Så vi har i kveld greidd å overtyde kvarandre om at folk sikkert berre sit heime og ser på fotballkamp på TV og ventar på referat frå møtet. Dei er nok klar til å spele når dei berre får melding om kvar og kva tid dei skal møte opp.

 

Og korpsøving vert det torsdag 23. oktober kl. 19.00.

Stad for øvinga må vi få kome tilbake til.

 

MEN: Dette vert absolutt siste sjanse.

 

Om ingen grip den vert det definitivt 

17. mai utan musikk ved bautaen.

17. mai-tog utan leiing av korpsmusikk og det faste stoppet på riksvegen utanfor sjukeheimen...

Ingen musikk ved tenninga av julegrana på Sæbø.

Ingen julemarknad med korpsmusikk.

 

  Det vert fint for bygda vår det!

Korpsmusikanter 001

 Vil her vere eit korps for dei når dei er junioraspirantar over nyttår? 

 

For styret i Sæbø Skulekorps

Kari Stokke