ikkje så mykje som eit ord å finne om vegstrekninga og situasjonen.
Fylkesveg 41 var ikkje til å kjenne igjen laurdag. Dei enorme snømengdene gjorde slik at også hjorten måtte snu i forsøket på å krysse vegen(t.v).
Så seint som klokka 15.00 laurdag ettermiddag blei det ringt til vaktsentralen i Trondheim for å høyre kva som var skjedd. Der var dei var svært dårleg orienterte om saka og visste ikkje at vegen var stengd i det heile. Etter kvart blei saka oppklart og dei skylda på sentralen for Søre Sunnmøre som hadde sagt at det var snøbyge i området og hadde difor ikkje sendt nokon til å opne vegen, som hadde vorte teke av ras. Mogleg fordi dei trudde at det framleis var rasfare?
Det var Skitnefonna på Skjåstadeidet som hadde teke med seg mjellsnø nedover fjellsida.
Situasjonen var slett ikkje slik. Klokka 03.00 same natt, slutta det endeleg å snø og det var ein kald og flott morgon som møtte bygda sine innbyggjarar, med sol og blå himmel utan så mykje som ei einaste snøbyge. Difor bør ein få kunne rette kritikk til vegvesenet for dårleg handtering og informering om situasjonen. Ikkje før klokka 16.00 på ettermiddagen laurdag, blei det meldt om at ein hjullastar var på veg for å få rydda raset, som gjekk i 400-450 meters breidde.
Nokre lokale var på inspeksjon ved mjellsnøfonna, som gjorde Skjåstaddalen og Bjørke isolert laurdag.
Status no et at opprydningsarbeid er pågang og at så fort raset er rydda, kjem ansvarleg for brøyting på denne strekninga, Norleif Høydal og brøytar vegen vidare til Viddal.Vegen vil difor truleg vere køyrbar utover kvelden.
Vi får håpe mjølka ikkje blei for varm. då mjølkebilen som måtte stå å vente på at vegen skulle opne, i 15 timar etter at raset gjekk. I denne situasjonen kan ein ikkje klandre brøytemannskapet, men heller handteringa lenger oppe i systemet som burde ha informert og kanskje sendt inn hjulastar og opprydningsutstyr tidlegare enn det som blei gjort.
Til ettertanke kan ein no spør seg om prioriteringane til kommuna og vegvesenet, om brøytinga deira. Det var ikkje berre på bygdene det blei kaotisk fredag og laurdag, men også i Ørsta og Volda sentrum er det svært dårleg brøyta og det bør vel kunne gå an å sette inn ekstra brøytemannskap og ressursar denne eine dagen det snøa som verst?
Kommentarar
Vil "tilbakespeling" av kommunikasjonen i dette tilfellet vise ein tilfredsstillande sørvis/situasjon?
Elles takk for ein reportasje av vanleg god Håvard-kvalitet!
NRK Sogn og fjordane køyrde denne meldinga : «Fylkesveg 644 Heggjadalen i Eid er stengt på grunn av store snømengder, melder NRK Sogn og Fjordane. Der regner man med å åpne vegen igjen i løpet av formiddagen.» Kjelde: smp.no
Kan vi ikkje forvente det same av vegvesenet i vårt fylke? Svaret vi fekk hjå vegmeldingssentralen tlf. 175 var at ansvarleg for brøytinga på Sunnmøre opplyste at det var stort snøfall i dag ettermiddag, difor vart ikkje vegen opna. Det kan verke som dei baserar seg på veirmeldingar og ikkje på det som er ein realitet.
Vi syenst det er mykje men når eg ser bilder Olga har frå Island der barna leiker på ski 2 meter over biltaka.(parkerte biler var heilt vekk i snø)
blir det smått med 1 meter.
Ho har og bilder der berre loftglasa viser.
Over 3 meter med snø her hadde våre mykje.
Glad er eg når det held seg under 1,5 meter.
Snøen som kom på fredag/laurdag var spesielt tung og tett og dette medførte nok vanskar for brøytepersonell og materiell. eg vurderte å klage på dårlig brøyting i Volda der eg bur, men når eg såg at mange stader i Volda ikkje var brøyta i det heile, lot eg det såklart ligge. Regnar med dei må ha køyrd i stykker enten materiell eller personell.
Det var ikkje rydda i gater og kryss.
Ved trykkeriet i Volda var det sikkert 20 cm snø som hadde begynt å bli oppkøyrt og det same ved Volda bil.
Opp mot Elkjøp i Hovdbygda var der også 20 cm med snø.
I Volda sentrum hadde dei lagt opp en stor donge med snø ved skiltet med en rullstol på.
Den som brøytte hadde vel ikkje briller på om natta eller så viste han ikkje kva skiltet med en rullestol stod for.
Det går no an å køyre vekk snøen med latebil og tippe på kaia.
Er nok uansett litt greiare på bygdene der dei fleste kjenner dei som brøyter, og der det kanskje fins andre som tek over når utstyret sviktar..
Men no tøyer snøen og sola tittar fram! #;-)
Bedre dekning av fonna enn forsida på både møre og Møre Nytt kan du vel ikkje vente Enok?
Eg foratlde om ståda her inne.
Eg høyrde ikkje noko på radioen sjølv om ringde.
Høyrde dere noko?
Blei Bjørke glemt av alle denne dagen.