La det vere sagt med ein gong - også eg er sjølvsagt for ein ny fleirbrukshall i Ørsta. Likevel må spørsmålet stillast: Skal denne fleirbrukshallen kome før nye gymsalar på Sæbø og Vartdal?
Gjennom fleire år har eg lese i Møre-Nytt - først og fremst - at det er svært så viktig og avgjerande for både det eine og andre at ny fleirbrukshall i Ørsta vert bygd no, nærast koste kva det koste vil. Eg kjenner ikkje til kva syn Sæbø IL har i denne saka, men av lesarinnlegg i Møre-Nytt sist tysdag tyder mykje på at idrettslaget også prioriterer ny fleirbrukshall i Ørsta framom alt det andre, dvs. nye gymsalar/renovering av skulane på Sæbø og Vartdal.
Lidingshistoria til idrettshallen i Ørsta kjenner vi alle til, men det ser ikkje ut til at like mange - heller ikkje frå Hjørundfjorden - kjenner til dei håplause forholda i garderobe og gymsal på Sæbø. At gymsalen på Sæbø for kort tid sidan fekk "nytt" tak kjenner nok likevel ein del til, færre veit nok at dette "nye" taket lek allereie. Det er ingen veg utanom - Sæbø må få ny gymsal, dvs. det som vert kalla fleirbrukshall også her (mest av omsyn til evt. søknad om tippemidlar.
Ørsta kommune har knapt nok pengar til overs, men politikarane har - rett nok ikkje formelt - lova at no står renovering av skulane på Vartdal og Sæbø for tur. For meg kan det sjå ut som om nokre, inkl. Sæbø IL, stikk hovudet i sanden og ikkje vil sjå problemstillinga. Ny fleirbrukshall i Ørsta og nye gymsalar på Sæbø og Vartdal kan ikkje byggast samstundes. Det må prioriterast.
Ny gymsal på Sæbø, eller ny fleirbrukshall i Ørsta?
Eg har i dag fått kjennskap til at Vartdal IL prioriterer renovering av skulen/ny gymsal på Vartdal framom ny fleirbrukshall i Ørsta dersom saka vert sett på spissen. Sæbø IL må no kome ut av skapet og ta eit tilsvarande standpunkt for ny gymsal på Sæbø.
Etter det dei ivrigaste hevda kan ein evt. ny fleirbruksall i Ørsta finansierast av private. I så fall er det bra. Vi veit at vi ikkje har sjanse til å finansiere ein ny gymsal på Sæbø på same måten. Ein ny gymsal må finansierast av offentlege midlar og tippemidlar. Noko anna realistisk finansiering har vi ikkje.
Samarbeidsutvalet ved Sæbø skule er klare på at Sæbø/Hjørundfjorden må få ha eit like godt skuletilbod som elevane i Ørsta. Samarbeidsutvalet er like klare på at Ørsta kommune no må prioritere dei lovpålagde oppgåvene - som bygging- og finansiering av ny gymsal på Sæbø. Bygging av ny fleirbrukshall i Ørsta er ikkje ei lovpålagd oppgåve. Sæbø IL må vere like klar i si prioritering.
Eg ser at Sæbø IL skal ha omframt årsmøte på onsdag f.k. Eg forstår ikkje heilt kva sak som skal takast opp på dette møtet, men konklusjonen må likevel vere klar: Sæbø IL prioriterer no - i den økonomiske situasjonen som Ørsta kommune er i - nye gymsalar på Sæbø og Vartdal framfor ny fleirbukshall i Ørsta. Det skulle berre mangle.
Kommentarar
Då er man komen langt.
Er det nokon som veit om tomta der fleirbrukshallen skal ligge i Ørsta er kjøpt.
Skal man søke om tippemidler må man starte på grunnen (tomta)
Man må eige tomta eller ha leigeavtale på 40 år.
På Sæbø er vel tomta kommuna si så då er det berre å sette i gang med planlegginga av bygget.
For vidare utvikling av spelarar over 10 år er vi avhengig av skikkelege treningsforhold som vi berre kan få om vi trenar på ei heil handballbane.
Vi er dessutan avhengig av å samarbeide med andre lag for å ta vare på og utvikle eit godt handballmiljø for dei eldste.
Vi har rett og slett ikkje nok ungdom på Sæbø til å stille eigne lag.
Handballen dett her "mellom to stolar" for vi er avhengig av begge delar og skulle ønske at desse to hallane ikkje blir stilt opp mot kvarandre.
