"Jeg vil ha en blå ballong..." På Dalastova ser vi ein aktiv gjeng i sving med dagens trim.
Harriet og Knut tek del på trimmen, alder inga hindring.
Oddfrid og Sissel i full gong med lefsebaking. Her må ein passe på at lefsene blir tynne og fine.
Else Marie vaskar kjøleskåpet, så no er julenedvasken i gong.
Under ser vi Haldis som vaskar og ryddar på romma til brukarane.
Alt skal "skine" til OPEN DAG.
OPEN DAG er ein årleg tradisjon på Hjørundfjordheimen.
Då kjem bygdefolk, slekt og vener innom for å kose seg med god mat, treffe kjentfolk, få litt underhaldning i ei triveleg atmosfære.
Mange nyttar høve til å kjøpe julegåver av utstillarane som er her den dagen.
Av program i år kan vi nemne; Seterdrift i ord og bilde av Valborg Hustadnes.
To dyktige musikantar frå Åmdal Trekkspelklubb.
Loddsal med trekning ca. kl. 15.30. No i dagane før er det loddbøker i omløp på bygda.
Opning kl. 13.00. Program frå kl. 14.00. Vi vonar fleire får høve til å ta turen innom OPEN DAG no når arr. er lagt til seinare på dag.
ALLE ER VELKOMNE TIL EIN TRIVELG ETTERMIDDAG.
Kommentarar