Så vi har i kveld greidd å overtyde kvarandre om at folk sikkert berre sit heime og ser på fotballkamp på TV og ventar på referat frå møtet. Dei er nok klar til å spele når dei berre får melding om kvar og kva tid dei skal møte opp.
Og korpsøving vert det torsdag 23. oktober kl. 19.00.
Stad for øvinga må vi få kome tilbake til.
MEN: Dette vert absolutt siste sjanse.
Om ingen grip den vert det definitivt
17. mai utan musikk ved bautaen.
17. mai-tog utan leiing av korpsmusikk og det faste stoppet på riksvegen utanfor sjukeheimen...
Ingen musikk ved tenninga av julegrana på Sæbø.
Ingen julemarknad med korpsmusikk.
Det vert fint for bygda vår det!

Vil her vere eit korps for dei når dei er junioraspirantar over nyttår?
For styret i Sæbø Skulekorps
Kari Stokke
Førebilete og rekruttering er viktig for korp (13.10.2008 kl. 14:19)
Eg har dirigert Dalane skulekorps sidan hausten 2006. Å ha gode førebilete er viktig for rekrutteringa, også til korpsa. Dalane skulekorps brukar gjerne folk frå Follestaddal hornmusikk som gruppeinstruktørar på øvingshelgar og som støttemusikantar, når det trengst. Dei unge ser opp til dei vaksne musikantane, og det er svært å få spele i lag med dei som er eldre og meir rutinerte. Kontakt mellom dei unge og dei vaksne musikantane er veldig viktig for miljøet. Dermed kan ein også på sikt styrke rekrutteringa til vaksnekorpset.
På Dalane er det ein gjeng flinke og engasjerte foreldre. Nokre av dei er også med og spelar i lag med skulekorpset, noko som berre er kjekt. Også ein bestefar er med. Det vert eit bra miljø når det er sånn.
Dalane skulekorps har også juniorkorps, som er eit samspeltilbod til dei som snart skal begynne i hovudkorpset. Integreringa går lettare og meir gradvis når dei yngste får eit tilbod på sine premissar. Eit liknande tilbod har dei også i Hovden og Ørsta skulekorps.
I sommar var fleire av Dalane skulekorps sine musikantar på NMF sine sommarskular i Ørsta og på Eid. Der fekk dei instruksjon av profesjonelle lærarar, og blei kjende med musikantar frå andre korps. Det var kjekt, motiverande og lærerikt, syntest dei.
På Vartdalsstranda ser det ut til at dei har fått opp att interessa og entusiasmen for korps, etter at korpset hadde lege heilt nede i mange år. I dag er dei veldig mange, og vaksne og barn spelar i lag. Eg er imponert når eg høyrer det korpset spele. Det dei har fått til der ute er heilt fantastisk.
På Bjørke var det generasjonskorps, og det fungerte veldig bra når dei unge og eldre spelte i lag. På det meste var det mellom 15 og 20 i korpset. Pr i dag er det ikkje grunnlag for noko korpsaktivitet. Dei yngre musikantane vart vaksne og flytta ut. Det var også lite rekrutteringsgrunnlag, lite ungar i bygda.
Ann-Helen Sørhaug
Det er musikanter vi trenger (13.10.2008 kl. 14:14)
Dirigent har vi faktisk fått i dag og vedkommende har stor tro på at om noen skal få til dette så må det være Sæbø:)
Kari Stokke
Oppklarande Kari.. (13.10.2008 kl. 13:42)
Fint at du kom med ein oppklarande versjonen. Med andre ord er det ynskjeleg at tidlegare hornmusikkarar møter opp og hjelper til då, ved å ta fram hornet på nytt?
Ivar Svein Mo
(13.10.2008 kl. 09:40)
Det er vel ikke helt rett at vi mangler dirigent slik vi driver i dag, men får vi til noe på Sæbø må vi selvfølgelig ha egen dirigent. Økonomien er heller ikke hovedproblemet slik vi driver nå. Problemet er at vi mangler musikanter. De to aspirantene våre får opplæring gjennom kulturskulen i Ørsta. I fjor fikk de opplæring på Sæbø, men kulturskulen ville ikke komme til oss i år siden det bare var tre som meldte sin interesse. De må derfor reise til Åmdalen og dermed falt den eneste nye aspiranten ut. (Han får imidlertid opplæring hjemme, for han SKAL og VIL! begynne i korps). De to korpsmedlemmene våre får øve og spille med Dalane skulekorps og vi betaler vår del av dirigentkostnadene der. De er ikke så mange i Dalane heller, men mange nok til at det blir et lite miljø og musikantene våre trives godt der borte.
