Den observente lesar vil sjå at agnet på kroken er reke. Reke som i 1989 vart forbode som agn av Direktoratet. Eg argumenterte sterkt imot dette og fekk forståing for argumenta, men ikkje gjennomslag.

Eg peika på at  reke som agn ikkje førde til at smolt/aureyngel vart oppfiska/skadde som ved bruk av makk. Dei bit nemleg ikkje på reke. Det er vel og eit "tankekors" at levande agn i 2008 framleis er lovleg....

Vel, eigentleg var det ikkje dette denne artikkelen skulle dreie seg om. Men om ein katt, ei reke og då den kanskje framste venen av Bondalselva og Sæbø/Bondalen eg har lært å kjenne.

Eg hadde på åtti-talet ein katt eg fekk av syster Berit som eg kalla Salomon Salar. (Kva elles...?  ( Som kattar flest var det ein vilter krabat, ein individualist som gjekk sine eigne vegar.

På den tida kunne ein utan redsle for at fiskeutstyret skulle verte stole ha fiskestonga ståande "utahus."

På Hjørundfjord Camping budde Sæbø-venen Jon Rødland. Han skulle sedvanleg opp om morgonenog fiske, og som den pertentlege karen han var hadde han gjort fiskestonga klar med fersk reke på kroken. Stonga stod tett utanfor campingvogna.

Eg skulle sjølv opp og fiske og lande x-antal pjakk/laks....  Idet eg opna døra møtte katten Salomon Salar meg med ei stor reke godt forankra i kjeften.... I tillegg var det omlag 20 cm sen med bly på som hang og slong. (0.35 mm sen tyda på at katten hadde hatt ei hard tørn!)

Eg skjøna raskt kva som hadde skjedd og utelukka mi eiga stong avdi eg eigna først reke når laksen var innan rekkevidde i elva. Noko som han vanlegvis snøgt var.... Turen i elva vart utsett for meg. Eg måtte roe katten ned til eg fekk tak i dyrlege.

På campingplassen var det stort oppstyr om morgonen. Nokon hadde vore og stole reke, forsen og bly frå Jon Rødland si stong!  Frå han av alle.  Omgjengeleg med berre vener!

"Nei, no er ei barriere brutt på Sæbø, fiskestanga får ikke lenger stå i fred. No må jeg ta ho inn i vogna!" Sa Jon.

Humørspreder og verbalt aktivt var den same Jon Rødland, og historia om reka som forsvann var samtale-emne lenge frametter på campingplassen. Inntil eg løyste mysteriet med å fortelje om katten og reka.

Men det tok si tid før eg fekk overtydd Jon om kva som hadde skjedd. Og i ettertid undrast eg over  om ikkje "Rødland"  (som vi kalla han) var litt stolt over "tjuveriet"......Det måtte nemleg tyde på at ein storfiskar skulle frårøvast kunnskap og viten på ein så simpel måte!

Katten Salomon Salar kom seg til att, men det gjekk berre nokre veker då han kom heim med nesten avkutta hale. Eg måtte berre gjere det naudsynte og klippe halen av.

Eg freista trøyste han med at han fekk nytt namn. Frå då av heitte ikkje katten lenger Salomon Salar, men Salomon Halar....

 

P.S    Eg fekk lyst å leggje inn denne vesle historia for også å understrekje at historier, quiz og turar er viktige innslag i ein heilhiteleg portal. Det tek eg meg friheita å seie.

Frametter vil eg leggje inn i mine augo artige historier frå elvefiske og elles daglegliv på på Sæbø som eg har notert ned og ellest minnast frå familien Strand "sin kome" til Sæbø. For om lag 50 år sidan. Eg vil i tillegg jakte på bilete som fyller ut det skrive.

Eg tillet meg elles, for å vere litt høgtideleg, å dedikere denne vesle historia til den fremste venen av Sæbø/Bondalen og Bondalelva som eg har kjent. Og eg kjenner og har kjent mange!

Den same Jon hugsar eg bl.a frå min 50-års dag då han las opp eit fantastisk dikt om staden han sette så stor pris på. Dette skal eg freiste få tak i og vonleg kunne presentere her på portalen saman med det finaste biletet eg finn av "Rødland" frå miljøet her!