Aller helst skulle vi ønske at vi hadde ein stor flott fleirbrukshall på Sæbø der heile Sunnmøre kunne møtast til kampar!
Var det så enkelt.....
"Då var det enkelt då...!"
Man får ikkje søke uten tomt.
Dere på Sæbø har no vel tomt klar?
Har man tomt kan man starte på noko.
Utklipp frå reglene til søknader.
Dei viktigaste vedlegga er:
kopi av kommunal plan for idrett og friluftsliv
kopi av politisk vedtak der søknaden er godkjend
kopi av tinglyst dokument som viser grunneige, eller leigeavtale av grunn for minimum 20 år
dokumentasjon på all finansiering. Ved kostnadsmessig store anlegg er det strenge krav til dokumentasjon i søknaden.
Dugnadsinnsats skal kalkulerast realistisk i høve til kva ein entrepenør ville ha teke for jobben. Lag som forpliktar seg til dugnad må gjera dette formelt med kopi av årsmøte– eller styrevedtak.
I Økonomiplanen for kommuna er 2 stk. gymsalar prioriterte.
Ein fleirbrukshall i ørsta sentrum tilgjengeleg for aktivitetar på fritid er å ønske,men sett i høve krav frå bl.a opplæringslova for grunnskulen er saka klar.
Først gymsal(ar), så vidare prioriteringar i samsvar med kommunal økonomi.
Skulle gym.sal-utbygging på Sæbø og Vartdal verte nedprioriterte til fordel for ein fleirbrukshall i Ørsta sentrum, får kommuna eit problem. Såvel moralsk som juridisk.....?
I denne saka må ikkje Sæbø I.L "lefle" med realitetar. Det er sjølvsagt freistande å flørte tabloid-aktig, men her må ein vere "steady-tour!"
I det nyleg framlagde statsbudsjettet vert det lova rentefrie lån til kommunene. Attende-betaling over 20 år.
Nett mynta på å finansiere ei gym.sal utbygging som på Sæbø og Vartdal.
Mari-Anne Bjørdal sin tankar om ein ordentleg hall i Bondalen er meir verd enn å ha i tankane.
I staden for at unge jenter/gutar med sportslege ambisjonar og talent må "verte frakta til Ørsta," kunne mykje gjerast på staden.
Vi hadde høvet for eit par-tre tiår attende,men lat det liggje.
Ei unik tomt for nett ein hall ligg mellom Holen bru og Riise. På årskog. Trygg for fonner og nesten midt i Bondalen.
Dette er ikkje utopi,....idear let seg realisere
Eg vonar unge krefter tek tak i ideen.
P.s
Klar for Aafk mot Bodø-Glimt. 3-1 til Aafk?
Slik er nok stoda. Eg var sjølv med på å stemme nei til eigedomsskatt, og no må vi fylgjene av det.
32 Mill pr stk
http://www.idrettsetaten.oslo.kommune.no/article.php?articleID=110196&categoryID=33972
http://www.orstaidrettspark.no/forprosjekt.pdf
Dei bygg no fleirbrukahaller til nesten det halve i Oslo
http://www.idrettsetaten.oslo.kommune.no/article.php?articleID=110196&categoryID=33972
Bygga i Oslo er no moderne og i forhold til
den gamle forma som hallen i Ørsta får.
Har det våre fleire alternativ vurderte for å få ned prisen?
En gymsal fram i Årskogane vil gi elevane 15 - 20 minutt å gå til og frå - og det vert for mykje.
Det vil og gjere at borna "inna fjåra" må ha skyss på Sæbøsida når dei skal på aktivitetar. Det vil verte fryktelig tungvindt.
Om ein ikkje kan bygge ved skulen er det bedre å rive gamleheimen og bygge fleirbrukshall der.
Ein ny gym-sal må sjølvsagt liggje ved skulen. Det er klart.Det er noko vi alle er einige om.
Men eg tillot meg å tenkje stort og framtidig,....ein hall på Årskog var ein uttale i høve Mari-Anne Bjørdal sine ynskje om ein fleirbrukshall på Sæbø, og sjølvsagt ikkje i "konkurranse" med ny gym.sal.
Eg innser at dette er eit prosjekt event. langt fram i tid. Men eg tillot meg i alle høve å tenkje tanken høgt!
Årskogane har aldreg vore heilt sentralt i dalen, og fortsatt er det for langt frå fergekaia. Tru meg - den vegen kan eg.... :-)