Etter møtet nytta eg høve til å snakke med fleire folkevalde, og eg fekk danna meg eit inntrykk av både eit og hint. Møre-Nytt var der for å dekkje møtet, fotoapparatet kom fram, og poseringsvilja var det ingenting å seie på. Om ordføraren vil lime inn biletet i skrytealbumen sin veit ikkje eg, men i min kjem det ikkje. Vonar vi kan ta nye bilete ved ei seinare anledning.

Meir enn eg var budd på

Laurdag var vi i sentrum i høve eit køyrekurs i regi av fjordhestlaget. Eg hadde difor moglegheit til å sikre meg eit eksemplar av Møre-Nytt tidlegare enn postgangen her på stranda normalt tillet, det var kanskje ikkje så lurt med tanke på helgafreden. Eg skal ærleg innrøme att eg vart sett ut, noko som igjen førte til at eg måtte setje meg ned, eg ber om orsaking overfor mine med-handlande for den noko uortodokse oppførselen. Vel har eg vendt meg til at ein skal vente det uventa år det gjeld einskilde sektorar i kommunen, men dette var faktisk meir enn min gode fantasi tillet meg å vere førebudd på. Eg les artikkelen om tilrådinga i Skarbø-saka med store auge. Isolerar krava som vert sett fram og legg dei saman igjen. Eg har iallefall ingen problem med å halde varmen ein ellers kjøleg haustdag. Velkomen? Her er det snakk om noko slikt som eit års ørkenvandring i byråkratiets irrgangar, og ein kostnad på fleire hundretusen kroner, velkomen? I tragi-komikkens ljos vandrar tankane mine til konseptet med «tv-shop», for det er nett slik eg oppfattar vilkåra i tilrådinga til administrasjonen. Her har dei lagt til grunn ein basispakke frå fylket, ikkje nok med det, dei har henta fram eit par godsakar til frå skuffa, og toppar pakken med eit sakshandsamingsgebyr på 11 218 kr.

 Indre og ytre Skarbø

Indre og ytre Skarbø sommaren 07

I villfaring

Interesserte kan ta kontakt med underteikna for å leggje inn bod. Om ein skal dra komedien litt lenger, kan ein kanskje tillate seg å oppmode teknisk sektor om å oppfordre Knut Bjørnsen om å trå til i eit vikariat i ein pressa arbeidssituasjon. Eg kunne også vere frista til å be om ei utdjuping av kravet om å søkje om «auka bruk av eksisterande avkøyring frå fylkesvegen». For eg må ærleg innrøme at eg i dag svev i villfaring og kor denne terskelen ligg. Somme dagar hender det vi køyrer av og på fylkesvegen både 10 og tolv gonger, men det hender det er dagar denne avkøyringa ligg brakk også. Skal eg gå utifrå eit snitt, eller er det eit dagleg tak for antall passeringar? Har vi kanskje i all løyndom vorte tildelt ei årleg kvote, eller går det på vekt og hastigheit i avkøyringstidspunktet?  Eg takkar for velkomsten og prisar meg lukkeleg for at eg ikkje er uynskt.

 Konsekvensar

Eg ber politikarane på det innstendigaste om å tenkje seg godt om før dei tek ei avgjerdsle torsdag, for her må ein ta eit val, utfallet av dette vil nemleg få konsekvensar. Bankar Forvaltningsutvalet igjennom tilrådinga frå administrasjonen slik den framstår no, er det samtidig eit soleklart varsel til oss om å skrinleggje alle planar og setje kroken på døra.

For det første har vi ikkje i vår fase av livet økonomiske musklar til å stette dei krava som ligg i tilrådinga. Musklar kan ein få av å gå i bakkane her på bruket, men heller ikkje her veks pengar på tre. Ein kan ikkje bruke heile budsjettet på gebyr og konsulenhonorar utan å sjå noko igjen av det i nytteverdi, like lite som ein har råd til å la so mykje tid gå til spille utan å ha lagt nokre fleire steinar i det som skal vere grunnlaget for resten av livet. For tid er faktisk ein vel so begrensande ressurs når ein skal byggje opp noko, iallefall noko med so lange horisontar som det vi har, og som krev ein dugeleg porsjon fysisk innsats.

Torsdagens avgjersle vil ikkje berre bety noko for oss og om det skal vere ljos i vindauga her, men eg veit at det er fleire som følgjer saka med argusauge. Dette er menneskje som vurderar å satse sjølve, og her får dei signal på om det er noko å gå vidare med eller ikkje. Fleire har sagt beint fram at er det ikkje eingong mogleg for oss å få setje opp ein liten stall, er det berre for oss andre å skrinleggje våre planar. Det er nemleg ei rimeleg sterk vilje til å satse blandt fleire her innover. Dette er ein av grunnane til at eg terpar på at ei handling vert følgt av konsekvensar.

 Skarbøbø indre

Kulturvandring på Hjørundfjordstranda 20.08.06. Her frå tunet på Indre Skarbø. Mykje folk hadde møtt fram for å få oppleve desse tuna som har vore fråflytta. No er det kanskje håp?

Sedvane?