Men det er ikke ideelt å måtte reise til Åmdalen når man bor på Urke og er avhengig av fergene.
Klarer vi ikke å få i gang et tilbud på Sæbø mister vi dem for godt, for disse fire VIL spille.
Da vi innledet samarbeidet med Dalane var det for å redde stumpene og opprettholde tilbudet til de som ville fortsette. Vi hadde 5 - 6 eldre musikanter som var blitt flinke og som kunne tenke seg å fortsette å spille, men det hadde ikke noe for seg å fortsette aleine på Sæbø. De hadde ingen utvikling og var ikke fornøyde med situasjonen. Men: Noen av dem pendlet allerede til Åmdalen på håndballtrening og syntes det ble mye reising. For andre kolliderte øvingstidene med treningstidene til fotball.
Vi hadde et håp om å få rekruttert nye aspiranter til undervisning gjennom kulturskulen, men det har vi ikke klart. De fleste korps har aspirantopplæring gjennom kulturskulen, men på Sæbø har ikke det vært vanlig. Det koster kr. 2.600,- pr. år og det kan hende det er der problemet vårt ligger - at folk synes det blir for dyrt?. Men det er det mest stabile alternativet når en til nå ikke har hatt lokale krefter som kan, eller vil ta på seg aspirantopplæringen.
Kari Stokke
Kva kan vi gjere? (13.10.2008 kl. 00:06)
Hornmusikk, ja det er sjølvsagt og det er tradisjon på 17.mai. Som eg forstår så er dei som er leiarar i ferd med å gje opp og dei manglar dirigent. Kva kan vi gjere? Ei kronerulling for å få inn midlar til å betale ein som er kvalifisert for å lære opp nye musikarar? Her må vi vere snare i vendinga så det ikkje vert slutt. Til Unn: Den dårlege responsen på dette kan være at mange har vore på Strynemesse i dag og ikkje har sett artikkelen.
Ivar Svein Mo
Vis interesse !! (12.10.2008 kl. 23:36)
Håper mange møter opp for dette er viktigt for bygda.Blir ein bra stille 17.mai dersom vi ikkje skal ha korps.Ej he desverre berre vore drilljente,så de blir ikkje so mykje lyd av de:)
Wenche Strand
Lite respons (12.10.2008 kl. 12:21)
Eg er overraska over at ikkje Kari har fått meir respons på dette innlegget. Er det ikkje så viktig lenger med korpsmusikk? Slik det ser ut no så trur eg nok at Sæbø må greie seg utan korpsmusikk neste 17.mai. Dette synest eg er svært synd, men kanskje er det berre eg som synest at ein 17 .mai utan korps er det same som julaftan utan julemiddagen. Korps i toget er noko som gir meg høg ståpelsfaktor.
I min asyl her på Dalane opplever eg at folk her har ei heilt anna haldning til korps. Det er veldig populært og det er folk i alle alderar som spelar. Den eldste jenta mi MÅTTE berre få byrje å spele kornett i år sjølv om ho ikkje er stor nok før neste år. Eg håpar interessa hennar held seg, for etterkvart har mor i huset planer om å delta, så om noken har ein kornett liggande så låner eg den gjerne, så slepp vi å sloss om den eine vi har i huset.
Elles vil eg be instendig dei 4 musikantane som er att i Bondalen om å stå på!
Unn Frøland
Bjørke. (11.10.2008 kl. 02:02)
I haust har det ikkje våre øvinger i Bjørke Hornmusikk.
Om dei legg ned så er det beklagelig.
Det kan sjå sånn ut seier lederene.
Blir stilt på 17 mai her og da.
Vi får prøve å ta med øvinger på horn av til på Haukly Musikkverksted for den som vil det.
Vi kan no og prøve å få til øvinger for fele og trekkspill og dersom interessa er der.
Perry Bjørke