Eldar Høidal saknar tilliks med mange andre heilskap i næringsutviklinga i Ørsta, og styret i Ørsta Næringskontor tok tidleg i vår initiativ til rullering av strategisk næringsplan for Ørsta kommune. Ein slik næringsplan er naudsynt for at ein skal kunne ha heilskap i næringsutviklinga i ei kommune. Planen skal analysere utfordringar, skissere løysingar, og fordele ansvar mellom kommune og næringsliv for utviklinga mot ei demokratisk vedteken målsetjing. Det faste planutvalet vedtok på sitt møte 28.08.2008 å starte arbeidet med rullering av strategisk næringsplan, og at arbeidet med denne planen skal utførast av stiftinga Ørsta Næringskontor. Planarbeidet skal utførast i tett samarbeid med planavdelinga i kommunen, og etter same mal som andre kommunedelplanar. Vi legg opp til at planen etter høyringsrundar skal leggjast fram for vedtak i kommunestyret i mai 2009.

 Enklare før

Mykje har skjedd sidan Høidal for nokre tiår sidan dreiv Øyehaug pelsfarm fremst i Follestaddalen. Plan- og bygningslova frå 1997 (Pbl) legg føringar både for kommunen og private for kvar og korleis både verksemder og bygningar skal plasserast. For at lova skal kunne være anvendeleg i både by og landkommunar av ulik storleik, er den utforma slik at mange av paragrafane er valfrie for kommunen. Dette sikrar at lova kan tilpassast den einskilde kommune sitt behov for å bruke lovverket som eit verkty for å skape bu- og etablerarlyst. Ei slik politisk tilpassing er ikkje gjort i Ørsta kommune, og ein differensierar difor ikkje krava, men nyttar lik tolking av regelverket i utkantane og i sentrum. Ei drøfting av korleis Pbl skal praktiserast i Ørsta for å gjere det enkelt å etablere seg her vil være eit sentralt tema i den komande strategiske næringsplanen. Inntil kommunestyret får lagt slike føringar, meiner eg at alle byggesaker i LNF områder skal handsamast som forvaltningssaker av Landbrukskontoret, og ikkje belastast teknisk avdeling.

Sakshandsaming

Med utgangspunkt i pålegga som er gitt av teknisk avdeling for dei to unge etablerarane på Skarbøen, konkluderer Høidal med at det hadde vore ei føremon at ”dei som peikar på reglar og planar som ein må rette seg etter og dei som kan vise veg ut av reglane og planane og gje praktisk hjelp og finansiell hjelp” hadde vore i same kontormiljø. I den omtalte saka på Skarbøen har kommunen tatt ei melding frå tiltakshavar som er i tråd med §81 i Plan- og bygningslova om driftsbygningar i landbruket, og vurdert den som ei dispensasjonssak i høve Pbl §17-2 som legg føringar for bygging innanfor 100 meters beltet langs sjøen og §20-4 c om spredt utbygging. Å anvende §17-2 i det brattlendte terrenget på Skarbø synes lite logisk og saka er eit godt døme på at bygge- og meldingssaker saker som gjeld LNF område bør forvaltast av Landbrukskontoret, og ikkje teknisk avdeling. Ei slik arbeidsfordeling mellom teknisk sektor og Landbrukskontoret er kurant i forhold til forvaltingslova og vil frigi ressursar for bygge- og oppmålingsavdelinga, og ein oppnår nett dei føremonane Høidal peiker på ved at same kontor forvaltar lovverket og handsamar stønadsordningane.

 Stønadsordningar og fond

Både Næringskontoret og Landbrukskontoret er ein del av førstelinetenesta for nyetablerarar. Når prosjekt og nyetableringar er knytt til landbruk, eller når næringa vert driven på ein gard, vil Landbrukskontoret være rett kontakt og ha oversikt over stønadsordningane som er tilgjengelege frå Innovasjon Norge og Møre & Romsdal fylke. Ørsta kommune oppretta i 1996 eit kraftfond, og årleg går 1,2 mill frå dette som næringsretta tilskot til marknadsføring, forsøksring, distriktsveterinær, landbruksvikar, industriområde og driftstilskot til Ørsta Reiselivslag. Vi har ikkje eigne kommunale etablerarstipend i Ørsta verken innan landbruk eller andre næringar, men kommunen bidreg direkte til drift av Ørsta Næringskontor. I tillegg lyt det peikast på at kommunen i samarbeid med næringslivet har investert mykje i næringsbygg, noko som har vore ein føresetnad for tettstadsutviklinga i Ørsta.

 Organisasjonsmodell

Høidal meiner at problem kunne vore unngått om Næringskontoret var underlagt administrasjonen i kommunen, og at organiseringa slik den er no gjer det vanskeleg å  koordinere utviklingsarbeidet i Ørsta. I ei årrekkje var Næringskontoret direkte tilknytt administrasjonen i kommunen, og erfaringane med dette førte til opprettinga av det frittståande kontoret i 1998. Det er ingen motsetnad mellom eit frittståande Næringskontor og tett samarbeid med både den administrative og politiske leiinga i kommunen og teknisk sektor. Sjølv om Næringskontoret ikkje har sakshandsamingsansvar eller er ein del av forvaltinga, skriv vi utkast til saksinnstillingar både for administrasjonen og ulike utval. Mange kommunar har tilsvarande organiseringsformer, og erfaringa er den gir auka moglegheit for samhandling mellom næringsliv og kommune ettersom næringslivet kjenner sterkt eigarskap til kontoret. I brukarundersøkinga som kommunen kravde gjennomført i 2006 var både dei 103 medlemsbedriftene hjå oss og andre brukarar av kontoret heilt tydelege på at Næringskontoret skal halde fram med å være frittståande.

 Andre organisasjonsformer

Tidlegare landbrukssjef Olav Klokk talte varmt for at Næringskontoret og Landbrukskontoret burde samlokaliserast. Båe einingane har samanfallande interesser i arbeidet med næringsutvikling, og vi har og eit godt og veksande samarbeid gjennom til dømes Hoppid.no prosjektet som er initiert av Innovasjon Norge og fylkeskommunen. Det er likevel ein føresetnad for å lukkast med den grunnleggjande målsettinga om å være pådrivar andsynes kommune, fylke og stat i næringssaker og i næringspolitiske spørsmål, at Næringskontoret har organisatorisk sjølvstende.

 

 

Beste helsing,

Martin Foldal

Sti. Ørsta Næringskontor