Eg føler meg trygg på at heller ikkje Kåre Willock likar ordet "jobbskygging", så kanskje ordet sjå-på-ein-vaksen-som-arbeider-og-lær-av-det er betre om enn litt meir tungvint?  Ok, vi får bruke ordet jobbskygging då.

Når eg les på arket som junior, Jakob (Hustad) hadde med seg heim frå skulen for ikkje lenge sidan, står der m.a.: "Elevane skal få høve til å fylgje ein (kjent) arbeidar gjennom ein heil arbeidsdag, og på denne måten få eit innblikk i arbeidslivet og kva det spesifikke yrket går ut på". Puh, sitat slutt.  Silje (Riise) og Jakob er elevar i 9. klasse ved Sæbø og var heldig og fekk vere med på nattskiftet på ferja M/F "Folkestad".  Som mange veit, går denne ferja i rute mellom Volda og Folkestad og Ole Johan Riise er kaptein ombord.  Om nokon skulle lure - Ole Johan er far til Silje.

IMGP8147 kopi

Sjøkaptein Ole Johan - Ollen - Riise er ingen farleg mann

Både Silje og Jakob meiner dei vart svært godt mottekne ombord, dei var med på omvisning på alle dekk og i nærast alle rom - også maskinromet.  Maskinromet var nok større enn venta, men nedgangen dit... Nei, det er godt at maskinsjef Jostein Stavdal ikkje har klaus, eller er ein fyldig mann.  Dei to fekk også gå ombord i mob(mann over bord)-båten, vart så  låra ned på havet og dei fekk seg  ein tur med båten på Voldsfjorden.

Mannskapet ombord på denne ferja går 12-timars vakter, dvs. at Silje og Jakob måtte gjere det same.  Det seier seg sjølv at ei nattevakt ikkje skal sove, men dei to fekk likevel tildelt eigen lugar med køyseng.  Så var det dette med dynetrekk, putevare og lakenstrekk.  Dette måtte Jakob og Silje sjølvsagt styre med sjølve, men for å gjere ei lengre historie noko kortare - det kom fram at far til Jakob hadde svikta litt i opplæringa her.  Jakob måtte visst få litt hjelp - kanskje av matros Kjell Arne Urkegjerde?

IMGP8149 kopi

- Om det er eg som skiftar sengeklede heime? 

IMGP8151 kopi IMGP8155 kopi

Foto til venstre:  Ikkje heilt 100 %, men kaptein Riise godtok likevel - under ein viss tvil - lakenstrekken og oppreiing av køyene.  Til høgre:  Silje serverer Pizza grandiosa, ferjemannskapet sin spesialitet.

På nattskiftet på den store Folkestadferja er det berre eit mannskap på fire, kaptein, styrmann, maskinist og ein matros.  Det seier seg sjølv at det er travelt ombord, men heldigvis har ferja litt romslegare ruter om natta.  Slike pauser vert nytta til m.a. mat- og drikkeinntak.  Denne natta vart det også servert pizza og det var Silje som måtte stå for kokkeleringa, men det vart understreka at det ikkje var fordi det var ho som var einaste kvinne ombord.  - Nei, det var heilt tilfeldig, opplyste kapteinen.

IMGP8157 kopi

15 minutts pause på Folkestad og mat.  Frå venstre:  Matros Kjell Arne Urkegjerde, styrmann Trond Nesset og maskinsjef Jostein Stavdal. 

Vel tilbake til Volda klokka 0030 måtte søppelsekkar køyrast i land og kastast opp i ein kontainer plassert på kaia.  Dette var visstnok matrosen sin jobb - det også, men i kveld/natt hadde han hjelp.  Jakob måtte ta den jobben, men godtok det utan å mukke.  Han fekk nemleg ein god del våpen- og skytetips av Kjell Arne.  Begge dei to har nemleg felles interesse her.

IMGP8181 kopi

Det er god stemning ombord sjølv om klokka har starta på eit nytt døgn og søppel må fraktast i land.

IMGP8168 kopi

Det er nok litt tidleg enno for Silje og Jakob til å ta over roret til kapteinen, men om nokre år - kven veit?

No er det heldigvis slik at litt ut mot morgonkvisten så ligg Folkestadferja ro eit par timar.  Dermed fekk nok dei to "jobspottarane" - jobbskyggarane - seg eit par timar på puta, men matros Urkegjerde viste ingen nåde - allereie klokka 0600 vekte han dei til stor glede - for seg sjølv...

Imens hadde nok kapteinen kryssa Voldsfjorden ein gong eller to, som ein "poor lonesome cowbøy" (Ok, det er alltid to i styrehuset, men det passa godt å seie det slik)

IMGP8173 kopi

"Cowboyen" - kaptein Riise - på "Folkestadferja.

Så er det berre ein ting som står att - sikkert til stor glede for Silje og Jakob - nemleg rapportskrivinga.

Og heilt til slutt; som ein klok mann sa det - i år er det kunnskapsløft og jobbskygging som står på programmet, skal tru kva politikarane finn på til neste år?