Etter mange års planer og lovnader om ny regulert boligområde på Sæbø vil no oppdragsgjevar, Opplysningsvesents fond(Ovf), i samsvar med §§27-1 og 30 i Plan-og bygningslova igangsette reguleringsarbeid for gn.169 brn.1 - Ørsta kommune.
Siv. ing.Kåre Gjengedal i AG Plan og Arkitektur AS er mannen bak tidlegare reguleringsplan for Sæbø, og seinast var det han som utforma 3D-teikninga i 2006. Den varsla reguleringa var også teke med her i Bygdemobiliseringa sine visjonar for Sæbø.
Det tenkte planområdet gjeld i hovudsak prestegardsmarka på Sæbø nord for kyrkja/gravplassen. I tillegg kjem areal for sikring av utbyggingsområdet mot ras, samt tilknyting av byggeområdet til offentleg veg.
Vegtilknytinga vert diskutert under planprossen i to alternativ: vest om kyrkja eller nord/aust om kyrkja. Vegalternativet med tilknyting vest om kyrkja (til gamle riksvegen), må pga.kyrkjegardsmuren, leggast noko vest om kyrkja. Det kan då vere naturleg å sjå på ei viss utviding av gravplassen som del av denne vegløysinga.
Eksisterande løde nord om gravplassen er regulert til off. føremål i gjeldande reguleringsplan. Dette området vil bli vurdert regulert om til andre byggjeføremål.
Noverande plansituasjon etter kommuneplanen.
Det tenkte byggjearealet inngår i kommuneplanen som LNF-område. Kommunen har sjølv teke opp spørsmål om å regulere arealet til bustadsføremål. Kommunen stiller seg såleis positiv til det no varsla planarbeidet. Arealet er tidlegare ikkje regulert.
I hovudsak vil den nye reguleringsplanen innhalde byggjeareal til frittståande bustadar(FS-område), evnt. nokre tomter for konsentrert bustadbygging(KS-område). Det vert innregulert køyreveg, fellsareal som innheld leikeplass, samlingsplass, felles gangveg, felles avkøyrsel/veg og felles parkering.
Planarbeidet vil også omfatte sikringstiltak mot. evnt. snøskred (Skondalsfonna) og tilkomst til bustadområdet. Ei rasvurdering med ein evnt. ny voll lenger vest vil sikre bustadområdet og høgspentanlegg mot rasfare. Reguleringa vil også berøre kommunalt vassanlegg og evnt. gravplass.
Kommuna har prioritert dette arbeidet utan merknadar om at dette arbeidet vert sett i gong, og Ovf. ønskjer reguleringsplanen godkjent i løpet av hausten 2009. Det er aktuelt å starte opp byggjearbeidet så snart som råd etter kommuna si stafesting av planen.
Dei som har innspel til reguleringsarbeidet må skrifteleg henvende seg til:
AG Plan og Arkitektur AS
Postboks 135
61651 ØRSTA
Tlf. 700 61 600
Frist for innspel er 28.10.08
Grunneigarar og off. mynde vert varsla i eigne skriv.
Kommentarar
Ikkje alle vil bu med mykje rom rundt seg. Fleire ønskjer å bu i sentrum med folk rundt seg, andre blir eldre og treng ei lettstelt husvære nær andre utan å måtte flytte "bortover". Slike husvære manglar vi og i Hjørundfjord.
Derfor ønskjer eg bustadar på Prestemarka velkomen.
Og det hjelp lite med folk når vi ikkje har mat.
Det er dårlig prioritering både miljømessig og økonomisk å bygge nye hus mot å ruste opp dei tomme gamle.
Dette er det politikarane som er innvalde for å avgjere for oss, korleis areala skal regulerast. Er det nokon som har informasjon om dette med regulering av Prestemarka har vore til politisk behandling hjå politisk landbruksmynde?