Ja no har Kraftverket i Øyadalen starta, etter mykje streving og feiling kan me endeleg starte opp drifta, no i det siste har me nesten ikkje set mannfolka på Øy for enten har dei vore i Langryggen eller i Harpedalen på dugnad. Fire av dei skal fortsette å være vaktmestera kvar si veke. Mykje arbeid står igjen før me er ferdige å rydde og planere til terrenget, så det vert vel noko graving neste år også, men jamen var vi heldige slik at det vart snøfritt så lenge no i haust. Så no er det spennande å sjå om kva forteneste dette kan gi til ekstrainntekt til grunneigarane.

Nelly Perdy Øye