Skal ei misvisande overskift på Hjørundfjordportalen om ”Rundkøyring i Urkedalen”  kalle Naturvernforbundet på bana nok ein gong?  I slutten av august melde eg frå på portalen at det no var køyrande veg til Myrsætra frå Indre Urke under denne overskrifta.

 

I meldinga gjekk det fram at ein av gardbrukarane på Indre Urke, Helge. L. Urke, i ein samtale nemnde at han for første gong hadde køyrt denne vegen kvelden før, 26. august, for å sjå til sauene sine lenger framme i dalen.

 

Fra Røyrfonntind KH

Her står Knut Hustad på Røyrfonntinden og vi ser ned mot rørgata og vegsystemet framover mot inntaksdammen til Urke Kraftverk. Det er den rette veglina t.h. Naturvernforbundet vil ha stengt. Dette biletet er frå anleggsfasen av rørgata og ser svært dominerande ut på dette biletet. Vegen skal ligge rett over røret og vil vise langt mindre.  Slogen t.v. (Foto: Olav Haugen)

I ”Møre-Nytt”, laurdag 18. okt., refererer Knut Festø i Naturvernforbundet til denne overskrifta på Hjørundfjordportalen og mellom linene får ein kjensle av at det skal bli ein omfattande trafikk på denne vegen som om det var ei av rundkøyringane i Ørsta sentrum eller på Moa.

Populær trimturløype

 

Eg har hittil ikkje høyrt om nokon som har køyrt fram på ei side av dalen og ned att den andre sida, dvs. rundkøyring.  Derimot har eg fått rapportert frå bygda at dette har vorte ei populær trimturløype. Dette er gledeleg og opnar for meir bruk av naturen.

 

Festø seier at ” Naturvernforbundet kan verken forstå eller godta at Tussa har behov for to parallelle vegar med fyllingar og skjeringar i fjellterrenget for å halde tilsyn med røyrgata og inntaket.” Mitt spørsmål er: Godtek ikkje Festø konsesjonsvedtaket?

 

Det kan sjå ut som om Naturvernforbundet har starta ein omkamp om konsesjonsvilkåra som vart gitt av NVE 07.07.2006. I ”Møre-Nytt” siterer Knut Festø berre den delen av vurderinga frå NVE som passar inn i sin eigen argumentasjonen. Eg tillet meg å sitere heile det aktuelle avsnittet i konsesjonsdokumenta og skriv i kursiv det som Festø utelet:

 

Medhald til Naturvernforbundet

NVE skriv under avsnittet vegbygging:

 

”For landbrukseigedomar med aktiv drift vil vegutløysing i skogs- og utmarksområde vanlegvis vere positivt både for skogsdrift og for utnytting av utmarksressursane.

 

Den planlagde forlenginga av skogsvegen langs rørgata i ei lengd av ca. 1,1 km fram til inntaket vil for ein stor del bli liggande over skoggrensa. Permanente vegar på begge sider av elva heilt opp til inntaket vil etter vårt syn medføre dominerande og til dels unødvendige inngrep i det tronge dalføret. Det vil vere trong for midlertidig veg langs rørgata i anleggsperioden, men NVE kan ikkje sjå at det er trong for permanente køyrevegar på begge sider av Storedalselva verken til drifting av inntaket eller i høve til skog-/utmarksressursane. Drivverdig skog omfattar eit mindre areal langs nedre del av den forlenga skogsvegen. Denne anleggsvegen må i størst mogleg grad tilbakeførast til terrenget, og etter vår vurdering avgrensast til ein kombinert sti/traktorveg for skogsdrift/andre transportoppdrag i landbruket og som tursti både sommar og vinter. NVE meinar ei løysing med berre køyreveg på nordsida saman med brukryssing, enten ved damstaden eller eksisterande brustad, vil gje tilfredsstillande tilkomst til Langsæterdalen, og binde saman veg og stisystemet i tilstrekkeleg grad.”

