Hjørundfjoren er mellom perlene i vår natur. Det blir så ofte sagt og skrive at det kan ikkje berre vere noko som vi trur, det er ei allmenn oppfatning. Men maktar vi å halde fast ved det og i tillegg støtte opp under det? Kan vi ha innebygd i oss nokre bremser og mindremannskjensler? Vågar vi ikkje å "briske" oss over den flotte naturen alle synest å vere så opptekne av?

Det er i alle fall ein god del andre som ikkje slit med mindremannskjensle og ikkje er særleg beskjedne. I rein (og litt latterleg?) stormannsgalskap har nokre til og med oppdaga at det å vedta at ein vil skifte frå bygd-/tettstadstatus til BY-status, kan ein sette fokus på seg sjølv og med det styrke sin eigen sjølvkjensle..

Vi slit nok litt med å vere synlege og kan ha lett for å drukne mellom andre som ropar så mykje høgare. Eg har tenkt ein del på verdien i det å gjere seg synleg, å kjempe for å halde ryggen rak og vere stolt av det ein har.

Det at stadnamna våre kjem tydeleg fram er ein del som verkar på bygda sin eigen status. Den dagen styresmaktene tek bort vegskiltet for bygda vår, når stadnamnet ikkje lenger står på kartet, skjer det noko inne i oss som vi ikkje likar å sette ord på. Når postadressa di vert namnet på fjorden i staden for bygda, er det vanskelegare å forklare kvar du høyrer til.

Opplysningsskilt

Skilt må til! Dei skal vise kvar ein er og kvar ein kjem. Det kunne gjerne vore eit på toppen som fortalde at ein her er på Ytre Urke.

Skilta i byane skal vere vakre og påkosta. Tenk deg ein parallell til ein by eller tettstad der gateskilta og husnummera vart fjerna.

Gateskilt

Når ein skal på fjelltur, er det og viktig å ha skilt og oppmerka ruter slik at ein finn fram.

Turskilta

 

Det er først og fremst framande og turistar som skal ha nødvendig orientering.  På Øye-kaia er er det laga eit flott oppsett som orienterer om Norangsdalen, turruter og andre nyttige opplysningar.

Skilt Øye kai

Oppslagstavla på Øye-kaia.

Det er ein raritet og ein parantes det skiltet som eg kopierer under desse linjene, men freistinga vart for stor:

Gammalt bruskilt Urke

Dette er og ei kunngjering. Dette skiltet skulle ha vore montert på endestolpen av rekkverket på brua over Urkeelva, men av ein eller annan grunn vart det ikke sett opp. Denne brua - utan noko endringar - heldt ei last på 85.000 kg + køyretøyet då tyngste utstyret til kraftverket kom siste vinter!

Men så tilbake til ærendet:

Vi vil ha stadnamn og vi vil gjere oss synlege, men vi vil ikkje ha gatenamn og husnummer. Dette vert for historielaust og framandt. Men vi vil ha det slik at vi kan finnast fram til og vi kan forklare kvar ein bur. 

Eg har merka meg at på Vartdalstranda er det enkelte gardbrukarar som har sett gardsnamnet med store bokstavtyper på løeveggane. Eg ser det som eit uttrykk for at ein vil markere at her ligg "vår" gard.

Gardsnamna bør takast vare på! Kva er vel då meir naturleg enn å vise namnet fram på eit pent skilt som kan sjåast. Då vil dei unge lære seg kvar dei ulike gardstuna finst og ta namna i bruk att. I dag er det stort sett dei eldre og vel vaksne som brukar gardsnamna.  Mange av dei yngre har ikkje fått med seg namna på gardane og tuna, og dermed er det fare for at dei forsvinn.

Dette har med identiteten å gjere.  Vi viser fram tilknytningar til gardshistoria. Gardsnamna er ofte henta frå namnet til ein brukar i eldre tid, gjerne frå 1800-talet eller tidlegare.  Men det er ikkje berre gardsbruka som har namn. Alle tomter har eit namn, og desse kan og nyttast. 

Ei slik ordning vil fungere som presise adresser og vil kunne knytast opp til det kommunale kartverket, like lett som gatenamn og nummer i tettstadane. Om ein tok gards- og bustadnamna i bruk i samband med postadressering, ville det og hjelpe til å halde namna i hevd. Eg merkar meg at i Norangdal brukar nokre gardsnamna (t.d. Øye, Skylstad, Norang) i telefonkatalogen.

Stilig skilt

Eit tenkt skilt kunne t.d. sjå slik ut. 15 cm høgt, 60-70 cm. breidt.

Men det finst andre variantar og:

Jensagarden

Eller:

Samdegarden2

Eg ser for meg at kvar gard og bustad kunne ha eit enkelt, stilreint namneskilt som er montert på løe eller helst våningshus. Storleiken må ikkje verte for dominerande, men helst omlag slik vi kjenner frå gateskilta i byar. Det ville vere fint om alle i bygda valde same skiltutforminga. Grendalaga kunne hatt ei rolle i val av skilt-utforming.

Nokre gardar har alt skaffa seg skilt i samband med romutleige e.l.

Knutegarden (2)

Enkel og grei utgåve. Biletet er kopiert frå trykk og burde nok ha heiltrekt kant som skiltutforming.

Og så til slutt har eg lyst til å vise at vi på ein enkel måte kan markere meir offentlege bygg. På Urke har dei funne ut at kaibygget skal synast fram og valt denne løysinga:

Kaihuset

Enkel og fin presentasjon av kaihuset.

Eg veit ikkje kva kostnader som følgjer med skiltproduksjon. Men eg veit at dersom ein kan få til enkle og samordna innkjøp, er det råd å oppnå innsparingar. Skal tru om grendalag eller landhandel kunne vere kontaktledd om ein ville gå til eit slikt steg som det eg har skissert ovanfor?

Og til slutt: Vi skal vere stolte at tuna og bygdene våre. Og vi må vise det.