I oppdrettsanlegg på Austevoll er det registrert resistent lakslus. Dvs. parasitt som er motstandsdyktig mot medisin. Haste/krisemøte kalla saman for å drøfte situasjonen. Eller drøfte?

Realiteten er at dei er i full villreie.Frykta (heilt forståeleg) er spreiing vidare nordover på Vestlandet. Det vil kunne føre til katastrofale konsekvensar for den sørgjelege rest av villaks og annan villfisk i tillegg. Årsaka er overmedisinering som gjer lakselusa resistent mot medisinen.

Løysinga for alle villaksinteresserte sportsfiskarar må kanskje vere at vi i åra frametter sentrerar hobbyen vår til Sørlandet? Kalking mot sur nedbør har her gjeve fantastiske resultat i vassdraga. Villaks og aure kjem att som aldri før! Nemnt vert det knapt at her finnast det ikkje oppdrettsanlegg.....Det synast vere eit strategisk opplegg frå den kapitalsterke oppdrettsnæringa å spele nett på desse strengane.

"Look to Sørlandet." Her kjem villaksen attende! Løysinga i så måte frå Aina Valland, leiar i "Havbruksnæringas Landsforening" i ein diskusjon med meg i Sunnmørsposten var å kalke vassdraga i vår region.

Ein region der sur nedbør aldri har vore eit problem. Når den same A.Valland og tillegg kraftutbygging ei årsak til villaksen sin tilbakegong i vårt område, seier det vel alt om kunnskapen.

Dei fremste elvane på Sunnmøre. Bondalselva, Ørstaelva, Valldalselva, Stordalselva og Strandaelva er alle varig verna mot kraftutbygging. Alle er i same båt fangstmessig. 90-95% reduksjon i fangstane sidan 1990!

Lakselus er eigentleg eit lite krepsdyr. Det bit hol i huda på smolten. Saltbalansen bl.a vert øydelagd og fisken døyr snøgt av infeksjonar. Lusa vert kjønnsmoda om lag 4 veker etter at ho har funne sin vertsfisk. Holusa spyr då ut mengder av egg. Ut av desse kjem det må larvar som flyt fritt omkring før dei finn ein vertsfisk.

Når mykje fisk, som i eit oppdrettsanlegg, vert infisert av lus, blir vatnet i store område "fullpakka" med nye larvar på leiting etter meir smolt/vaksen fisk.

Slik vert balansen i det gjennom tusener av år tilpassa samspel mellom lus og villaks øydelagd. Smolt og villaks vert "bombardert" av lus som på kort og lang sikt er drepande og utryddande.