Flaskeinnsamling

flasker2

Handballgrupa kjem med ny faskeinnsamling 11. og 12. november.
Vi håper mange er med og hjelper oss med å samle flasker og boksar også denne gangen, vi tek imot alt som er pant på.

Dette har etterkvart vorte ei viktig inntektskilde for handballgruppa og bygdefolket har vore svært velvillige og positive til at vi kjem på dørene og "tiggar".

Ta vel imot dei blide handballspelarane som kjem rundt om på dørene på Sæbø, Bondalen, Urke og Øyelandet.
Dersom andre enn dei som får besøk ønskar å bidra er det berre å ta ein telefon til Jan Rune Ville 91615396 og han organiserar henting.
Jon Arne tek også imot på Bellingen.

Alle, små og store som har tilhøyrigheit til gruppa stiller opp og gjer ein fantastisk innsats til beste for alle spelarane våre.

På forhand takk!