Eg har ei vag kjensle av at det synast feste seg eit inntrykk av Hjørundfjorden som eit område fylt av pessimisme og fråflytting når ein les innlegg i lokalavisa og i andre fora. Det er ikkje slik!

Hjørundjorden er i positiv utvikling og krev at vi som bur her er oss medvite det. Framtida er ljos om dei ansvarshavshavande tråkker varsamt. Vonleg vitande om at natur og næring i framtida meir og meir er avhengige av kvarandre.

Kvivsvegen vil gje Bjørke-området eit fantastisk løft med framtidsutsikter. Tunnel Viddal-Leira gjev bod om auka busetjing i desse bygdene.

Union Hotell på Øye er landskjend og står framfor utviding. På Urke er det positivisme som råder i denne vakre bygda. Ei bygd skjerma frå nordausten i Hjørundfjorden og ligg i le og trekk til seg turistar. Stennes ligg som ein velstelt oase.

IMGP7714 kopi

Norangsfjorden med Øye der Union Hotell ligg.                                   Foto:  KH

Sæbø er hovudsete i Hjørundfjorden. Og må vere det. Ideelt i høve Ørsta/Volda for arbeid der og busetjing på Sæbø. Strandsone nyleg vakkert steinsett i regi av Bygdemobiliseringa. Ytterlegare planar ligg føre for sentrum. Ny båthamn med plass til nær 50 båtar i privat regi.

Eit flott hotell velkjend både lokalt, nasjonalt og internasjonalt  og som vert venta snart utnyttar sitt potensiale. Rekkedal Gjestehus syner veg og har funne si nisje. 2 campingplassar med langt over 100 "fastbuande" vogner. Sæbø er ei bygd der ledige hus vert avhenda snøgt og etterlet seg eit behov. Difor er det gledeleg at byggje-feltet på "Preste-marka" no finn si løysing.

Fleire unge familiar busett seg på Sæbø/Bondalen. Ytterlegare fleire kan tenkje seg nett det. Ikkje minst gledeleg med utandlandske. Vonleg kjem fleire etter. Sæbø I.L er særs aktivt og femner heile Hjørundfjorden.

På Trandal er det tankar og idear om vidare ekspensjon. Strandabøen og Molaupen ligg til rette for "strandhogg." Rusta opp og lagt til rette av Tussa A/S.

Standal synast no å få orden på reguleringsplan for sandtaket. Hyttefeltet på Standaleidet vert fylt opp. Det planlagde turist-anlegget ved fjorden er liv laga.

På Saltre bur ei ung familie. Stafset vert som alltid ivaretekje. På Skarbøen ordnar det seg nok for dei unge som vil busetje seg der. På "Lissje-Standal" synast det som om Eli-Anne ordnar opp.

Utleige-hytter til fiske-turistar som attåt-næring har bygd seg opp. Her ligg eit framtidig stort potensiale! I botn av alt vil seriøse investorar/reiseselskap gå inn med meir og meir midlar og satse på Hjørundfjorden som framtidig reisemål.Hurtigbåten til "62 Grader Nord" vil neste år utvide seseongen på Hjørundfjorden. Ruta tek til tidlegare og vil vare lenger.

Så alt i alt treng ein ikkje ottast så mykje for nedgongstider i Hjørundfjorden. Tvert imot!

Meir positivt kunne seiast. Ikkje minst om den vakre naturen i Hjørundfjorden. Ein av verdas vakraste fjordar som "ligg som ei uopna skattekiste og berre ventar på å verte opna." Som Sigmund Årseth så treffande sa til meg under ein samtale. Sjølvsagt ligg utfordringane for arbeid og busetjing i Hjørundfjorden klart opp i dagen, men føresetnadane er til stades for nett det.

 

P.S

Den fantastiske turistmagnet som villaks i elv og fjord ville vere, måtte eg utelukke p.g.a stoda for den fleire tusener år tilpassa villaksen. Difor bl.a er den sjøbaserte oppdrettsnæringa med sine ulemper i mine augo ikkje å ønske i Hjørundfjorden. Men det er vel ikkje noko nytt.....?

Men det er von for villaksen for komande generasjonar om dei rette grepa vert tekje lokalt og nasjonalt. Tenk dykk eit framtidig scenario med 3-4000 landa laks i Bondalselva. Som ein del år attende ikkje var uvanleg. I år vart det tekje vel 200.....

Bjørke-elva og elva på Øye nytta og godt av dei mengdene av frisk villaks og aure som strøymde inn i Hjørundfjorden. Likeeins sjøfiskarane.