Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
Juli
Seifiske ved Lekneset Foto: Ivar Svein Mo
På dei verkeleg varme dagane er det ikkje alle nordmenn unt å legge fastlandet bakom seg og ta ut på sjøen. I Hjørundfjorden bur dei fleste tett ved fjorden og mange har båt. Særleg i dei veglause bygdene er båten viktig – ikkje berre til fiske, men også til skyss og frakt.
Det er mykje ein kan få til med god hjelp. På styremøte i slutten av september bestemte styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering at det skulle lagast ein "Hjørundfjordkalender" for 2009. No er kalenderen klar for trykkeriet. Under ser du junifotoet med tekst.
Mellom gammal og ny tid. Frå Lygnstøylvatnet. Foto: Lill Haugen
Like klart som at vassflata skil vatn og luft i Lygnstøylvatnet, skil ho mellom ny og gammal tid. For setrejentene som heldt hus her før stølen vart lagt under vatn i 1908, var vegen til dals tung. I dag er det lett å nytte bilen for å kome hit og sjå stølstuftene som framleis kan skimtast ned i vatnet.
Hjørundfjordkalenderen 2009 er eit reint dugnadsprosjekt. Fotografane har lånt ut foto gratis og nærast sjølvsagt er alt arbeid gjort utan betaling. Men trykkinga hos Egset Trykk AS i Volda må vi sjølvsagt betale.
Det var underskrivne som fekk ansvaret for at dette "kalenderarbeidet" vart gjort, men utan utruleg god hjelp hadde det ikkje late seg gjennomføre på denne måten. I redaksjonen har eg hatt med meg ein velkjent herre frå Hjørundfjordportalen - Ronny Opsahl Haugen, Åmdalen/Ålesund Søster hans, Lill Opsahl Haugen er busett i Oslo. Likevel er det godt å få bruke henne som frontfigur no når marknadsføringa skal gjerast. Ho er m.a. dykkar, dykkarinstruktør og undervassfotograf. Vi har fått bruke to foto frå henne - det eine ser du over. Lill har også gjort ein del fotoredigering i tillegg til at ho har vore ein god diskusjonspartnar.
Ein tredje person som må nemnast er Jan Kenneth Steinsåker, Nordfjordeid/Ulsteinvik. Han har jobba med fotoredigering, tekst, annonser m.m. Ingen av desse tre unge personane er altså hjørundfjordingar, men kor mange timar dei har jobba gratis for Hjørundfjordportalen veit dei ikkje ein gong sjølve. Vi kan glede oss til vi held kalenderen i handa. Vi tek også med desemberfotoet med tekst:
Kremtoppar. Utsyn frå Langnestinden Foto: Knut Hustad
Kunstverka til naturen overgår somme tider det vakraste vi menneske maktar å skape. Snøen som vert piska oppetter dalføra og bit seg fast på tindane, dannar former og fasongar som berre kan lagast med ein slik villskap som fjella i Hjørundfjorden har.
Litt om kalenderen
Her er 14 foto inklusive framsida og baksida. Alle fotoa er frå Hjørundfjorden, garantert. På 10 av fotoa er det ein person eller to. Berre ein av desse har fått namnet sitt på kalenderen. Dette er fordi alle personar er velkomne til Hjørundfjorden - ingen er viktigare enn andre.
Kalenderen vert i A 4 format, den får metallspiral i ryggen og vert sjølvsagt trykt i fargar - den skal i det heile vise kvalitet.
Kalenderen skal brukast som ein lekk i marknadsføringa av Hjørundfjorden, difor er stort sett alle fotoa av nyare dato. Nokre av fotoa har t.d. vore vist her på portalen tidlegare, andre er ikkje gjort kjende før.
Inntekta
Kalenderen kostar, men likevel trur vi sjølvsagt at vi skal tene pengar på den. Inntekta skal i så fall gå til Hjørundfjordportalen hjorundfjord,no, m.a.o. vår eigen kjære portal. Som dei fleste sikkert har fått med seg, har portalen slete med liten server. Dette skal rettast på, men ny server kostar mykje meir pengar å leige. Kanskje kan det også verte att nokre kroner til å gjere portalen betre.
Pris
No kan ein sjølvsagt hevde at det er risikabelt å trykke opp ein kalender i all den dag ein kan få ein kalender gratis i banken eller i butikken. Det kan så vere, men vi trur likevel at vi/de er villige til å betale kr. 200,- for denne fine kalenderen for å støtte opp om portalarbeidet og ikkje minst få ein flott kalender på veggen. Og kva med julegåva? Har du tenkt på at kalenderen vert flott å gje bort i julegåve?
Tinging/bestilling
Kalenderen vert heilt sikkert i salg i lokale butikkar her i Hjørundfjorden frå ca. 1. desember, men vi ber om at du/de tingar kalenderen allereie no. Klikk på e-postadressa under:
Her legg du att namn og adresse og seier samstundes ifrå om kor mange kalendrar du vil ha. Pris for ein: Kr. 200,-. Pris for to: Kr. 375,-. Vil du ha fleire tek du kontakt, gjerne på same e-postadresse(mail)
Dersom du ikkje kan/vil bruke e-post, kan du ta kontakt med ein av kontaktpersonane - sjå i venstre marg på denne sida.
