I lokalavisa Møre-Nytt sist tysdag kunne vi m.a. lese at heile idretten i Ørsta ynskjer seg fleirbrukshall i Ørsta. På Møre-Nytt sitt foto om saka såg vi m.a. leiaren i Sæbø IL, Eldbjørg Tvergrov.
I lokalavisa Møre sist torsdag gjekk leiaren i Sæbø IL kraftigare ut - ho understreka kor viktig det var at den planlagde fleirbrukshallen i Ørsta kom no. Har ikkje Eldbjørg Tvergrov fått med seg at ho sjølv var med på eit samrøystes vedtak på omframt årsmøte i Sæbø IL nyleg der det vart presisert at det var viktigare med ny gymsal på Sæbø framfor fleirbrukshall i Ørtsta?
Som dei fleste no har fått med seg er gymsalane og garderobane på skulane på Sæbø og Vartdal i svært dårleg stand. Difor er det frå kommunalt hald laga forprosjekt til nye gymsalar med garderober både på Vartdal og Sæbø. Elevar, lærarar, samarbeidsutval og idrettslag på desse to stadane har sagt at nye gymsalar må prioriterast framfor ny, stor fleirbrukshall i Ørsta. Ja, til og med Sæbø IL sa nyleg samrøystes, på omframt årsmøte, at ny gymsal på Sæbø måtte prioriterast framfor fleirbrukshall i Ørsta. Det er grunn til å nemne at leiaren i Sæbø IL, Eldbjørg Tvergrov, også var til stades på dette årsmøtet.
Likevel brukar no Eldbjørg Tvergrov både tid og krefter på å understreke at ny fleirbrukshall i Ørsta er viktigast - eller meir presist - ho nemner ikkje med eit ord det vedtaket som hennar eige idrettslag har gjort eller eit liknande vedtak som styret i Vartdal IL har gjort. Er det slik eit demokrati skal fungere?
Meiner leiaren i Sæbø IL, Eldbjørg Tvergrov, at den gamle gymsalen på Sæbø er god nok i fleire år framover?
Eg er klar over at Eldbjørg Tvergrov også er leiar i Ørsta Idrettsråd og at ho såleis tydelegvis møter seg sjølv i døra, men dette dilemmaet vart Tvergrov tydeleg gjort merksam på etter det aktuelle årsmøtet til Sæbø IL. Eldbjørg Tvergrov burde i det minste ha sagt til lokalavisene at idrettslaga på Sæbø og Vartdal priorieterer annsleis enn Ørsta Idrettsråd.
No ser vi at avisene er fulle av innlegg for fleirbrukshall i Ørsta. I eit intervju med Møre-Nytt vil også ein tidlegare leiar i "hallstyret" slakte sparegrisen, dvs. selje Tussa-aksjar for å få bygd fleirbrukshall i Ørsta. Sjølvsagt nemner han ikkje - eller nokon annan - at gymsalane på Vartdal og Sæbø er nedslitne. Kven skal kjempe for ny gymsal på Sæbø når leiaren i Sæbø IL går mot sitt eige lag og også kjempar for fleirbrukshall?
Her er det berre ein ting å gjere for leiaren i Sæbø IL - snarast råd bør ho ta kontakt med dei to lokalavisene og gjere klart kva Sæbø IL og fleire andre lag i Hjørundfjorden meiner om prioritering. For ein ting er sikkert - nye gymsalar på Sæbø og Vartdal samt ny, stor fleirbrukshall i Ørsta til nærare 100 millionar, er uråd å bygge samstundes.
Kommentarar
Denne tiltakspakken som no kjem må Ørsta benytte seg av då gymsalene høyrer til under skulebygg.
Las i avisa om fleirbrukshallen men eg fann ikkje eit ord om intektssida til hallen.
Inntektsida er no det viktigeste for folk å få sjå.(er den hemmelig)?
Intektssida må vere større en utgiftsida i dei fleste byggeprosjekt.
Skulebygg/gymsaler er noko heilt anna då det er ei kommunal/statelig oppgave og kommune /stat skal betale utgiftene gjennom skulebudskjetta.
Det burde ikkje vere noko grunnlag for debatt!
Elevane ved kva som helst skule skal ha opplæringstilhøve som er tenbare og forsvarlege. I motsett fall er kommuna både moralsk og juridisk ansvarleg!
