Tua 21

Bilde over er frå dugnaden på Tingstova i 1989

 Ragnar Standal var primus motor gang . 

 I Dugnadsgjengen var det med mange som gjorde en kjempeinsats .                                                                                              

Nå kan desverre ikkje alle desse stille på en ny dugnad så eg håper vi ynrge kan stille denne gangen.                    
Eg som har sett etter Tua /tingstova har oppdaga mange endringer og spesielt siste 2 åra som setningskader, både i mur og grua som sig ut frå sjølve huset.          
Eg oppdaget nå i den siste regnperioda at taka lek på begge husa.                 
Det må vi sjå på så snart som råd.

Eg tok opp saka på styremøte i Hjørundfjord Sogelag i går kveld, så nå er  vedlikehaldsaka i gang men det må så klart til penger både til matrial og arbeid.

Eg lovet Ragnar Standal å ta vare på desse husa og derfor vil eg ta tak i denne saka og sjå kva vi får til.
Tua er også eit av hjartebarna mine og eit viktig kulturminne på Bjørke som vi må ta vel vare på for komande generasjoner.

Eg håper at eg får med med nye folk til en ny dugnad slik at vi kan sikre at Tua og Tingstova får sitt nødvendige vedlikehald.

Eg vil jobbe med denne saka i vekene som kjem og få kartlagt kvar det er mulegheit til å få tak i midlar/støtte og  kvar vi kan søkje om midlar.
Eg vil sjekke opp kva fylket og riksantikvaren kan hjelpe til med då husa er gamle og viktige kulturminner.

 La oss ta vare på kulturminna våre.