At vi ynskjer at du tek sjansen å tingar no, har si årsak i at vi vil lodde stemninga for å vite omtrent kor mange vi skal trykkje opp. Vi kjem nok til å satse på 300 - 400 stykker, men vi må nok bestemme oss allereie neste veke. Difor er det viktig at du gjev beskjed no?
Er dette ein god idé? Kom gjerne med ein kommentar under. Etter kvart kan du også seie di meining på avstemmingsbarometeret vårt lenger nede til venstre, men likast er det likevel om du tek sjansen og bestiller ein kalender no. Bur du ikkje i nærområdet vil du få den fraktfritt tilsendt same kor du er i verden. Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.
Kommentarar
Då må vi vel bruke kommuna si side til å formidle saker om hjørundfjorden.
P.s.: Fleire har allereie teke sjansen - sjølv om dei berre har sett to foto - og tinga kalender. Ein har tinga seks(!) - "så har eg gjort unna heile julegåveskiten". Slik skal det gjerast. Kom igjen - klikk på e-postadressa osb.
Berre å bestille folkens !
Kalenderen, Ann Christin, vert nok ikkje trykt ferdig før ca. 1. desember, men eg trur eg kan love at kalenderen skal vere framme dei fleste stadar på jorda før jul - også New Zealand,
Det gjeld å reklamere for Hjørundfjorden!
Men no skal Sparebanken sin kalendar byttast ut :)
Den sistnemde vil nok framleis vere til rådvelde.
Sjølvsagt kostar det nokre kroner, men inntekta går nett til å dekke det som det kostar å uttrykke meiningar her på portalen.
Å oppretthalde han!
Om ein finn ut at kalendaren visuelt ikkje er tilfredsstillande eller at økonomi ikkje tillet eit slikt innkjøp, vil nok Sparebanken sitt tilbod framleis vere eksisterande.
Ser eg ikkje har vore presis nok i mi formulering. Det er på mitt kontor Sparebankkalenderen skal byttast ut med Hjørundfjordkalenderen.
Og vert det slik at det er kun for 2009 Hjørundfjordportalen gir ut kalender, ja så er heilt sikkert Sparebanken sin kalender tilbake på kontorveggen min i 2010 :)
Eg må også seie at eg er glad for at vi i går fekk såpass stor plass i Møre-Nytt og no trur eg nok at det vert sendt ei pressemelding til Regionavisa også. Vi har forresten fått tinging av kalender både frå Sørlandet og Nordland.
Det er spesielt gledeleg at så mange har sagt at "Hjørundfjordkalender" er eit positivt tiltak, ja, ein har faktisk tilbode seg å yte fotobidrag til neste kalender også...
Vi har sjølvagt ikkje som mål å konkurrere ut nokon, når det gjeld t.d. Sparebank 1 har eg god tru eit godt samarbeid... (Fleire punktum her også)
Innan eit par dagar må vi nok bestemme oss for kor mange vi skal trykke opp. Vi to i redaksjonen, Ronny og underskrivne, hadde nok sett at kanskje så mange som 500 vart trykt opp, men vi bør nok vere litt smålåtne. Dei som tenkjer økonomi i styringsgruppa vil nok ha sitt å seie. Som nemnt er det meininga at kalenderen skal verte eit godt og litt finare produkt - t.d. spiral i ryggen - og det kostar.
Men ein ting er heilt sikkert - dei/de som tingar kalender vil verte prioritert først, difor vonar eg at det vil klikke inn mange e-postar til dei næraste par dagane.
Ta vare på den.
Og etter kvart som dei vert lagt ut så vil dei nok forsvinne og. Du veit det er ikkje alle som er på nett, og svært mange ventar til dei er i salg før dei kjøper....
Så om du satsar på 500 i første opplag, så ha opsjon på endå eit parti med i forhandlinga.
Husk at det er mange utflytta Hjørundfjordingar, og ditte må då være årets julegåve :-)
Og heilt klart at dess lenger vekk dei er, des meir populært er det å ha bilete heimafrå på veggen :-)
Ca. 110 har tinga til no og det tikkar stadig inn nye. Eg forstår at kalender vil verte sendt til Tyskland, tre går i alle høve til USA. (Eg veit ikkje om Obama er ein av dei)
Når det gjeld talet som skal trykkjast opp, vil det nok for bygdemobiliseringa og portalen vere betre med for få eller for mange. Kalendrar som ligg att er ikkje god PR. 350 er eit tal som surrar i hovudet mitt...
Skal då ha en på kontoret sjøl, og sende en til New Sealand så sønnen m.fam får - og muligens blir det nokre julegåve også.....:-)
Washington, DC 20500, United States