Underteikna skreiv forrige helg ein artikkel her på portalen om skilting, identitet og eigenverdi. Det kom gode kommentarar til innlegget og fellesnemnaren er at det er viktig å vere synleg og gjere grepa som viser kven vi er slik at vi ikkje framstiller oss som uinteressanne. Dette gjeld ikkje personleg synleggjering, men det handlar om bygdene våre.
Vi vil ikkje bli framstilt slik!
Ivar Svein Mo representerer Bygdemobiliseringa som har på programmet dette med skilting av vegar og råser. I Kulturvernlaget er det kome fram eit forslag om informasjonstavler lik den vi ser på Øye, men ein ønskjer heller å framstille ei informasjonstavle i form av eit grindbygg. Idèen er god, men så er det om det stoppar opp der..
Eit grindbygg i orienteringstavleformat ville bli fint. Oppe i gavlen: VELKOMEN TIL URKE.
På oppslagsveggen måtte det bli rom for å presentere bygda gjennom oversiktskart, detaljkart, interessanne opplysningar om bygda og gjerne og orientering om overnatting, handel og hytteutleige.
Eit tenkt eksempel på ei oppslagstavle om Urke. Rundt karta er det bilete og bør vere tekst om sjåverdige Haukåssætra, stabbura, kvernhusa, gamletunet på Lekneset, forslag til fjellturar, kraftverket, kaia m.m. (Klikkar du på biletet er det kanskje mulig å sjå fleire detaljar).
Eg har og teke til orde for at gardar og tun kan skiltast:
Når det gjeld skilting av eigen gard, eg det sjølvsagt ei privatsak.
Når det gjeld opplysningstavle, må vi kalle på "høgare" makter. Eg etterlyser altså:
Kven er det som kan gi svaret på framgangsmåten for å få på plass ei orienteringstavle i bygda? Er det Kulturvernlaget, Bygdemobiliseringa, Grendalaget, Reiselivslaget??
Kvar er den som har eit skarpt blikk og kan gi svar?
Ein del av innhaldet på tavla og oppsetting og stell av tavla, må ein nok bruke lokal dugnad på, men ein må sikre seg at det vert brukt bilete og tekster som toler ver og vind og utføringa elles må vere så varig og proff at ei opplysningstavle ikkje vert til skam for bygda når det er gått eitt år.
Eg oppfordrar personar (inkl. politikarar og komm. adm.) å ta opp tråden og sette på trykk ei rådgiing og eit svar på m.a. spørsmåla som er reist ovanfor.
Kommentarar
Du er no sjølv med i bygdemobliseringa.
Ta det opp med styret i laget dit.
Skriv eit brev til styret og få saka på bordet til neste styremøte.
Vi er no med i bygdemobliseringa alle i fjorden.
Er vi ikkje?
Det er vi som bestemmer kva bygdemobliseringa skal gjere framover.
For å utføre eit prosjekt som dette med tavler så må det veljast ein arbeidsleiar som lag og organisjonar sjølve kan bestemme, og sende forslag/søknad til Bygdemob. Styringsgruppa vil gjere eit vedtak og evnt.godkjenne vedkomande. Arbeidsleiaren står då fritt å velje kven han/ho vil ha ilag med seg. Styringsgruppa står då bak arbeidsgruppa som raporterar til styringsgruppa som støttar og hjelper til med søknadar, kontakt med det offentlege og tek ansvaret for økonomi.
Lag og organisjonar oppmodast her å kome med eit forslag til ein person som dei kan støtte og som vil arbeide for eit felles tavleprosjekt i Hjørundfjorden. Styringsgruppa vil halde møte rundt den 20. oktober og evnt. godkjenne eit slikt prosjekt.
Eit lite svar på spørsmålet ditt kan vere: Det gjeld å ikkje gi seg, men tenkje og drøfte vidare. Ei intiativ som ei slik "skilt-gruppe" kunne gjere er å leite etter stader/miljø som jobbar med det same, og som kanskje har kome på sporet av ein modell. For nokre år sidan syntest eg at eg snurten av noko slikt på Åland i Stryn, langs det som no er Panorama-vegen. Der fekk ein inntrykk av eit aktivt grendalag som det viste spor etter m.a. i skilting.
Kanskje?
Kva svarer Google?
Reiseliv er no vel med i programmet til bygdemobliseringa frå før?
Klart ikkje folket bestemmer kva styringgruppa skal gjere men går fleitalet i gruppa inn for ei sak dei får på bordet så må no det jobbes vidare med den i bygdemobliseringa.
Noko folk må bli flinkere til er å få saker opp på borda til styra i laga.
Husk når du er medlem i Grendalag -Idrettslag-Bondelag-Ungdomslag og andre lag så er det du medlem som former laget.
Send saker til styra.
Styra i laga sit der for å jobbe for medlemmene i laga.
I Bygdemobliseringa og Grendalaga er alle medlemmer.
Møt opp på årsmøta i laga og kom med nye idear.
Informasjon er naudsynt om ein skal kunne skape det Ørsta kommune har i tankane for Hjørundfjorden.
"Eit satsingsområde for turisme."
Overordna er det kommuna sitt ansvar å trekke dei store linene.
Trass i ordførar Fagerhol sin stadig iver etter å umyndiggjere Hjørundfjorden sin naturlege, geografiske og tradisjonelle kontakt med Ålesund, vert kontakta forsterka i samsvar med satsinga som reiselivet "nord i bya" ser for Hjørundfjorden.
Ørsta Reiselivslag må gjerne sjå det annleis, men tiltak og bedrifter vil få meir att med medlemskap i Ålesund Reiselivslag.
Bygdemobiliseringa er eit gode avdi det med konkrete tiltak er vorte sett fokus på Hjørundfjorden.
Kva har så dette med skilting og informasjon i bygdene i Hjørundfjord å gjere?
Jau, vent ikkje at nett dette området vert prioritert korkje av kommune eller Bygdemobilisering.
Ørsta kommune kan ein sjå bort frå, og ein felles strategi for Hjørundfjorden har eg ikkje tru på.
Skilt og informasjon må difor kvar enkelt bygd bere ansvar for.
Grendalag er oppretta nett avdi ei slik sak må verte prioritert.
På Sæbø er ein litt på veg. Informasjon over fjell og turar og om bygda generelt er sett opp av grendalaget.
I så måte undrast eg.
Kvifor er ikkje informasjonsportalen laga av Tomas Hustad og plassert i "Preste-hagen" med tanke på informasjon meir nytta?
Der heng det berre "loslitt" informasjon utgått på dato, meint for berre spesiellt intereserte....
Ei oppgåve sjølvsagt for grendalaget å finne ut av.