Mange har allereie synt interesse for bileta eg la ut i slutten av forrige månad, og eg vil difor dele iveren og gleda eg og Bjørnar Hovland fekk då det første snøfallet dekte Skårasalen. Vi gløymde liv og lære, pliktar og gjeremål og pakka bilen full av ski som me kunne tåle å få ei ripe i.

Kondisjonen er ikkje heilt optimalisert.

Etter at bilen blei parkert, ulovleg eller ei, fekk  me begge stemninga over oss. Me merka at det var lenge sidan sist. Snø i skorne, ta på feller med bitande kalde fingrar, og tankar som "det kunne ikkje vere ein idè å berre gå med dunjakka eit lite stykke iallefall?". Det er rart kor ein må venne seg til vinteren på nytt kvart år. Det var ein rar følelse å labbe i veg med fjørlett pudder av finaste sort allereie. Men erfaringa seier også at den finaste snøen kjem på nettopp på desse tidligaste turane, når kondisen er verst og låra surast. I starten prøvde me å følgje råsa, men det var fånyttes. Me blei tvinga ned i eit elvagjøl som me håpa me slapp å følgje nedatt. For sant skal seiast, underlaget var av den meir grove utgåva. Men høgdemeterane blei passerte, ein etter ein, og me kom oss endeleg igjennom jungelen og hadde fine sider med 20 cm nysnø og flott ur på over oss. Bjørnar gjekk fremst å brøyta spor først for skams skuld, men Håvard måtte ta over teten etter første stopp og heldt seg der til me var godt nede.

Maten smakar betre enn ansiktsutrykket skulle tilseie.

Etter ei økt med 14 brødskiver kvar med dansk salami og majones oppe ved inngangen av skaret i ca 900 meters høgde bestemte me oss for å lytte til både kropp og klokke. Nokre gongar treng ikkje kroppen å nå toppen. Så me labba berre 200 høgdemeter til, for heller å bruke tida på å få til eit godt bilde, i ekte friflyt-stil. Det var ei lettare nervøs stemning hjå både fotograf og køyrar i minutta før action. Det er ikkje berre berre å "gønne" på med god fart ned mot ein skavl, det første ein gjer i ein ny sesong. Heller ikkje lett er det å fange det heile på film. Men det gjekk tåleg bra. Nokre flotte, tynne linjer signerte Skårasalen, og festa seg på minnet, og minnebrikken. Og snøen er den beste på lenge. Ein kjenner seg rett bortskjemd der ein flyt ned mot Kvistaddalen i solnedgang allereie i oktober. Steinrøysa under det beskjedne snødekket høvlar av nokre fliser av skia som betaling i ny og ne, men likevel er det verdt det. "Uraskia" tåler slikt føre. Og me gler oss til meir.

Uraskia tek støyten.

Bjørnar tek sesongens fyrste sving.