Dei tre som står bak den komande loppemarknaden på bedehuset på Sæbø, Ann-Helen Urkegjerde, Haldis Fiskå Mo og Ingvild Åmbakk, strålar no nesten som sola. Gjenstandar av ulike slag støymer nemleg inn. Men, understrekar dei tre, vi vil gjerne ha meir.
Gjenstandar/lopper strøymer inn og damene strålar. Frå venstre ser vi Ann-Helen Urkegjerde, Ingvild Åmbakk og Haldis Fiskå Mo.
Til no har dei fått inn pyntegjenstandar i massing, kopar, glas... Det er berre å ramse opp. Dei har fått inn dukar, gardin, golvtepper, spel, brødbokser, kakeboksar - (er ein heldig får ein ei kakeboks med kaker). Og Ann-Helen opplyser at dei har fått inn verdfulle smykker, ringar...
...brukte trulovingsringar også?
- He, he, nei, slike ringar har vi ikkje fått inn, men skulle ein eller annan ha ein slik ring til overs, tek vi sjølvsagt mot det også.
- Nemnde eg den store, flotte kaffikjelen vi har fått av bedehuset, spør Ann-Helen og opplyser i neste åndedrag at dei har fått ein flott, sikkert flunkande ny saftkokar. Bruksanvisninga ligg framleis i.
Ann-Helen syner fram den ubrukte saftkokaren - med bruksanvisning. Her ser vi også den store kaffikjelen loppemarknaden har fått av bedehuset.
Ingvild viser at loppemarknaden har eiga retro-avdeling også. Koppar/servise frå 60- og 70 talet er no topp mote.
Manglar du ein duk, eit golvteppe eller gardin til vindauga i bestestova, er det berre å kome, seier Haldis - prisen skal vi verte samde om.
Sjølv om dei tre allereie har fått inn mykje, tek dei svært gjerne imot meir. - Det vi ynskjer spesielt er småstolar og mindre møblar, seier Ingvild. Ho nemner kommodar, småbord, stolar - også gyngestolar og øyrelappstolar - kjøkenstolar, krakkar osb. Ja, til og med spisestover, dvs. bord og stolar, tek dei mot. - Vi har kanskje ikkje vore presise nok tidlegare, men det vi ikkje kan ta inn er store salongar, opplyser Ann-Helen.
- Og for oss som er litt gløymske - kva tid er det loppemarknaden skal vere?
- Loppemarknaden startar laurdag den 18. oktober klokka 11 og sluttar klokka 16, men her er også marknad på søndag - frå klokka 13 til klokka 16 då også, fortel Ingvild.
Og berre så det er sagt; det vert sjølvsagt matservering begge dagar. Det vert både smørbrød, kaker, kaffi og sikkert mykje meir. Og ein ting er sikkert - for kr. 30,- får du både bløtkake og kaffi og god stemning attpå. Heilt sikkert.
P.S.: Ann-Helen, Ingvild og Haldis tek mot gjenstandar/lopper både i morgon, tysdag kveld og onsdag kveld.
Kommentarar
Lukke til med innsamlinga. Kanskje det vert "kaule" på Sæbø når dørene opnar på laurdag og det vert kamp om å få tak dei beste "loppene".