Etter ein liten mannsalder i Syvde, har har Øygunn, f. Rønning, saman med mannen sin, Kåre Myklebust, flytta til Øygunn sin barndomsheim på Leknes. Der har dei pussa opp og skapt seg ein triveleg heim, men samtidig varslar dei at dei vil vere deltakarar i det som rører seg i bygda.
Biletet er teke frå bøen på hovudbruket på Leknes og austover mot Norangsfjorden og Slogen. Det kvite huset i midten er Øygunn sin barndomsheim. (Foto: Kåre Myklebust.)
Kåre har alt teke plass i styret for Urke Landhandel og er vara til styret i Urke Grendalag. Når det skal kallast til felles innsats, er dei ikkje typane til å melde seg ut. Kåre har m.a. fotografering som hobby og vi har gjennom siste året fått sett nokre av blinkskota hans på Hjørundfjordportalen.
Kiosken står for fall. (Foto: Eldrid Øye)
Grendalaget har lenge diskutert ei fjerning av den ubrukte kiosken på ferjekaia. Eigaren, May-Lis Leknes, har ønskt å gi bort kiosken, men det var vore lita interesse, og ho såg gjerne at Grendalaget engasjerte seg for å jobbe med saka.
Kiosken var for stor og tung til å flytte i eitt løft og måtte difor demonterast bit for bit. Og her var det at Kåre Myklebust straks sa ja til å utføre den jobben. På eit par veker var alt fjerna. I dag er det berre nokre hol i asfaltdekket som ein vonar Vegvesenet fiksar ved ei anledning.
Reisverk og takstolar er pakka og skal til høgfjellet ved Grotli. (Foto: Eldrid Øye)
Ein av mannskapet på ferja takka ja til å overta veggar og takkonstruksjon. Bygget skal gjenbrukast som vedahus og naust aust for Grotli. Restmaterial og ubrukeleg inventar har han transportert til bossplassen i Hovdebygda.
No er plassen ledig og rydda og til neste år vil Grendalaget håpe at det kan bli råd med eit rasteplassbord og ei blomsterkassse på denne lune og trivselsskapande plassen ved ferjeleiet på Leknes.
Øygunn og Kåre har flytta til Lekneset og trivst i bygda. (Foto: Eldrid Øye)
Styremedlem i Grendalaget, Eldrid Øye, seier det slik:
- Her i bygda set vi pris på at det på nytt er lys i eit hus til og det er kjekt å vite at Øygunn og Kåre skal bu her permanent. Ekstra kjekt er det at her kjem aktive folk som engasjerer seg og deltek i fellestiltaka. Velkomne skal dei vere!
Øygunn har arbeidd i helsetenesta i Syvde, medan Kåre var avd.styrar i Sparebanken Møre si avdeling på Syvde. Eldste sonen har no overteke huset i Syvde og dermed er det fornuftig at ”gamlefolket” flyttar ut, meiner Kåre. Dei to kom til Urke for vel eitt år sidan og seier at dei trivst godt.
Huset har mykje nostalgi i veggane og vi må vere forsiktige for ikkje å fjerne dei minna. Dei har bygd ei solid terrasse på vestsida som har vorte den viktigaste opphaldsplassen i sommarhalvåret. Rundt huset veks hassel og kristtorn fritt, så her har dei to ein av dei lunaste plassane på heile Sunnmøre.
I sommarhalvåret er terrassen mot vest viktigaste opphaldsplassen. Her er det ”slektsstemne” med søstrene til Øygunn som er på heimlege trakter, saman med ektefeller. (Foto: Kåre Myklebust).
Alt i alt har vi funne fram til ei god løysing for oss sjølve og vi likar å høyre at andre set pris på at vi har slått seg til her, seier Kåre.
Kommentarar
Vi i Hjørundfjorden vil ynskje Øygunn og Kåre velkomne.
Slik må vi gjere med alle nyinnflytta- skriv ein artikkel og presenter dei!
"Slik går det når ein ikkje tenkjer med haudet ..", svara eg Eldrid tilbake, og eg må beklaga at eg hadde skrive feil.Eg skal prøve å skjerpe meg! Skrivefeilen vart i alle fall retta oppe i teksta.
Dorit Rønning er utvilsomt leiar i Urke Grendalag, medan Eldrid er styremedlem.