OPE BREV

til

Grendalaga i Hjørundfjord

og

Bygdemobiliseringa

 

 

PROSJEKT:

SYNLEGGJERING AV BYGDENE

- natur,  kultur og næringsgrunnlag.

 

Bakgrunn

Hjørundfjord-området er ein del av Ørsta kommune som har vore prega av stor fråflytting gjennom dei siste ti-åra.  Denne utviklinga har utvikla haldningar prega av pessimisme og lite tru på framtida.

 

På den andre sida representerer Hjørundfjord noko av det vakraste som kan framvisast av norsk natur og norsk landskap. Det er mellom anna dette naturgrunnlaget som gir tru på ei framtid for området. Det trengst tilførsel av nytenking og vilje til omstilling. Denne omstillinga må ein no ta tydeleg tak i og med det hjelpe alle gode krefter som på ulike måtar kan yte sitt til å ta vare på tradisjonar som må tilpassast ei ny tid og  ta vare på dei mulegheitene som finst.

 

Det synest som meir sentrale aktørar og våre styresmakter har fått større forståing for det arbeidet som må gjerast og støttar opp under slikt arbeid. Lokalt må det visast interesse for å gå inn for tiltak ved å gå inn på eit målretta utviklingsarbeid basert på forpliktande planar.

 

Dei lokale grendalag v/styret – eller andre liknande organisasjonar som kan representere bygda - må ta på seg å vere den lokale aktøren.  Grendalaga må gå inn i eit samordnande arbeid med Bygdemobiliseringa.  Bygdemobiliseringa må representere grendalaga i arbeidet overfor fylke, kommune og andre samarbeidspartnarar som kan gi økonomisk støtte til prosjektet.

 

Det er ikkje ønskjeleg at dette prosjektet vert sett opp som ein konkurrent til andre tiltak som er under planlegging i bygdene. Prosjektet ”Synleggjering av bygdene” må vi prøve å drive fram ved hjelp av lokal innsats med støtte frå Ørsta kommune, Hjørundfjord sogelag, kulturmidlar frå Møre og Romsdal fylke, reiselivslag og lokale foreiningar. Med frist 3. november 2008, (utlyst i skriv dat. 03.10.08), vert prosjektet sett i samanheng med utlysinga frå Kommunal- og Regionaldepartementet vedk. midlar til pilotprosjekt i 2008.

 

Målsetting:

Hjørundfjorden er ei av perlene i norsk natur. Vi må vise fram dette til andre ved å gjere landskapet og bygdene meir synlege ved skilting av turstiar, laga gode informasjonstavler

med kart, bilete og orienteringar om alt som kan vere interessant for alle som ønskjer å lære om bygda sine nye tiltak og tradisjonar som sæterliv, gamle bygningar (kvernhus, naust, stabbur og løer), lokalhistorie, turstiar og fjellturar. I tilleg praktiske opplysningar om transport, handel, hamn m.m.  Synleggjeringa skal auke trivsel, skape meir tru på eigenverdien  og auke ei positiv sjølvkjensle.

 

Arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling:

Informasjonstavler og informasjonsbygg:

 

 

Bygdemobiliseringa sine oppgåver:

 

Alt. I:  I nokre bygder kan ein tenkje seg ei slik løysing av informasjonsbehovet:

 

Ei arbeidsgruppe, oppnemnd av Bygdemobiliseringa, lagar ei skisse over

eit  informasjonsbygg utført som GRINDBYGG

( breidd: 3,25 m, djupn: 2,5 m). Dette bygge skal gi rom for ei lita sitjegruppe under tak. I innvendig bakvegg må det vere god plass til ei opplyst tavle m/glas i ramme. Her plasserer ein hovudorienteringane. Utvendig markerer ein at dette er informasjonsstaden (standard skilt) og på innvendige veggar vert det og oppslagstavler til annan informasjon enn på hovudtavla. Torvtak, bosskasse.

 

Alt. II:  I andre bygder kan ein tenkje seg ei slik løysing av informasjonsbehovet:

 

Same gruppa lagar ei skisse over

ei høveleg informasjonstavle utført som GRINDBYGG

i høveleg størrelse med plass til orienteringar om bygda og plass til oppslag.

 

Både informasjonsbygg og informasjonstavler må illustrerast, målsettast og det må utarbeidast ein kalkyle over samla kostnader fram til oppsetting som må utførast på dugnad, men med fagleg assistanse. Alle desse kostnadene, medrekna dugnadsinnsats, vert uttrykt i eit budsjett for kvar bygd og for heile Hjørundfjordområdet.

 

Bygdemobiliseringa hentar inn ønskje fra grendalaga som skal gi opp kor store kostnader som kan dekkjast frå bygda (eigne midlar + andre lokale foreiningar). Der etter lagar Bygdemobiliseringa ei samla søknadsoppstilling m/vedlegg og presenterer desse for alle instansar som kan tenkjast å gi støtte til prosjektet. Økonomioppsett og arbeidsleiing skjer i regi av Bygdemobiliseringa. Når det gjeld reisingsarbeidet og deler av informasjonsutarbeidinga, vert dette ei oppgåve for grendalaget.

 

Grendalaget ( ev. andre organisasjonar) sine oppgåver:

 

-  Varslar Bygdemobiliseringa om kva løysing bygda v/ styret i Grendalaget, ønskjer.

-  Vurderer plassering og tek kontakt med grunneigar og syter for avtale.

-  Tek ansvar for dugnadsinnsats ved reising .

-  Tek initiativ til utarbeiding av informasjonsstoff.

-  Vurderer korleis vedlikehald, stell m.m. skal organiserast. Ein føreset kommunal

    bosstømming ved informasjonsbygg på linje ved rasteplass. Ved bygg bør det og

   vere lett tilknytning til straumkjelde.

 

Helsing

 

Per Urke                                                                                11. oktober 2008

 

 

For å illustrere eit utgangspunkt for dei to alternativa, viser eg to skisser som er henta frå Stordal Sogelag.  Det er likevel Bygdemobiliseringa si arbeidsgruppe som må stå for utforminga av løysingane.

 

 

grindbygg_sp_550w

 Grinda til Informasjonsbygget

grindbygg_2_sp_550w

 

Grinda til informasjonstavla på Overøye

informasjonsbygget_435x341

 

 Ferdig oppsett grindbygg i Stordal ser slik ut.

Og nedanfor ser du grindene som Thomas Hustad har bygd på hytta til Rune Håndlykken på Hjellane. Godt arbeid !

Stav reisverk Rune