Vi har framleis plass til fleire, så det er berre å møte på øving.

Kvar torsdag kveld kl. 19.00 - 21.00 held vi til på Grendahuset.

Opplæring

I eit generasjonskorps vil dei yngre dra nytte av opplæring frå dei eldre, eller omvendt. Nokre gongar har dottera spelt lenger enn mora...

Pause

Midt i øvinga har vi pause med kaffi, te, saft og kjeks.

Då er det bortimot speleforbod, men dei ivrigaste speler likevel.

Speleforbodet er forsøkt innført for at vi skal kunne prate i pausen og mykje prat og børs vert det!

Kjekt i korps

Ta ein tur om du har ein liten musikant i deg.

Du er hjarteleg velkomen!