Torsdag 20. november i 1830 tida gjekk M/S Nordic Sky på grunn ved Finnøya i Haram kommune. Ho gjekk i eit smult farvatn og hadde lav fart då ho grunnstøtte, ho tek no inn vatn i styrbord(Høgre) maskinrom.
Nordic Sky på grunn ved Gåsøya. Foto: Rune Hukkelberg
Nordic Sky var ute på eit charteroppdrag med 13 passasjerar, alle om bord vart evakuert via ein redningsflåte, ingen personar er skadd. Skipperen er fortsatt om bord og ventar på at ho skal bergast. Nordic Sky ligg 10 meter unna land.
Per Olav Moldvær har aldri opplevd noko lignande sida starten i 1995, men han vil takke mannskapet for at båten blei evakuert så fort.
M/S Nordic Sky
Nordic Sky er eigd av Cruise Service AS i Ålesund. Ho er 14 meter lang, og tek rundt 40 personar. I 2006 åpna Nordic Sky ruta Ålesund-Sæbø-Øye, men i 2008 blei ho erstatta av den større M/S Fjord Aalesund.
Nordic Sky vil no bli berga så fort som mulig.
Andre aviser om saka:
Sunnmørsposten
http://www.smp.no/article/20081120/NYHETER/646699162/1002#
RBnett
http://www.smp.no/article/20081120/NYHETER/646699162/1002#
VG
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=534168
Kommentarar