Ting kalenderen her:

kalender@hjorundfjord.no

Prisen er kr. 200,- for den første, kr. 175 pr. stk. for dei andre.  Klikk elles på annonsa Hjørundfjordkalenderen 2009 i venstre marg.

Nærare 300 kalendrar er no selde.

Vi har no vore inne i ei intens salsperiode og la det vere sagt med ein gong - de har vore utruleg flinke til å tinge kalendrar usett på førehand.  No føler vi oss trygge på at dette ikkje vert noko tapsprosjekt og dei som styrer med økonomien i bygdemobiliseringa søv nok betre om natta no.

Etter ei hard arbeidsperiode i natt av først og fremst Jan Kenneth (Steinsåker) og Ronny (Haugen), vart foto/tekst m.m. sendt Egset Trykk AS i Volda kl. 0153.  No er det berre å vente - men resultatet vert heilt sikkert fint.

_JKS_des_LITEN_RGB

Desember

Vi har enno ikkje sagt ifrå til trykkeriet nøyaktig kor mange vi vil ha trykt opp, men når dei ringjer med det første, må dei få eit svar.  Og arbeidsutvalet i styringsgruppa har talt; det vert trykt opp 350 kalendrar.  Av desse er ca. 200 selt til no.

Kanskje høyrest dette litt lite ut, men som eg sa reknar arbeidsutvalet med at svært mange av dykk som vil kjøpe allereie har bestilt kalenderen.  Ei anna årsak til at arbeidsutvalet vil halde seg på den sikre sida, er at ein kalender er ferskvare - det nyttar ikkje å lagre den til eit seinare høve slik som med t-skjortene.  Sjefen vår, Ivar Svein Moe, sa for ikkje lenge sidan til meg: - Dersom ein ikkje tener på ei vare er det om og gjere å produsere minsts mogleg.  I dette høvet vil det seie at dersom vi produserer 50 kalendrar for mykje, vil vi få eit tap på ca. kr. 6000,-.

Dette er slett ikkje meint som ein ufin måte til å presse dykk til å kjøpe fleire - salet har vore over all forventning - men så lenge det vert tinga kalendrar før vi seier frå til trykkeriet kor mange vi vil ha, kan arbeidsutvalet gjere endringar/tinge fleire enn 350 om ein ser behov for det.  Kjenner det til andre som vil ha kalenderen, men som ikkje brukar internett, vil dei sikkert verte glade om de gjev dei eit hint.  Kalenderen kan uansett tingast ved å klikke på annonsa/fotoet i venstre marg.  Det kan det gjere framover så lenge det er kalendrar att.

Heilt til slutt kan eg informere om at det i morgon kjem ei annonse for kalenderen i "Møre", så må vi nok dempe oss litt.  Men uansett - vi har sett stsor pris på den dekninga vi til no har fått i Møre-Nytt, Møre og Regionavisa i dag.

P.s.:  Det som er att av opplaget når kalendrane kjem ut frå trykkeriet vert lagt ut for sal på Sæbø hos Slettedal/Joker og Bellingen/Nærmat.