Fleire har sakna eigen frisør på Sæbø, men fortvil ikkje - allereie om få dagar, den 1. desember, opnar Føhnix Dame & Herrefrisør i Ulsteinvik eiga avdeling på Sæbø.  Som namnet tilseier vil dette verte ein frisør både for kvinner og herrar.  Sjølvsagt vil det også verte ein frisør der barn og unge kan få ein fin klipp og moderne sveis.

Frisørmeister John Åge Sundal

Føhnix Dame & Herrefrisør skal leige lokale av Leif Slettedal - i nabobygget til Sparebank 1, altså like ved ferjekaia på Sæbø.  Frisørsalongen vil halde ope i alle høve ein gong i veka og to frisørar vil vere tilstades.  Sjølvsagt vert det og høve til å tinge time.  Vil du vite meir om frisørsalongen?  Klikk her.  Hjørundfjordportalen kjem tilbake med meir informasjon om opningstider med meir etter kvart.