Det tilseier at dei unge skal ha dei same "fysiske føresetnadane" som vert framkjempa av bl.a LO i deira vaksen alder.
Eg ser gjerne ein fleirbrukshall i kommuna, men ikkje på kostnad av rettmessige krav frå born/ungdomar/skule. Skulle berre mangle!
Alle innlegga i siste Møre-Nytt må ein berre ta til etterretnad. Dei er ein del av debatten.
Rune S./Knut H. syner til kva som er realitetar i saka, og eg er heil einig med dei.
Leiar i Sæbø I.L synast elles ikkje skjøne vedtak ho som leiar skal bere fram.
Stokken av berbar staur som synast tynge ho bør ho snarst freiste få kontroll over.
Ein av dei bør ho "leggje død......"
Små gryter har store ører.
Så ble det en liten runde med å forklare at en økonomiplan på en måte er en ønskeliste, men at kommunen ikke alltid har penger til å kjøpe det som står øverst på listen alikevel...
Han forsto på en måte det, men små gryter tenker så det knaker.
"Jaja, får håpe det ikkje vert for mykje regn framover då, mamma. For når det regnar må vi ha innegym og når det regnar går det ikkje an å ha innegym for taket lekke sånn"
Ungene våre begynner å bli desillusjonerte og det er trist at de skal ha en skolehverdag der de må springe varme og svette ut i kulden for å nå en brukbar garderobe som ligger et stykke unna. Den halvparten som er igjen i garderoben i gymsalen må dusje på skift siden der ikke er trykk nok til at alle dusjene kan være i bruk samtidig.
Om ikke gymsalene på skolene er i brukbar stand, hvordan skal da en flerbrukshall få rekruttert brukere?
Men vi må og skal ikke finne oss i det! I henhold til opplæringslova, m.m.
Ja, økonomiplanen tilsier prioriteringa av gym.sal på Sæbø og Vartdal. Kommune/politikere kan ikke vri seg unna det.
Lovpålagde, kommunale tjenester må og skal prioriterest. Derunder skole.
Prestisjebygg, som vi i 68-generasjonen soler oss i glansen av, blir bygd/prioritert mens skoler forfaller med et ditto inneklima. Det er det vi tilbyr de kommende generasjoner. Galskap!
De mange elevene som opplevde rom 3 på Sæbø skole skjønner hva jeg mener.
Stuet sammen i et rom så og si uten ventilasjon. Hodepine, trøtthet m.m var en konsekvens. Hvordan skal læring skje under slike forhold?
En skole med slike fasilteter (som det finnest mange av i Norge) burde av verneombud stengest. Som vi heldigvis langsomt ser eksempler på. Gymsalen på Sæbø skole er et kapittel for seg selv som jeg ikke skal gå inn på. Det er velkjent.
Rune lufter ellers alternativer for ei kommune som står i fare for å bli sett under administrasjon p.g.a det økonomiske underskuddet.
Personlig mener jeg at salg av Tussa aksjer/eiendommer ikke er veien å gå. Fordi disse gir kommuna årlige avkastninger.
Då gjenstår eiendomsskatt som kan bringe kommune-økonomien på beina, og som kan finansiere bl.a en flerbrukshall i Ørsta.
Det er løsninga som tvinger seg frem.
2-7 promille av fast eiendom kan kommuna pålegge blir innbetalt. (Ligningsverdi.)
Med visse justeringer, unntak for næringsvirksomhhet bl.a. er dette å leve med.
For en hus/leilighets-eier er det en par tre tusenlapper pr. år.
Investeringer i barns/ungdoms oppvekst/levevilkår.
Er det et stort offer...?
unisont krav frå idretten å bygge fleirbrukshall nå.(Møre Nytt i dag)
Har ikkje han heller! fått med seg kva Sæbø og Vartdal har valgt å bygge først.
Såvel på Bjørke som på Sæbø og elles i kommuna.
Men ikkje på kostnad av rettmessige tilbod til dei unge og framtidige på skule og i utdaning.
Først skal det stettast.
Vi har alle våre økonomiplana og ønskelister. Men i valget mellom det vi må betale og det vi kan betale så må vi før vi kan... Det gjeld Kommunene og.
Det er vel på tide å bringe inn kavaleriet då.
