Åmdal/Sæbø/Ørsta sine flotte jenter i fotball J16 stilte denne helga til kamp om KM tittelen i innandørs fotball i Olivinhallen på Åheim.
Blide jenter på tur!
Bak Kathrine Brekke, Elisabeth Skogen, Maren Nordang, Malene Aambakk og
Kristine Solem.
Framme f.v. Else Marie Stokke, Ingeborg Halse Ressem, Bente Håvoll og
Hilde Vartdal Clausen.
Sæbøbussen var opptatt og vi var heldige å fekk låne Sparebank 1 bussen!
Det er heilt uvurderleg å reise saman på denne måten, iallefall når det gjeld det sosiale!
Vi takkar Sparebank 1 for lånet!
Første kampen var mot Sykkylven 3 og det var ikkje fritt for at vi var litt "nervøse"..
Ingeborg og Kristine i full konsentrasjon mot Sykkylven som måtte sjå seg slått 3-1!
Laurdagen var det puljespel der laga var oppdelt i 5 puljer med 4 lag i kvar pulje.
dei to beste laga i kvar pulje dei to beste trearlaga, gjekk vidare til mellomspel søndag.
Else Marie og Malene i fint driv mot Herd 2. Kampen vann vi 7-0!
Laurdagens resultat vart akkurat slik vi hadde planlagt, vi var vidare til mellomspelet søndag.
Rett nok måtte vi tåle å tape 1- 5 mot Fortuna men det var av mindre betydning..
Eurospar Volda sponsa oss med brød og pålegg og Tine sponsa oss med drikke og Yoghurt. Takk til dei!
Fordi vi regna med å gå vidare hadde vi bestilt 3 store hytter, to til jentene og ei til ledarane.
Elisabeth og Malene ønsker velkomen til gards!
Berre sjå sjølv kor kjekt dei har det!
Kristine, Malene, Kathrine, Elisabeth, Ingeborg, Else Marie, Maren, Hilde og Bente.
Det vart tidleg mørkt på hyttene så jentene var nok litt slitne. Dessutan visste dei at om dei skulle nå heilt til topps neste dag trengde dei kvile.
Frokost må til. Jentene var tidleg oppe og klare til kamp!
Første kampen søndag var mot Stranda, jentene dominerte heile kampen og vann fortjent 7-0!
Neste kampe var mot Spjelkavik og for første gong denne sesongen trakk vi det lengste strået.
Jentene spelte ein kjempekamp og viste kvifor dei ville til finalen..
Spjelkavik vart utslått med 3 mål, resultatet vart 4- 1 og Åmdal/Sæbø/Ørsta var vidare i semifinala!
Maren i aksjon.
No stod det att fire lag, Åmdal/Sæbø/Ørsta, Åram, Hødd og Fortuna og jentene (og støtteapparatet..) var kjempenervøse!
Kampen bar også preg av det, spelet bølga attt og fram med mange rare pasningar og lite spel.
Men då kampen var slutt var sigeren sikra med 3-2 og vi var klare for finalespel!
Glade jenter etter at det var klart at det vart finalespel!!
Finala enda med tap 3-7 etter 0-3 10. min ut i kampen og 3-4 når det stod att 6 min. Så vi var så absolutt med.
Fortuna hadde eit veldig godt lag der dei fleste spelarane var eit år eldre enn våre så vi er uansett fornøgde med 2. plassen!
Else Marie stilte for anledninga som målvakt då laget manglar det, noko ho klarete med glans. Dei fleste spelarane våre er 93 modellar så neste år satsat vi på gull!
Premieutdeling:
F.v. Maren Nordang, Kathrine Brekke, Elisabeth Skogen, Bente Jorunn Håvoll,
Hilde Vartdal Clausen, Ingeborg Halse Ressem, Else Marie Stokke,
Sunniva Åmbakk Bjørkedal, Kristine Solem, Malene Aambakk og
trenar Roger Holen.
Presentasjon av finalelaga og høgtideleg premieutdeling sette punktum for ei vellukka helg og eit flott arrangement av Åheim!
Nest beste jentelag på Sunnmøre i Innandørs fotball!
Bak f.v. Kathrine, Hilde (1 mål), Ingeborg (1), Else Marie (2), Sunniva og Bente (4).
Framme f.v. Elisabeth, Maren (7), Malene (12) og Kristine (1).
Kommentarar