Fint kontor, kyr som vart mjølka nesten av seg sjølv, sjokomjølk på kartongar rett ut av eit kjøleskåp, nei, ein fjøs er ikkje det det ein gong var.  Det fekk 6. og 7. klassingane ved Sæbø  skule oppleve då dei var besøk i fellesfjøsen - det som vert kalla Fremre Bondalen Samdrift AS - sist onsdag.  Men la det vere sagt med ein gong; det såg ut til at både elevar og dyr treivst  denne dagen.

IMGP8053 (Large)

Som alle andre kyr gjekk denne kua frivillig inn i dette buret - mjølkeroboten - og før ho visste ordet skjedde det eit eller anna og så var ho i ferd med å verte mjølka.  Men kua likte godt at ho fekk besøk.

Det må vel seiast at det ikkje kom Sjokomjølk ut av denne kua, heller ikkje denne dagen.  Sjokomjølka som fjøseigar og vert Jan Rune Ville delte ut, hadde nok først vore ein tur innom eit eller anna meieri.

IMGP8049 (Large)

Etter mjølkinga er det tid for eit 5-minutt i sofaen på kontoret.  Det skulle berre mangle.

Det som pregar ein ny, stor fellesfjøs, er slett ikkje stress.  I fjøsen høyrde vi berre eit raut eller to.  Det skuldast slett ikkje uro, men brunst/løyping.  Det har sjølvsagt lærarane forklart elevane på førehand kva er for noko?
Automatisk mjølking imponerer sjølvsagt, men det var nok kalvegardane som vekte mest interesse hos elevane.  I mange år var nok kalvane diverre eit forsømt kapittel i fjøsane, dei vart nærast stua bort i påventa av at dei skulle verte kyr som bonden kunne tene pengar på.  No veit ein betre - ein kalv må ha det godt for å vekse raskt og ikkje minst verte ei god ku om det er snakk om ein kvigekalv.  Og kalvane har det svært godt i denne fellesfjøsen - Fremre Bondalen samdrift AS.  Kalvane kan drikke-/suge mjølk når dei vil, det same gjeld å ete kraftfor eller grovfor.

IMGP8076
Kalvane sette pris på besøk i bingen sin.  Dagens vert, Jan Rune Ville til høgre.
 
IMGP8061 IMGP8071 (Large)
Lærar Annelin Wangen, foto til høgre, er populær også mellom kalvane.
 
Denne dagen hadde lærar Annelin Wangen med seg 6. og 7. klasse til fellesfjøsen på Rekkedal.  Men ho hadde hjelp - fire studentar frå Høgskulen i Volda var med, studentar som skal verte lærarar.  Sjå namn under foto.  Den fjerde studenten denne dagen var Dag Atle Lee Eksund

IMGP8073 IMGP8068
Populære studentar - Beate Molvær(t.v.) og Elisabeth Gamlemshaug Lillebø.  På foto til høgre ser vi student Jeseper Vedde Gulbrandsen i tillegg til Beate Molvær
 
I fellesfjøsen er det altså kyr og kalvar, men også oksar - små og store.

IMGP8077 IMGP8083 (Large)
Skal ikkje vi få besøk i bingen også? Det lurer oksane til høgre på.
 
Lærar - ja, studentar - ja, fjøseigar/vert - ja.  Likevel var der ein til som følte ansvar denne dagen.  Joakim Skår Ville er elev i 6. klasse ved Sæbø skule, men også son til pappaen sin.  Det seier seg sjølv at han må vere med på eit foto.

IMGP8086 (Large)
Joakim Skår Ville greidde jobben sin som assisterande vert svært så godt.

Og alle var samde om at det var ein gild tur.  Ikkje sant?  Og stort klassefoto høyrer med.

IMGP8091