 

Dette er formuleringar og avgrensingar frå NVE si side som i stor grad gir medhald i dei synspunkt som Naturforbundet uttrykte i høyringsfasen og er ikkje i samsvar med søknaden frå Tussa, Ørsta kommune, bygda eller grunneigarane sine uttalar, som berre i liten grad nådde fram med sine ønskje og behov.

Overkøyring av brukarinteresser

 

Eg har stor forståing for andre synspunkt som kom til uttrykk i høyringsfasen: ”Det er eit sterkt ønskje frå grunneigarane og bygdefolket at denne anleggsvegen er open for ålmenta etter at anlegget er ferdig. Dette på grunn av rasfare på nordsida.” Nordsida er til vanleg stengd av ras i vinterhalvåret. Men eg har hittil ikkje høyrt at bygdefolket ikkje aksepterer vilkåra i konsesjonsløyvet, noko som eg no tvilar på om ein kan seie gjeld Naturvernforbundet.

Nordsida er stengd i vinterhalvåret

Festø avviser at det skal tillatast ein traktorveg slik som det er uttrykt i konsesjonsvedtaket. Dette må kallast ei overkøyring av brukarinteressene som ikkje har rot i lovleg fatta vedtak.

 

I intervjuet med Terje Myklebust, Tussa Energi AS, i same nr. av ”Møre-Nytt” orienterer han om at etter kvart  skal denne strekninga gro att, men at det skal vere mogeleg å køyre denne strekninga med traktor når nordsida er sperra av ras.

 

Tussa Energi AS har ikkje, etter det eg veit, avslutta anlegget og skal, i følgje vilkåra, ha midlertidig veg i anleggsperioden. Det må vel tillatast at det frøet som i haust har vorte sådd inn i overdekninga på anleggsvegen får høve til å spire. Kanskje ein må vente til våren?

 

Kjempejobb av Tussa

Tussa Energi AS gjer ein kjempejobb for å stelle pent etter seg så langt. Det ser vi rundt heile anlegget og då må vi ha tid til å vente på at gras gror og at ting rettar seg etter kvart i eit tempo som naturen treng. I tillegg bygg eigaren turstiar i området og vil erstatte den skadde gangbrua over elva ved Langsætra. Rundt kraftstasjonen er det mest som ein park som er lyssett i mørkret.

 

Terje Myklebust i Tussa Energi AS har vorte pressa langt, lenger enn konsesjonsvilkåra frå NEV og avtalen som er inngått med grunneigarane, dersom det ikkje skal vere køyrbar veg framover på sørsida.  Eg vil oppmode Tussa Energi AS om ikkje å la seg presse til å bygge bom slik Myklebust omtalar. Bom over vegen på sørsida er heller ikkje omtala i noko dokument og lite foreinleg med trivselsskaping. Skal det byggast bom, må det vere ein i kvar ende. Brukarane bør sparast for bom-ordningar. Vi vart glade over å få fjerna bommen på nordsida. Dersom Festø sine argument skal få råde, er eg redd for at gardbrukarane hentar fram at planen om veg heilt inn til Langsætra, i så fall vert den privat og lagt parallelt med den nye vegen som Tussa Energi AS har bygt.

Nok med skilt

 

Kan ikkje Naturvernforbundet nøye seg med at vanlege veg- og turskilt skal vise til bruksvegen som går på Nordsida, utan at det må etablerast bommar i begge endane av vegen på sørsida? Eit diskret skilt i kvar ende av den nyetablerte vegstubben på sørsida, er å gå langt nok. Har Festø tålmod til å vente til anlegget er fullført og ikkje ”ta av” på grunnlag av ei lite dekkande overskrift i Hjørundportalen? Eg forventar seriøsitet, også frå Naturvernforbundet si side!

 

Det trengst fleire P-plassar, takka vere NVF

Eg vil og minne om at det er eit uttrykt grunneigarønskje om eit høveleg tal P-plassar ved enden av vegen på nordsida og ved inntaket. Også ved Haugemyra trengst det oppstillingsplass sidan vegen vert mindre farbar enn det som var den opprinnelege planen.

 

Kan vi få oppmode Naturvernforbundet om å opptre som problemløysarar i staden for skrankebyggarar?

 

Per Urke