I dag var eg ein snartur bort i Bjørdalen, naturlegvis etter ein kopp kaffi, eller to, på Bellingen på Sæbø.  Kaffi og ein hyggeleg prat er alltid ein god start på dagen - særleg i ei grå og trist tid som no.  Eller er tida så grå og trist?  Sjølvsagt ikkje, berre sjå under.

Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

IMGP7958 kopi

Denne hytta ligg ved vegen ut til Sæbøneset.  Tek eg ikkje heilt feil tilhøyrer den familien Hame.  Berre ved å sjå på det velstelte bygget og blomane i haustfargar, forstår ein at eigarane trivst godt her.

Fotoet under et teke frå omtrent same stad.

IMGP7959 kopi

Diverre er det ikkje så mange folk å sjå når ein køyrer gjennom Sæbø og framover Bondalen. Ikkje er det så mange dyr å få augo på heller, men ein del sauer er det heldigvis att mellom gardbrukarane.  Eg veit ikkje om rasen under er den som gjev mest pengar i pungen, men så har vi siste dagane fått erfart at det finns andre verdiar enn kroner og øre...

IMGP7938 kopi

Kanskje ikkje mest økonomisk, men penast...

Men no gløymde vi nesten klassikaren - Slogen.  Javisst, det er snø på den også.  Den som er mykje ute og reiser med flyselskapet SAS veit sikkert at dette fjellet og området rundt nyleg vart omtala som eit av dei vakraste i magasinet "som ligger i lommen på seteryggen framom Dem)

IMGP7953 kopi

Slogen med Smørsskredtinden bak.  Ved Sagafjord Hotell på Sæbø var der i dag nokre måsar - mest ungfugl - som passa på.

IMGP7944 kopi IMGP7910 kopi

To flotte fjell. På bjørka som veks høgst til fjells er det nok ikkje så mykje lauv att, men ospa i låglandet(foto til høgre) er no på sitt vakraste.  Når underskrivne ser på desse fotoa med snø på toppane, må eg nok vedgå at eg tenkjer litt på skiturar.

IMGP7934 kopi

Men det er ikkje berre haustfargane som er vakre.  Berta og Thomas Kvistad sin hage like ved Kvistadbrua er vel ein av dei vakraste i dalen.  Sjølv no i midten av oktober er der friske fargar å sjå.

IMGP7899 kopi IMGP7905 kopi

Til venstre: Under vakre osper ser vi her smia til avdøde Molands-Iver på Moland på Årset.  Tek eg ikkje heilt feil er utstyret i smia inntakt enno. Til høgre:  Snø og osp igjen.

Eg er her litt usikker på kva kommunegrensa gjekk mellom Hjørundfjord kommune og gamle Ørsta kommune, men under ser vi to fotografi frå parkeringsplassen på Bondalseidet.  Må vel vedgå at fotografen truleg her er inne på Ørsta/Bjørdalen sitt område.

IMGP7921 kopi

IMGP7927 kopi

Då eg tok desse to bileta over stod eg like ved rv. 655 ved parkeringsplassen.  Eg visste ikkje før i dag at her var eit par små vatn/pøyter.  Men fine var dei...

For nokre år sidan fortalde Tore M. Aarskog meg at "eik før ask gjev plask" og "ask før eik gjev kveik".  Med det fortalde han meg at dersom blada om våren spratt ut på eika før asken vart det plask, dvs. ein regnfull sommar. Var det omvendt vart det altså kveik - ein varm sommar.

På fotoet under ser vi at eika har blitt gul før lønnen.  Kva tyder det tru?

IMGP7960 kopi 2

Nærast litt av eit epletre, så den gule eika - ordførareika og lengst bak storelønnen.  Den vart visstnok planta på 1880-talet.

Den som ikkje orkar å gå så langt for å sjå fine fargar, kan sikkert gå ein tur ut i eigen hage.  Den er sikkert litt meir pjuskete no enn for ei veke, eller tre sidan, men fine fargar er der sikkert likevel.

IMGP7962 kopi IMGP7963 kopi

Ein liten quiz til slutt.  På fotoa over er der nokre fjell.  Er det nokon som veit kva desse fjella heiter?  Eg tenkjer på eitt "hovudfjell" på kvar av dei aktuelle fotoa.