Kva seier arbeidsmiljøtilsynet? Helsetilsynet? Barneombudet? Opvekstkonsulenten? Undervsningsutvalget på Fylket er vel et kontrollorgan? Undervisningsforbundet skal vel ivareta sine medlemmer... Men det er berre foreldra som kan ivareta borna sine interesser, og det kan være tatisk å få inn både kavaleriet og artilleriet her. Viss ikkje kan de fort stå med ein flott fleirbrukshall i Ørsta, og totalt ubrukelige gymsala i utantane...
Kva seier politikarane som representerer Hjørundfjorden?
Særleg når eg les kommentaren din Eva. Du syner til råd, utval m.m.
Det minner meg om eit møte i Bondalen Elveigarlag der m.m....
"Det gjeld å molde elva om ein skal fange krædene.".........
Lat oss konkretisere.
Allereie for snart 20 år sidan måtte jentene (vekselvis gutane) løpe frå skule til Sæbø klubbhus for skifte på og av i gym.timar.
"Knising og fnising" blant jenter og gute gjorde at effektiv time var 15-20 minut.
I tillegg var det til dei grade slitsamt for ein stakkars pedagog om skulle ha oversikt.
Skjønar ikkje byråkratar og papirflyttarar i denne saka kva det gjeld?
Som for villaksen.
"Spør, spør så vil det verte svare....."
Alt for mange offentlege tilsette har mistyda sin statlege, subsidierete posisjon .
Dei er tilsett for å tene folket. Ikje omvendt.
Treng vi alle.
Eg lurer av til på kva som må til for å seie opp en papirflytter i kommuna når det er for mange av dei.
Eg var nettopp hos slosken /maskinførerene på anlegget.
Nokre karer der hadde berre plutselig fått oppsigelse etter nyttår.
Slik er det i det vanlige arbeidslivet.
Tenk vist en papirflytter plutselig fekk eit oppsigelsebrev i posten.
Då hadde det blitt rabalder.
Og dess bedre det er dokumentert dess vansklegare vert det å oversjå fakta. Det gjeld både for "papirflyttera" og politikera.
Til sist er det politikarane som skal ta avgjerda og gjere prioriteringane.
Eg meiner, utan tvil, at dei andre i styret som Vidar Stokke og Hilde Muren bør drøfte denne saka og evt. gå ut i Møre-Nytt allereie i morgon og seie klart ifrå kva idrettslaget på Sæbø meiner.
Kva man uttaler som privatperson er en ting.
Då kan seie det man vil.
Når man uttaler seg som leier må man forholde seg til vedtak i styre eller Årsmøte sjølv om det strir i mot det man meinar sjølv.
Man bør passe på å understreke til avisa at dette er mi private meining dersom det er den private meininga.
Avisa må ikkje skrive leiar i ditt og datt vist man ikkje uttaler seg som leiar i ditt og datt.
Husk å seie klart i frå til avisene om dette.
Men var det Leiar i Sæbø IL som kom med uttalelsen som Knut Hustad nemner?
Slik eg ser det er det ikkje så veldig problematisk at ein person er leiar i to forskjelleige lag med to forskjellige prioriteringar i ei sak. Men sjølvsagt må det komme klart fram når ein står fram i avisa kva lag ein representerer. Eldbjørg Tvergrov kunne sjølvsagt nevnt at Sæbø IL prioriterer ansleis. Etter mitt syn bør ikkje ein leier blande vedtak frå to forskjellige styrer i samme avis-sak. Det hadde kanskje gjort saka enda meir forvirrande.Ta TD om det i avisa vart uttalt etter omframt årsmøte at «Sæbø prioriterer Gymsal før fleirbrukshall» litt nedom kunne det stått «leiaren i Sæbø IL understrekar samtidig at ørsta idrettsråd prioriterer ansleis.» (hadde etter mi meining ikkje passa seg heilt)
Ellers registrerte eg at ein innringar tok ansvar slik at det kom klart fram kva Sæbø IL sitt syn er i denne saka.
Samstundes er styret i idrettslaget klar over den økonomiske stoda i kommunen. Viss ein må velje mellom dei ulike tiltaka, prioriterer Sæbø IL lokale fleirbrukshallar ved Sæbø og Vartdal skule framfor ny fleirbrukshall i Ørsta.
Styret, Sæbø Idrettslag