Mange har engasjert seg etter at saka har vorte kjent, eindel har også kontakta meg, av dei igjen har fleire forkynt for meg følgjande bodskap:

Alternativ 1; «Bygg! Ikkje søk, bygg! Det er lettare å få tilgjeving enn tillatelse i Ørsta kommune».

Alternativ 2; «For all del, kva du enn gjer, ikkje trakk teknisk sektor på tærne, det vil dei hugse i mange år framover.»

Kombiner gjerne begge alternativa. Eg har trekt litt på skuldrene og vifta det halvegs bort, av di eg ikkje kan få meg til å tru at eit system kan fungere på den måten, men det er kanskje det springande punktet.

Det må vere rom for å rette kritikk i eit moderne demokrati, like fullt som det må vere mogleg å skilje begrepet kritikk frå det å vere negativ. Det må vere lov for einskildpersonar både i det private og offentlege. På bakgrunn av uttalelsar kan ein setje spørsmålsteikn til om enkelte politikarar og politiske grupperinger manglar mot til å seie ifrå, av frykt for å oppfattes negativ og/eller krenkjande overfor enkeltpersonar.

Slik kan det ikkje vere, då dette kneblar og hemmar heile folkesuverenitetsprinsippet. Det har kome fram at eg ikkje er heilt uinteressert i historie. Ein av grunnane til at eg meiner historie og historiefaget er viktig, er at det nettopp er gjenom historia vi kan lære av våre feil og gjere ting annleis. Dette må ikkje tolkast dithen at om ein t.d har retta kritikk mot noko i fortida ikkje kan ha eit kritisk blikk i notida.

 Historie og biologi

Medan vi er inne på det med historie vil eg nytte høvet til å setje fokus på noko eg oppfattar som ein smule paradoksalt i forbindelse med denne saka. Vi blir bedd om å engasjere mykje kostbar konsulenthjelp og arbeidskraft utanfrå i forbindelse med å innlemme ei ny drift på bruket. Dette strid både med vår sunne fornuft og korleis det har vore mogleg å byggje opp dette og mange andre bruk gjennom tidene. Endringar og forbetringar har i stor grad, og ofte som einaste moglegheit, vorte utførd av drivarane sjølve. Slik har generasjonar vakse fram, historie vorte skapt og kulturlandskap danna.

I dagens moderne samfunn vert vi altså stilt overfor krav som ikkje gjer dette mogleg, framskritt heiter det visst. Evolusjon heiter det i biologien, grunnlaget for evolusjon ligg i mangfaldet, har ein ikkje utvalet å ta av får ein heller ikkje forbetringar og vidareutvikling. Dei same prinsippa meiner eg kan leggast  til grunn når det gjeld ein liten kommunes liv og lagnad. Vi bør hegne om mangfaldet som er, like eins som vi må ynskje velkomen og gje vekstvilkår for nytt. Symbiose er eit anna uttrykk frå biologien, dette freistar vi på forholdet mellom sentrum og periferi.

Skredfare?

Dette med skredfare har vore eit tilbakevendande tema, sjølv etter at høvdingane i Fylket har slått fast at her ikkje er fare for skred, iallefall venta å førekome sjeldnare enn tusenårsskredet(fråsegn Møre og Romsdal fylke 08.08.08), greier ikkje teknisk sektor å sleppe denne tanken. Ordføraren tok seinast på førre kommunestyremøte opp att dette. Ho hadde fått beskjed om at det var skredfare der vi vil byggje stallen. Det kan ikkje berre vere mellom meg og teknisk det er kommunikasjonssvikt ute og går. Eit anna moment som kom opp på det same møtet var det at området er merka med gult i kommuneplanen, dette skulle vistnok gjere det lettare å få til noko her.

 Skarbø utsikt

Reidar Skarbø fortel om garden på kulturvandringa 20.08.06

Proporsjonar

Enten har nokre store moment i saka gått oss hus forbi, eller så er ikkje vilkåra vi blir stilt overfor heilt i samsvar med det tiltaket vi har planar om å iverksetje. Dette uroar oss og (heldigvis) mange andre vi har snakka med. Kva har vi bedd om? Jau, vi har ytra eit ynskje om å få lov til å setje opp ein liten stall så hestane våre har tak over hovudet. Noko som vi i og for seg ikkje ser på som oppsiktsvekkjande, sjølv ikkje i eit LNF-område. Like fullt er det naudsynt, samstundes som det kan hjelpe oss til å gje oss eit grunnlag for å bu på denne plassen vi så gjerne vil få lov til å busetje oss. På same plass vil vi faktisk børste støv av gode gamle kulturminne, slike som forsvinn om vi ikkje kan få bu her. Naturen gjev og naturen tek. Vi vil sørge for at her igjen vil verte eit levande kulturlandskap, samstundes som vi ivaretek det tradisjonelle. Vi vil fortsette å ha ein god tone med alle våre grannar, og å oppretthalde ei desentralisert busetjing. Vi vil betale våre skattekroner, og det er ikkje umogleg at vi vil auke sysselsetjinga heller. Vi vil gjere det med glede om vi får lov, per idag ser det ikkje slik ut. Vi vil oppfordre politikarane til å gjere eit val og stake ut ein kurs. «Slekter følgjer slekters gong»?

 

Rolf Skarbø