Silje Anette Sandnes frå Ørsta + våre eigne Malene Aambakk og Else Marie Stokke, var tirsdag innkalla til regional Landslagssaming i handball i Nidarøhallen i Trondheim.

Trenarar var Geir Tore Leira, Mia Høgdal og Henning Kruger.

"Regionalt LandslagsMiljø er primært for de som er født i aldersgruppen 15/16 til 17/18 år og dannes av landslagsaktuelle spillere fra hele regionen."

"Har som mål å gi ambisiøse, motiverte og unge håndballtalenter en kartleggingsarena for våre yngre landslag." 

RLM 1

Frå oppvarminga, f.v. Malene, Silje Anette og Else Marie.

RLM 3+

Jentene hadde ei kjekk trening som ikkje berre var alvor. Her var det om å gjere å treffe den andre på kinnet tre gangar. Malene vann..

 

RLM 4

Litt bryting fekk dei også prøve seg på. Målet var å snu kvarandre over på rygg men som vi ser var Else Marie umuleg å snu.

 

RLM 7

Det vart også tid til litt teori innimellom to harde økter med trening. Jentene var lydhøyrde og fekk lære mykje nyttig.

Jentene var nok litt nervøse for her gjaldt det å vise fram kva dei var gode for, men sjølv om det var mykje alvor hadde dei det kjekt og fekk lære mykje nyttig som dei også får bruk for i den lokale handballkvardagen.
Alle tre håpar no naturlegvis at dei får vere med vidare!
Uansett hadde dei ein fin tur og greidde seg flott blant 25 andre flinke handballspelarar.
Veien mot landslagspel er hard men slett ikkje umuleg!

RLM 6

Malene, Silje Anette og Else Marie saman med landslagstrenar Geir Tore Leira.

Sivert Årseth er også med vidare og skal møte i Trondheim 27. oktober!