Eit godt fotballag treng fine og passande drakter, meinte trenar Emile van Emden.  Han tok difor kontakt med hotellet på Sæbø og ikkje lenge etter kunne Sæbø IL sitt G-14 lag stille med nye, flotte fotballdrakter.  Emile er glad og svært takksam for at hotellet spanderte på laget desse draktene.

21092008886

G-14 laget med dei nye, flotte draktene.  Liggande framme ser vi Gaute Holen.  I midtre rekkje frå venstre: Kristian Straume, Elen Holen, Rebekka Skylstad, Emilie Ville og Jonas Jelti. I bakerste rekkje frå venstre ser vi trenar Emile van Embden, kjøkensjef Urkegjerde ved Sagafjord Hotell, Nina Hustad, Petter Årseth, Bjørnar Holen, oppmann Trond Holen og kokk Frøland.

I tillegg til spelarane som er med på biletet over, har Jakob N. Hustad, Henrik Mo, Olai Riise, Eivind Dimmen og Stian Storeide spelt for dette laget denne sesongen.

No etter at laget har spelt sin siste kamp for sesongen, konkluderer trenar Emile med at laget har gjort det godt - nærast overraskande godt.  I sesongen 2007 tapte desse fotballspelarane dei fleste av kampane dei spelte med mange mål - så mange at det nesten ikkje var kjekt å spele for dei.  Men i vårsesongen i år vann laget fire av sju kampar og tapte tre.  G-14 vart då nr. fire i sin serie. 

No i haustsesongen gjekk det endå betre.  Laget vart nr. to i serien etter å ha vunne fire av seks kampar.

IMGP7166 (Large)

Emile van Embden

Dei av oss som har vore til stades under treningar eller på kampar, veit at trenar Emile har gjort ein kjempeinnsats med laget.  Det virkar som om miljøet i laget er godt og spelarane har absolutt blitt meir lagspelarar under Emile si leiing.  At laget starta berre med  7 - 8 spelarar i vårsesongen og avslutta sesongen med 10 spelarar seier noko om det gode miljøet i G-14.

Emile sjølv vil ikkje ta mykje av æra for framgangen sjølv.  Han vil heller rose alle spelarane for god innsats.  Sjølv om laget heiter G-14, har jentene sin sjølvsagde plass på laget.  Emile vil ikkje trekke fram enkeltspelarar, men rosar t.d. Rebakka Skylstad sin treningsiver, ein iver som har synt att på bana.  Emile har også fått høyre av trenarar for andre lag at jentene er gode spelarar.

Sist i august arrangert Emile, pluss nokre gode medhjelparar - m.a. oppmann Trond Holen - eiga fotballturnering for aldersbestemte lag på Sæbø.  Det er vel rett å seie at denne turneringa vart ein stor suksess.

Emile seier at han er nøgd med det meste, men let det skine gjennom at han nok hadde vona på eit betre oppmøte av publikum på kampane - ikkje minst har han sakna foreldra.  - Foreldra si støtte er svært så viktig for spelarane,  avsluttar Emil som er spent på om Sæbø IL greier å stille nok spelarar til G-16 til neste år.