Ting Hjørundfjordkalenderen 2009 her: kalender@hjorundfjord.no eller klikk på annonse/foto i venstre marg.

I går kveld las Terje Kjøde korrektur, i dag vart det nokre e-postar og telefonar  fram og attende - og no er Hjørundfjordkalenderen 2009 sendt over til prenteverket.  Vi ventar sjølvsagt i spenning på resultatet, men så langt ser det svært bra ut.

Eg må vedgå at dette har teke mykje tid, meir tid enn rekna med.  Likevel har det gått greitt å halde piffen oppe takka vere dei mange flotte tilbakemeldingane frå dykk som har tinga kalenderen.  Den andre i redaksjonen, Ronny (Haugen), han ser lengre framover.  - Vi må tenkje på Hjørundfjordkalenderen 2010, seier han.  Skal vi det?

IMGP7029 kopi

Typisk kalenderfoto?

Vi veit lite om 2010.  Bygdemobiliseringa si tid er ute den 1. juli 2009.  Kva med Hjørundfjordportalen, vil den halde fram?  Og er det råd, er det ynskjeleg å få til ein Hjørundfjordkalender 2010?

Vi som har halde på med dette har lært mykje og vi tenkjer vårt om kva som evt. bør gjerast, eller endrast på.  Ein ting er i alle høve sikkert - skal det verte ein Hjørundfjordkalender 2010, må ein starte prosessen tidlegare.  Og kva er det viktigaste no først?  Jau, det er å ha gode foto.  Så oppfordringa er klar - bruk kameraet, ta gode foto og vert det ein ny kalender kan dei kanskje brukast der.  Vert det ikkje kalender, er dei slett ikkje bortkasta.  Gode foto frå Hjørundfjorden vert det ikkje for mange av.

Krav til kalenderfoto

Ein må sjølvsagt ha foto frå heile fjorden, men ikkje alle treng om å reise rundt.  Fotograferer kvar og ein i sitt nærområde, vert det til slutt sjølvsagt ein heilskap.

Vi ser også at fotoa må ha ein viss kvalitet - mange foto har blitt forkasta på Hjørundfjordkalenderen 2009 p.g.a. at den tekniske kvaliteten ikkje er god nok.  Det viktigaste er nok at motivet er fokusert - fotoet treng ikkje vere så skarpt, det ordnar ein i photo-shop, men hovudmotivet må vere i fokust.  Er t.d. eit ansikt uklart, får ein det ikkje skarpt om ansiktet ikkje er i fokus.

I praksis ser ein helst at det vert brukt eit speilreflekskamera og det veit eg  er mange av dykk som allereie har.  Eit godt JPG-foto(det som vanlegvis digetale kamera tek) er godt nok, men vil nokon bruke det som vert kalla RAW, er det sjølvsagt godt.

Fotoet bør også vere "liggande", dvs. ikkje slik som ingressfotoet i denne artikkelen.  Ei kalenderside er oftast i A 4 - format.

Det må også understrekast at ein slett ikkje treng berre finevêrsfoto.  Flotte foto i sjøsprøyt og storm er kvalitetsvarer.  Og ikkje minst:  Ta foto no i november og desember.  Ja, det er kort og godt viktig at det vert teke foto i det som gjerne vert rekna for dei "vanskelege" fotomånadane.

Eg sjølv har også problem med sommarfoto, dvs. t.d. barn som badar osb.  Slike foto vert fort vel private og kanskje er det ein eller annan person på ei badestrand som ikkje ynskjer å vere med på ein kalender.  Slikt må det takast omsyn til. Og heilt til slutt nemner eg at ein gjerne bør fotografere "dei nære ting".  Berre oversiktsfoto frå fjelltoppar vert raskt noko keisame.

Lykke til.