Sir Robert Walpole (1676-1745) var den første Prime Minister (statsminister) i England . I 1720 var det økonomisk krise – eller skandale – er vel rettare. Det er såleis ikkje noko nytt det som vi opplever no og det som skjedde ved det store krakket 1928.

 

Sir Robert Walpole

Sir Robert Walpole - Prime Minister og aksjespekulant

I 1720 vart det bestemt i regjeringa å opprette eit stort nytt handelsforetak ”The South Sea Company” – Sydhavskompaniet – som skulle utnytte handelen med Sør-Amerika til eigen fordel. Som takk for å få monopol med denne handelen, skulle dette private selskapet overta 600 mill. kroner av statsgjelda.

 

Walpole var då finansminister og han åtvara og meinte at dette var ei farleg forretning. ”Bobla vil sprekke,” meinte han, men fekk ikkje forståing for sitt syn. Aksjehandelen i det nye selskapet førte til ville tilstandar på pengemarknaden i London. Aksjane steig til svimlande høgder. Sjølv vanlege menneske ville vere med i kappløpet og sette seg i botnlaus gjeld for å få tak i aksjar og kapre sin del av eventyret.

 

Walpole sjølv hadde ikkje sterkare moralske bekymringar enn at han og vart med på leiken. Då han tok til å selje aksjane medan dei enno var stigande, spurde venene hans om han hadde gått frå forstanden. ”Eg greier meg med ei forteneste på tusen prosent,” sa den lure reven.

 

Nokre dagar seinare sprakk Sydhavsbobla. Pengemarknaden og  finansverda  var styrta ut i kaos og elendigheit. Landet sto framfor økonomisk samanbrot. Og mannen som  vart beden  om å redde det som var igjen, var nettopp Walpole – den einaste som hadde åtvara på førehand.

 

Slik gjekk det til at Robert Walpole vart utnemnd til første lord av skattkammeret og i tillegg Prime Minister – førsteminister – som den første i Storbritannia si historie.

 

Det vert ofte sagt av vi lærer av historia, men eg er ikkje så sikker på at det er sant.