La det vere sagt med ein gong - også eg er sjølvsagt for ein ny fleirbrukshall i Ørsta.  Likevel må spørsmålet stillast:  Skal denne fleirbrukshallen kome før nye gymsalar på Sæbø og Vartdal?

Gjennom fleire år har eg lese i Møre-Nytt - først og fremst - at det er svært så viktig og avgjerande for både det eine og andre at ny fleirbrukshall i Ørsta vert bygd no, nærast koste kva det koste vil.  Eg kjenner ikkje til kva syn Sæbø IL har i denne saka, men av lesarinnlegg i Møre-Nytt sist tysdag tyder mykje på at idrettslaget også prioriterer ny fleirbrukshall i Ørsta framom alt det andre, dvs. nye gymsalar/renovering av skulane på Sæbø og Vartdal.

Lidingshistoria til idrettshallen i Ørsta kjenner vi alle til, men det ser ikkje ut til at like mange - heller ikkje frå Hjørundfjorden - kjenner til dei håplause forholda i garderobe og gymsal på Sæbø.  At gymsalen på Sæbø for kort tid sidan fekk "nytt" tak kjenner nok likevel ein del til, færre veit nok at dette "nye" taket lek allereie.  Det er ingen veg utanom - Sæbø må få ny gymsal, dvs. det som vert kalla fleirbrukshall også her (mest av omsyn til evt. søknad om tippemidlar.

Ørsta kommune har knapt nok pengar til overs, men politikarane har - rett nok ikkje formelt - lova at no står renovering av skulane på Vartdal og Sæbø for tur.  For meg kan det sjå ut som om nokre, inkl. Sæbø IL, stikk hovudet i sanden og ikkje vil sjå problemstillinga.  Ny fleirbrukshall i Ørsta og nye gymsalar på Sæbø og Vartdal kan ikkje byggast samstundes.  Det må prioriterast.

IMGP7965 (Large)

Ny gymsal på Sæbø, eller ny fleirbrukshall i Ørsta?

Eg har i dag fått kjennskap til at Vartdal IL prioriterer renovering av skulen/ny gymsal på Vartdal framom ny fleirbrukshall i Ørsta dersom saka vert sett på spissen.  Sæbø IL må no kome ut av skapet og ta eit tilsvarande standpunkt for ny gymsal på Sæbø.

Etter det dei ivrigaste hevda kan ein evt. ny fleirbruksall i Ørsta finansierast av private.  I så fall er det bra.  Vi veit  at vi ikkje har sjanse til å finansiere ein ny gymsal på Sæbø på same måten.  Ein ny gymsal må finansierast av offentlege midlar og tippemidlar.  Noko anna realistisk finansiering har vi ikkje.

Samarbeidsutvalet ved Sæbø skule er klare på at Sæbø/Hjørundfjorden må få ha eit like godt skuletilbod som elevane i Ørsta.  Samarbeidsutvalet er like klare på at Ørsta kommune no må prioritere dei lovpålagde oppgåvene - som bygging- og finansiering av ny gymsal på Sæbø.  Bygging av ny fleirbrukshall i Ørsta er ikkje ei lovpålagd oppgåve.  Sæbø IL må vere like klar i si prioritering.

Eg ser at Sæbø IL skal ha omframt årsmøte på onsdag f.k.  Eg forstår ikkje heilt kva sak som skal takast opp på dette møtet, men konklusjonen må likevel vere klar:  Sæbø IL prioriterer  no - i den økonomiske situasjonen som Ørsta kommune er i - nye gymsalar på Sæbø og Vartdal framfor ny fleirbukshall i Ørsta.  Det skulle berre mangle.