Valborg Hustadnes som kåserte om setrane i Volda, god rjomegraut, nydelege kaker og god prat.  Dei mange som hadde møtt opp på Hjørundfjordheimen på  det tradisjonelle "Open dag" - arrangementet sist fredag, fekk seg ein svært så fin dag.

IMGP8209 kopi

Knut Åmås og Valborg Hustadnes

Det er ingen grunn til å endre på tradisjonane når tradisjonane fungerer godt.  Difor var det leiaren ved Hjørundfjordheimen, Knut Åmås, som ynskte oss alle velkomne.  Han orienterte sjølvsagt om dagleglivet ved heimen - både det som vart gjort og ikkje gjort.  Han la ikkje skjul på at budsjetta var tronge, men var samstundes svært glad for gåvene Hjørundfjordheimen fekk.  M.a. har det kome nye, gode møblar ute i gangen i løpet av siste året.

Knut Åmås kunne også fortelje at ekstrapengane som Hjørundfjordheimen fekk ved sal av mat og lodd denne dagen, ville gå til m.a. naudsynt vedlikehald av ein veranda.

Valborg Hustadnes, busett i Austefjorden, har dei siste åra skreve to bøker om setrane og seterlivet i Volda.  Valborg synte foto og fortalde om mykje og mangt frå desse setrane som ho tydelegvis har blitt svært glad i.  Som medhjelpar hadde ho med seg Kjellaug Hustad som las frå bøkene.  Dette var heilt tydeleg eit populært innslag og fleire av dei som var tilstades hadde også vore seterjenter/budeier.

IMGP8195 kopi

Mange ville høyre på kåseriet til Valborg Hustadnes.  Vi ser henne med mikrofon i handa ved skyvedøra til høgre på fotoet.  Til høgre for henne,s er vi Kjellaug Hustad.

IMGP8198 (Large)

Fleire som ser- og høyrer om setrane i Volda.  Er det nokon soim kjenner seg att?

Ein slik dag er det mange som vil ha mat, tradisjonen tilseier rjomegraut og denne gongen var det - og her har ekspertar uttalt seg - den beste rjomegrauten som har vore servert til no ved Hjørundfjordheimen.  Ekstra travelt vert det difor for kjøkenpersonalet med Sissel Walseth i spissen.  Ikkje berre skal dei ha graut med det som høyrr til klart, dei lagar også all kaffimat - blautkaker inkludert.

IMGP8204 kopi

Travel dag for kjøkenpersonalet.  Frå venstre:  Sissel Walseth, Åshild Taklo, Karin Frøland, Edith Flack Nordang og Berit Urkegjerde.  Eg seier meg sjølvsagt lei fordi eg har fotografert to damer med augene att.

Ein slik dag er det sjølvsagt basarstemning og i andre etasje - også etter tradisjonen - var der nokre utstillarar som selde det dei hadde laga.  Aslaug Foldal var ein av utstillarane.  Som svært mange veit, lagar ho god mat, denne dagen var det lefser ho selde.

IMGP8211 kopi

Else Årseth(t.v.) var ei av dei som kjøpte lefser av Aslaug Foldal

Open dag på Hjørundfjordheimen har blitt ein god dag for mange, men det er slett ikkje berre dei som har nær slekt der som møter.  Nokre av oss lever vel i håpet på at vi skal greie å sikre oss ein fast plass når den tida kjem - då hjelper det vel kanskje å stikke innom av og til?  Men andre igjen treng slett ikkje tenkje på plass før om mange tiår...

IMGP8197 kopi

To sjarmtroll - mamma Lavin Flatnes til venstre og Halvard Flatnes.

Knut Åmås er no i ettertid svært godt nøgd med dagen og han fortel at dei ca. kr. 35.000,- som kom inn denne dagen, vil kome svært godt med.